28.10 Sesongstart for mørkepadling! Mallavika - Molnes tur retur vart 7,5 kilometer padling i mørkt landskap og fin dønning. Når auga venner seg til mørkret er det ikkje lenger så svart. Silhuettar og konturar i landskapet blir tydelege. Det skya til, men med vindstille og 10 plussgrader var det likevel ein nydeleg kveld ute. Dønningen som traff land brusa og støya, men det høyrdes verre ut enn det var. Torunn tok ei lita overraskande økt med rockhopping og surf. Beinstrekk med bål og prat gjorde godt og eg lada batteria for vinteren. Padling i små grupper må vere ein av dei beste aktivitetane som er godt innafor smitteverntiltaka. Kanskje det er slike turar som blir sosialiseringa framover?
Mallavika by night
Raudt lys er godt for nattesynet. Lene H padlar forbi rett fram her.
Det er ei utfordring å finne rett nivå på lysa vi brukar: godt synlege, men utan å blende oss sjølv eller andre.
Beinstrekk og kvalitetstid!
Takk for turen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar