lørdag 21. mars 2020

Marsnatt i naturen

21.03 Mars hadde vore ustabil, reint vermessig, og brått slo koronapandemien inn over oss i tillegg. Byger og regn skulle i teorien ha pause frå fredag til laurdag, og vi la i veg med fokus på kortreist. Sula sørside hadde potensiale for hengekøyenatt! Eg hadde sjekka vermeldinga ofte og pakka etter den, og kanskje sett mindre ut av glaset... Snøen lava ned under køyreturen og då vi møttes på parkeringa. Vi var ikkje heilt sikre på kvar stien starta, sjølv om vi hadde gått den i lag før. Så litt surr og rot med tunge sekkar før vi fann ut av det. Skal ikkje undervurdere korte turar!

Og no snur eg historia bak fram. Det var nydeleg å ta morgonkaffien i sola! Ho varma for første gang i år! Vi var på ein flott stad med gammal skog dekt av lav og mose, fjordutsikt og kulturlandskap rundt kvar ein sving.

..og om litt er kaffien klar. Slike morgonar er gull verdt!

Køyene våre: Ticket to the moon og Amok

Storfjorden 

Soloppgang over Storfjorden og Sykkylvsfjell

Kaldt og frosen sludd i køya då sola stod opp


Hengekøyeperspektivet

Vi pakka og la ut etter vermeldinga, og for ein gongs skuld så stemte den ikkje heilt. I staden for opphald kom det sluddbyge etter sluddbyge, den eine med større snøfiller enn den neste.
Det var umogeleg å få fyr på bålet, alt var vått og sluddfillene slokte fyrstikkene etterkvart. 
Bakken vart kvit, og vi fann ikkje ved eller alternative oppfyringsremedier nokon plass.  



Litt laber stemning, så vi pakka saman for å fare heim. I 23-tida stilna det og letta opp. Ein klår stjernehimmel. Mørkeblåtimen. Så vi ombestemte oss ein gong til, gjekk ned att og hang opp køyene. Tarp hadde vi ikkje med, og det kom sjølvsagt sludd og snøklumpar ned frå trea om natta. Hengekøyene fanga det fint opp, meir som ei trakt, og alt la seg som ein smeltevassdam under rumpa. Mykje læring. Men når morgonen blir fin blir frysinga gløymt og stemninga på topp. 

lørdag 7. mars 2020

I skitrekk med Sygni

7. mars Sygni og eg klarar oftast å få oss EIN dag i trekk i lag i løpet av sesongen. I år traff vi perfekt med ein finfin dag på Overøye i nye Fjord kommune. Vi var litt spente på formen, men jammen låg ikkje skiteknikken og ulma ein stad langt der inne, og det vart tre kjekke timar i bakken før skrotten sa stopp. Mykje hyggelegare å vere her inne i vårsola i mars enn i romjula og kalde januardagar. Nypreppa og fine løyper og akkurat passeleg med folk. Favorittrekket!

Husmorferie!

Flotte løyper og flott landskap! 

fredag 28. februar 2020

Februarnatt i naturen

19. og 25. februar. Februar var generelt ufyseleg. Vi skjønte at utenatta kom til å verte utfordrande.    - Kva om vi googlar gapahukar? kom det frå Synnøve ein dag. Som sagt så gjort. Med nyvunnen kunnskap for vi på rekognosering, med fleire potensielle turmål i sikte. Blink på Solnør. Sjarmerande plass ved elva. Vi hadde ein plan! 

Solnørelva i februar

Rekognosering

Vått, sludd, og berre halvtriveleg ver. Vi fann stien langs elva og gapahuken. Kul plass. Takk til Skodje JFF for strålande tilrettelegging!  

Det gjekk heilt til 28. februar før vermeldinga var rimeleg att, og no måtte vi ut for å rekke overanttinga! Nysnø og kaldt. Tidleg solnedgang. 


Vakkert! 

Kvelden kunne fort blitt lang, men med bålpanne og godt selskap for tida avgarde. 

Leggetid med både frostrøyk og bålrøyk

Morgonen etter. Det var pinnkaldt i lufta, rimfrost på alt, men vi hadde begge overlevd natta. Synnøve mumla noko om ny sovepose. 

Vakkert morgonlys. Ein liten oter kom oppover i elva for å helse på. 

Rusletusle heimover i skikkeleg vinterwonderland.

Det låg an til ein flott vinterdag, og vi hadde ski i bilen. #alltidberedt! Det vart morgontur i nypreppa fantastiske løyper frå Brauta og rundt Mevatnet. Sol, silkeføre og eit par "Stikk-ut!" ski-postar resulterte i to veldig blide damer. Utover ettermiddagen skya det over, så vi følte vi fekk maksimalt ut av skotårsdagen.  




mandag 20. januar 2020

Bølgeleik på Vigra

19.01. Vind og regn, regn og vind. 2020 starta grått, og padleabstinensane hadde bygd seg opp i vekesvis. Skiføret er heller ikkje noko å skryte av for tida. Då det endeleg vart eit lite vervindauge på ein søndag var  vi klare for leik og moro til sjøs.

I Mallavika slo bølgene store inn mot stranda og det var ikkje lange padleturen før vi fann gode forhold for leik og moro. Eg kjente meg litt rusten, og var kanskje ikkje så offensiv, men det vart uansett nokre fine surfar, ei rulle som satt og flotte bilde!

Vårleg og fint! 

MYKJE vatn i sving
 
neste surfbart på spot nummer ein


Heilt surfbart på spot nummer 2
 

Innhenta av skum..
 
Ups! Kva skjer? Øystein avsluttar surfen med baklengs piruett

Svusj...

...svusj...

....splæsj!!!

Det gjeld å vite når ein skal halde att litt og. 

 
1, 2 3.... DYKK. 
Både Hammer'n og mannen kom opp til overflata att og avslutta med ein baklengs skru ut av brottet. 
   

søndag 19. januar 2020

Natt i naturen

17.01 Synnøve og eg gjorde avtalen allereie tidleg i desember. Neste år blir det minst ei overnatting ute - kvar månad! 2020 kom, med store dosar regn og stiv kuling. Så då er det "timing" som gjeld. Fredagen hadde vi eit lite vervindauge, og gjekk ut med hengekøyene i nærområdet. På Aksla, med utsikt over byen, fann vi fine tre.



Første natt i naturen gjennomført. No er vi i gong! Ekstra poeng for å nytte nærområdet, og gå til og frå denne gongen!

Læring:
Tarp og vind er ei utfordring
Exped underlag mot kvist vert fort lange flenger, og då fer duna ut fort! Provisorisk løysing med sekkar som underlag gjekk betre enn frykta.
Timing is everything. Heime att til luksusfrukost nett då regnet kom.

Eg er og litt forundra på kor mykje lys vi har på om natta. Treng vi verkeleg det?

Link til alle "Natt i naturen"-turane våre i 2020