onsdag 15. august 2012

Øyhopping med sykkel - Ona

"-Kva heiter det der vi skal av?" 20 syklar, folk med bagar og sekkar, svett billettør og veldig mange øyer som heiter noko med H. Askvolldamene er på øyhopping, og er i ferd med å krysse fogderigrensa.

Harøya på austsida. Romsdalen. Nesten Danmark. Flatt, sol og vindmøller.

Det var kortare over enn vi hadde trudd. Bunkring på Coop'en. Finnøya neste. Det einaste som kunne vore betre var setet på sykkelen. Grueleg vondt bak etterkvart.

På moloen over til Finnøya.

Finnøy havstuer.

Finnøy havstuer - inne

Det som er verkeleg fint med desse øyene er at alt er på same plass! Ferjekaia, Finnøy Havstuer (med fantastisk god fiskesuppe!), badelandet "Håp i havet" og motormuseet ligg vegg i vegg. Det er sjeldan vi har så herskapleg venting på ferja som her.

Ona sett frå ferja omlag ved Sandøy

Ona sentrum

Det var ei fantastisk ferjereise over til Ona. Vi hadde kanonver, ferske sveler og plass framme ved glasa. Ona viste seg lekkert fram frå alle kantar. 

Då vi kom fram var vi utkvilt, høge på sukker og klare for å vere turistar. Ona er kjent for ein del ting, og vi skulle sjølvsagt teste alt. Med ein gong. Innlosjeringa på Ona havstuer tok omlag 5 minutt, og etter eit kvarter hadde vi handla keramikk. Det er jo heile to keramikarar og ein bildekunstnar ute på holmen. Kva er det med holmar i havet og kunstnarar skal tru? Likskap og ulikskap med Bulandet vart diskutert. Fyrmeisterbustad og fyr saumfart.

Ona fyr

Sykling på Husøy

Det er ikkje det at det er så lange avstandar på Ona, men har vi sykkel, så har vi sykkel. Husøy og Ona heng saman med bru, og vi for over museum, galleri, fyr og gravstad. Vi slurvar ikkje med turismen når vi fer.

Nina og eg hadde dessutan forbant oss på bading. Lengst aust på Husøya var det ei kjempefin sandstrand.

Det er jo litt greiare med bading når det SER ut som Syden.

Vestlandssommar!

Vi slappa av på stranda til det var på tide å fli seg til middag. Tacobuffet med påfølgande OL-handballfinale. Lang dag med mange inntrykk og mykje fliring. Avrunda med nasjonalsongen. Betre vert det ikke.  

Tett i tett. Godt naboskap?

Skodda låg tett om morgonen. Vi var nøgde likevel og hadde i grunn sett det meste dagen før. Retur same veg: Ferja, over Finnøy og denne gongen på vestsida av Harøya om Morsundet.

Gammal og ny fornybar energi. Torvtak og vindmøller.

Eigen skiltnorm her ute..

Siste ferjeventinga vart unnagjort på fine svaberg ved "StoreRasmussteinen". Vi tek med oss dei kulturminna vi kan få.

Lovlydige er vi og.

Siste etappe på "Tour te Nordøyane" unnagjort.

Sykling på Nordøyane er supert. Korte etappar, mykje å sjå. Ona var verkeleg verdt turen ut, det er eit spesielt samfunn langt der ute i havet. Kjekt med Askvollbesøk var det og. Eg er heldig! 

Eg kunne ha avslutta innlegget med eit bilde av sovande damer på hurtigbåten, men fordi eg er snill og grei så vert det:

Ona Havstuer og Ona fyr

Kart

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar