lørdag 10. mai 2014

Jostedalsbreen på langs - dag 4 og 50 shades of white

3.mai. Vekkeklokkelyd. Absolutt ikkje stilt. Vinden ruska og reiv i teltet. Det var kvitt ute og første reaksjon var å krype langt ned i dunposen for å vere der resten av dagen.

Nordpolen? Her ETTER at vi har gravd fram pulkar og teltdør...

Vi sette i gong morgonrutina, med vassmelting, frukost, linser (for å sjå - hahaha) og førebyggande gnagsårteiping. Vi var ikkje særleg effektive for det var ingenting som freista på utsida av teltet. Veret hadde skifta fort fleire av dagane og eg hadde i alle fall eit håp om betring. Etter eit par timar var det likevel tydeleg at moder jord ikkje hadde tenkt på noko snarleg endring av verstellet.

Kva er status? Kor dårleg ver er det? Eg trur vi oppsummerte omlag slik: Det er fint mogleg å bevege seg trygt og framover i dette veret. Vi har komme for kort til å berre verte liggande i ro. Det er framleis lurare å gå vidare (flatt breplatå) enn å snu (brefall), men det begynner å sjå ut som vi totalt sett treng ein dag til? Vi har fungert fint i whiteout tidlegare. Vert det for kaldt, så sler vi leir. Om vinden frisknar på meir enn no, så sler vi leir. Litt sortering i hovudet, og då var det ikkje så gale å gå ut likevel. Det var i alle fall lyst.

Therese er klar! Ny dag - nye moglegheiter!

Alt utstyret såg slik ut om morgonen. Ski, stavar, telt. Pulkane var heilt vekke i snøen. 

Det var litt lettare akkurat då vi starta å gå. 

Det var kaldt, vind og dårleg sikt. Eg hadde både netting og Lanullva under skalkleda. Vi gjekk på kompasskurs. 

Nina justerar kursen i whiteout.

Systemet er enkelt: Vi tek ut ein kurs som alle er einige om. Den som går først sjekkar kursen etter 100 skritt og justerar. Etter 15. minutt går førstemann ut av løypa, slepp dei andre forbi og går inn bakerst. Nr 2 går fram, fortsett på kursen, 100 skritt, sjekk osv. Det går ikkje kjempefort. Men det går. Ein må stole 100% på kompasset. Hovudet vil i alle retningar. Nokre gonger greidde vi å gå ganske rettt fram. Ofte måtte vi justere 30-40 grader på kursen etter 100 skritt. Det er tungt å gå først, men du veit at du greier 15 minutt. Belønninga var å få ligge bak i spor og å ha noko å feste auga på dei neste 15 minutta. Med dette systemet hadde vi god kommunikasjon, delte på og sparte på kreftene og hadde stålkontroll på kvar vi var. Ca annakvar time kontrollerte vi med å ta ut GPS koordinat og evnt ta ut ny kompasskurs. 

Utsikta store delar av dagen. Slitsomt å gå først og ha dette som einaste referanse i verda. 

Det er meir mentalt enn fysisk krevjande å gå i whiteout. Eg høyrde stemmer, såg bygningar og hjernen gjekk på høggir. Det var akkurat som hovudet kompenserte for alle sanseinntrykka som BURDE vere der. Etter 3,5 time slo vi opp teltet, kom oss inn og åt lunsj. Denne dagen tok vi ein lunsj-lur på 10-15 minutt. Det var heilt umogleg å vurdere temperaturen, men vinden tippar eg var 12-14 m/s på det jamne store delar av dagen. Om det vart ei glipe mellom finlandshetta og brillene så var det som å stikke seg på isnåler. Det var berre å snøre att. Det som var mest overraskande var at det eigentleg gjekk ganske greit.  Inne i hetta mi gjekk eg og tenkte på at her går eg glipp av eit vakkert landskap. -Her må eg gå igjen, tenkte eg. -Tenkt at eg går "Josten på langs" utan å at det kjennes ut som eg verken går eller har vore nokon plass!

Denne dagen sette eg ekstra pris på turfølgjet mitt! For nokre damer! Konstruktive, kontrollerte og blide. Ingen klaging. Ingen syting. Ikkje noko prat om dårleg ver eller seint eller slitsomt. Vi jobba på med høg moral. Det var ingen tvil om det. Heile dagen.

Timane gjekk og verda var framleis kvit. Kvitare. Nesten grå. Og kvit att. 

Klokka var åtte om kvelden. Då skjedde det noko...

BLÅ himmel bak der jo! 

Skylaget sprakk opp, lyset endra seg og vi fekk endeleg ein HORISONT å gå fram i mot! Vinden stilna og det vart rett koseleg å gå vidare. 

Dette kjentes ut som himmerike! Sjekk DEN utsikta då! Ein skikkeleg HORISONT!!!

Høgste Breakulen

Nydeleg!

Vi fekk nye krefter, og på dei siste to timane med sikt gjekk vi like langt som vi hadde gjort på ca 6 timar i whiteout tidlegare på dagen. 

Kveld og camp!

Klokka var halv ett då eg kraup i soveposen med dagens siste Real turmat. Resten av turen var lang på kartet, men vi hadde mat til ein dag ekstra, og såg igrunn ikkje så svart på det. Det teikna til å verte ein fin ny dag, og vi låg på eit stort kvitt platå med rå utsikt mot ville fjellsider. 

Vi hadde møtt eit turfølgje på tre i løpet av dagen. Dei hadde snudd og skulle nordover att. Vi lurte litt på kva dei andre turfølga og organiserte gruppene gjorde. 

Dag 4 - jobbedag!

16 km
Det var kun slake stigningar med 50 - 100 lange høgdemeter her og der. 


torsdag 8. mai 2014

Jostedalsbreen på langs - dag 3. Smått og Småttene

02.05 Dag 3. Vekkeklokkelyd. Spent i teltet. Det var heilt stilt ute og frykteleg tidleg! JIIIIHAAAA! Gledeshyl då glidelåsen gjekk opp. SOL! VINDSTILLE! Lodalskåpa låg i all si prakt framom oss.

Å for ein strålande morgon!

Heilt greit med eit glimt av det flotte landskapet vi hadde gått gjennom i går men ikkje sett snurten av. Eit par timar seinare var vi klare for Lodalsbrekka. Spora frå i går var vekk etter snøbyger og vind utover kvelden. Ingen nye grupper hadde starta på brekka. 

Lodalskåpa (2083 moh) og Småttene til venstre. 

Vi var usikre, men bestemte oss for å binde oss inn i tau og ta det derifrå. Det var vanskeleg å få oversikt over brefallet ovanfrå. Breutstyret måtte likevel på for Småttene seinare på dagen, og ingen av oss var interessert i å ta sjansar. Vi hadde og ei klar meining om at det var lettare å ta av tau om det viste seg å vere easypeasy enn å ta det på om vi brått trong det. 

Lodalskåpa og Strupebreen til venstre. Therese ordnar hovudtauet til høgre.

Innbunden etter alle kunstens reglar. Trur eg. No er det berre å halde styr på dette her då..

Vi starta på brekka. Det var store bresprekker til høgre for oss, men vi heldt til venstre og der var det tilsynelatande greie forhold. Det vil seie. Det er ikkje veldig greit med tau, pulkar og ulike skiferdigheiter når alt skal samordnast og koordinerast. For å ta nokre av utfordringane: Førstemann må tenke på korleis bevegelsen vert for dei bak, den i midten er på ein måte fast og den bak får all vekta som dreg i alle retningar. Pulkane vil ned bakken, og ikkje i same mønster som oss. 

På med langfell. Prøve parallellkøyring. Det gjekk seint og det var utfordrande å stokke ski, bein, armar, tau, stavar og posisjonere seg i høve til kvarandre. Eg trur vi alle vart litt frustrerte og vi hadde begynt diskusjonen om vi skulle binde oss ut. Då kom det ei gruppe nedover breen, som verka lokalkjent, og som køyrde ned enkeltvis utan tau. Gjett om vi var kjappe ut av taulaget!! No hadde vi spor og ca 15 stk framom oss som hadde testa at det ikkje var sprekker i det sporet.

Resten av brekka gjekk som ein leik og var gjort på ca eit kvarter. Eg testa bremsetau for første gong. Det gav stålkontroll på pulken, og eg kunne køyre i fine svingar nedover. Vi brukte nokre timar denne formiddagen som kanskje ikkje gav all verdas framdrift, men som i alle fall gav meg mykje lærdom. 

Botnen på Lodalsbrekka. 

Ja, det er bre. Ja, det var sprekker oppom her. Vi kom ned til høgre på bildet, og det var greit på supre snøforhold tidleg i sesongen. Eg har ein mistanke om at Lodalsbrekka kan by på større utfordringar under andre forhold. 

Folksomt ved foten av Småttene. 

Det viste seg at det var fjellsportgruppa til Lillehammer turlag som hadde passert oss i Lodalsbrekka. Dei var rett så trivelege, hadde starta på Sota sæter og spanderte sjokolade på oss. Gjengen som drog ned kvelden før hadde heller ikkje komme lenger, og organiserte taulag medan vi åt lunsj.

Organisering av taulag

Småttene, here we come!

Mesteparten av vekta på ryggen. Bittelitt i pulken. Snøbakke først, så inn i blåbreområdet.


Underlaget vart hardt, bratt og skrått. Fellene fekk ikkje feste, og etterkvart måtte vi stole på stålkantane. Skistav vart bytt ut med isøks. Det gjekk seint, men det gjekk fram og opp, steg for steg. Sidan vi berre var tre ville vi ikkje ha noko utgliding. Eg hadde nok fantasi til å kunne sjå oss liggande i ein einaste stor floke i botnen av bakken med diverse førstehjelpsbehov. Vi tok det pent og pynteleg, og passa på at dei andre hadde feste kvar gong ein skulle snu eller gjere andre utfordrande stunt i fjellsida. Her må eg innrømme at eg hadde meir fokus på å gjere jobben enn å nyte naturen og ta bilde. Brefallet var flott og dramatisk, og det kjendes ikkje skummelt å vere der, men respekt skal ein ha!

Nina og meg inn i blåbreområdet (foto: Therese Moe Øye)

Det er artig og da! 

Imponerande!

Kjekt å flytte fokus - etterkvart såg vi NED på breformasjonane.

Vi kom opp brefallet og vart møtt med motvind og byger. Sopass at vi sette opp teltet for å pause og ete litt "innandørs". Ei kommersiell guida gruppe kom opp etter oss. Reint folksomt i Småttene. 

Vi tok ei økt til. Kompasskurs. Motvind (som i mykje!) og whiteout. 15 minutt på kvar i front. Det vart ikkje noko stor diskusjon om vi skulle ta oss tid til å gå på Lodalskåpa, for å seie det slik. Vi skimta veggen i Ståleskaret, der ei gruppe allereie hadde slege leir. Elles var det kvitt, grått og kvitt. Vi hadde ønska oss 10 km forbi Ståleskaret, trudde at vi i alle fall hadde gått 5 km og vi kom til eit punkt der det var seint, kaldt og på tide å slå leir. I ei heilt kvit verd er den eine plassen like god som den andre. 

Godt og varmt i posen. Teltlivet funka fint. Nok ein real turmat (tygg, svelg, tygg, svelg). Vi tok fram GPS-en for første gong for å finne ut kor vi eigentleg var. Eg vart skuffa når eg innsåg at vi berre var tre kilometer frå Ståleskaret. Vi hadde lagt ned ein stor innsats i løpet av dagen, men det gav ikkje utslag på kilometrane. Det som var greit å sjå var at vi hadde stålkontroll på retningen og var på den kursen vi hadde staka oss ut. Vi hadde og meistra Småttene fint. No var det nesten utruleg at eg hadde gått og kvidd meg til den motbakken i eit halvt år. 


8 km i luftlinje
300 høgdemeter nedoverbakke
600 høgdemeter opp

I etterpåklokskapens lys lurer eg på om det var meininga at tema for dagen skulle vere "SMÅTT"? Opplevinga og kjensla av meistring var likevel stor, og steminga i teltet var god. 

onsdag 7. mai 2014

Jostedalsbreen på langs - dag 2. Dei tre S-ane

01.05. Dag 2.

Opp ryggen frå Merradalsbotn. 

Langfell og slit frå første stavtak. Vi hadde studert ryggen i går, og var motiverte og klare. Målretta angrep på høgdemetrane.

Morenelandskap! Kvar er det best å gå inn på breen?

Små maur i stort landskap.

Sikilbreen!

Sikilbreen var dekt av pudder. Kvitt og fint. Bakken var slik at eg klødde etter randoneeski og fridom frå pulk og bagasje. Her kunne eg ha susa nedover gitt! Sola steika og brann. Motbakken på sjølve ryggen var lettare enn frykta og motbakken på breen var slak og fin. Stemninga var høg og eg kosa meg i bakkane. 

På toppen - og utsikta mot Sygneskarsbreen openberrar seg (Foto: Therese Moe Øye). 

Eg var ikkje førebudd. Landskapet tok pusten frå meg! Sygneskarsbreen låg som eit mjukt teppe mellom runde fjell og bratte sider. Konturane av brefall i alle retningar, medan vi sjølve stod på toppen. Verda var så kvit og rein. Himmelen har eg ikkje sett blåare. Overraska og himmelfalne. Er det slik det er her? 

Vi tok lunsj i overgangen mellom breane på 1600 meter over havet. Rompa ned på pulken. Lite prat. Mykje nyting. Berre desse minutta her i dette landskapet bada i sol var verdt turen. Det er heilt umogleg å få det fram på bilde, men bilda på netthinna vert sittande lenge. Dei som tek turen rett opp Erdalsbreen går glipp av eit vakkert landskap i nord!

Sygneskarsbreen mot Rundeggi

Grått mot vest (breen fell mot Sygneskarsvatna her)

Vi la kursen mellom Kubben og Storenosa. Det vart gråare. Nina teipa det første gnagsåret på turen. Ved Storenosa vart det grått og etterkvart whiteout. Kompasskurs. Innimellom letta det litt slik at vi fekk eit glimt av terrenget. Går vi i ring? No er det om å gjere at vi ikkje går rett ned i Erdalen altså... God navigering og ein dose instinkt. Alle ventar å treffe spora frå gruppene som vi veit er på veg opp Erdalen. Både turlag og kommersielle grupper skal gå i helga. Det lettar litt, og brått ser vi eit glimt av Lodalskåpa. Vi er på rett veg! Vi skal fram på kanten der.  

Det første glimtet av Småttene. 
Det mest frykta partiet på turen. Dette strekket har eg kvidd meg til i eit halvt år. 

Skodda kjem og går. Vi er på kanten av Lodalsbrekka. Dette er og eit brefall vi er usikre på. Her vert det gått ned både med og utan tau. Det er ingen spor vi kan sjå. Duvande kvite viddebrefall var bytta ut med svarte hamrar, skrikande sprekker og blå blokker. Strupebreen rett ved var styggare enn Småttene. Ingen av dei var innbydande eller gjestmilde. Bodskapen var klar: Prøv deg så skal du få sjå din lisje dritt!!!

Skal vi gå eller skal vi vente? Eg var iskald. Iskald som i pinnfrosen. Klokka var sju og vi hadde krefter att. Samstundes var alle mentalt slitne etter timar med whiteout. Alle var kalde. Vi viste ikkje heilt korleis vi skulle angripe brekka. Heilt klart i venstre side, men så? Bør vi gå i tau? Er den køyrbar på ski? Det kom eit taulag til, og dei la seg i ro for natta. Dei neste strekka var slik at om vi begynte på dei måtte vi fullføre. Dei var så lange at det kom til  verte langt på natt før vi var ferdige med dei. Og det var byger, skoddelag og innimellom total whiteout. Elle melle - vi slo og leir for natta. Det var ei velsigning å få tatt ein spade og begynt å grave kuldegrop. Graving med dunjakka på og varmen kom sakte men sikkert tilbake i skrotten. Ahhhh....

Mellom skoddebygene såg vi eit taulag heilt øvst i Småttene. Det kom ei lita gruppe til, og dei susa på ski nedover brekka. Vi hadde gjort vårt val, og stod for det. Alle innsåg vi vel at vi var litt etter skjema, men at det måtte vere greit. Som kompensasjon sette vi vekkeklokka på 06.00.

Basecamp Lodalsbrekka

Nina hadde lånt sekk og dukka brått opp med... ja MØBELKNOTTAR! Kjekt å ha? Det vart fliring og spekulasjonar på kva eigentleg eigaren av sekken skulle med møbelknottar på tur. 

Kart over rute dag 2

16 km
400 høgdemeter opp i starten
Eindel duvande slake høgdemeter opp og ned på breen.

Dei tre S-ane var Sikilbreen, Sygneskarsbreen og Storenosa. Vi skulle gjerne ha tatt den 4. og, Småttene, men i morgon er det ei ny dag med nye krefter og moglegheiter.  

tirsdag 6. mai 2014

Jostedalsbreen på langs - dag 1 Grotli

29.04. På veg til Stryn.

Ser lovande ut? Det er noko kvitt innanfor toppane der vel?

Rutebilstasjonen Stryn. Tre spente damer. Ein utskremt men avbalansert sjåfør. Mykje bagasje. Stø kurs mot fjellet. - Aiaiai, her har det smelta mykje snø sidan vi var her sist (påska)! Sjåføren minna oss på at han sparte oss for omlag tusen høgdemeter no, med eit stort glis på kjøpet. Kveld. Grotli høgfjellshotell. Vi var venta og var omlag dei einaste gjestane på hotellet. Tre damer i ullundertøy på eit heilt høgfjellshotell. 

Startar med ein skål! 
Må feire medan vi kan... Her kan vi framleis feire at vi har komme oss på tur. Pakka er pakka og gløymt er gløymt. 

Straks klappet og klart..

Grotli høgfjellshotell er eit sjarmerande og fint hotell med ein beint fram nydeleg frukost. I tillegg er det eit fantastisk utgangspunkt for turar. Danskehytta, Skridulaupen eller som oss. Sørover. Mot den store breen. Den største. 

På scooterspor innover gamle Strynefjellsvegen. Nok ein nasjonal turistveg på ski. Eg kan venne meg til dette.  

Heillstuguvatnet var flatt og fint. Silkeføre og ein mjuk start. Godt å få varma opp litt. 

For eit land! Og for ein natur! 

Solskin og Skridulaupen baki der. Berre velstand. Mårådalen here we come!

Ein time seiare vert vi jekka ned eit par hakk. 

Frå sommarski til vintertur på eit blunk...Lunsj i byga.

Klabb og babb. 

Mårådalen er akkurat flat nok og lang nok til at det er litt irriterande med klabbeføre. Innover dalen fekk vi vår første smak av whiteout. Kompass og kart var på plass og vi gav ikkje opp. Oppover og innover. Kvitt i kvitt. Til det brått klarna opp og vi stod framom det første brefallet på turen.

Mårådalsbreen

Her starta den første skikkelege motbakken på turen. Langfellane måtte på for nokon av oss (les: meg). Svetten sila. Opp kom vi. Opp til Nordpolen og iskald vind. 

Sikilbreen. Denne skal vi opp på. Då er vi inne på sjølvaste Jostedalsbreområdet. 

Over første høgdedraget. Idyll men iskaldt. Vi skimtar ryggen vi skal gå opp seinare på andre sida av dalen. Myse. Vurdere. Korleis vert det å gå opp der tru? Først skal vi ned att. 

Nedover med pulk kan vere like utfordrande som opp. Denne bakken var bratt nok til at pulken fekk fare først og vi gjekk på beina. Effektivt. Eg begynnar å skjønne kva Therese har snakka om når "parispulk", "taudrag" og "fleksibelt oppsett" har vore nemnt i same setning. 

Kveld i Merradalsbotn. 

Dilemma: Skal vi halde fram litt til eller slå leir? Vi viste at det var mykje vind og iskaldt høgare oppe, og det var fint og stilt i dalbotnen. Det vart leir. Sjølv om vi kanskje hadde orka å gå litt til. 

Camp dag 1. Sikilsbreen bak. 

Kuldegrop og kjøkkenkrok. Smelting av vatn. Vinterleirrutinene skal lærast. 
Tre personar i eit telt. Her er det berre å halde styr på armar og bein. 

Godt å sige saman i dunsoveposen. Dette gjekk vel greit det? Eg klarte å miste kompasset i løpet av dagen, og kjente meg sur, irritert og fullstendig avkledd utan, men lite å gjere med det. I morgon er det breen. Sjølvaste. Framleis spent, og no er vi i gang!

Rute dag 1. 

Grotli - Merradalsbotn 22,5 km 
ca 550 høgdemeter opp
ca 300 høgdemeter ned