Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

mandag 29. desember 2014

Alpin vinterpadling i Hjørundfjorden

28.12 Det er første gong eg sjekkar skredvarselet før eg skal på padletur! Kvite fjell og høge toppar lokkar - sjølv om det er padling vi snakkar om. Det er nesten ikkje til å tru at vi fer på fjordpadling frivillig. 4. juledag kan vi velje mellom vått, grått og vindfullt på kysten eller kvitt, stilt og kaldt i fjordane. Det vert Hjørundfjorden og start på ved Sagafjord hotell på Sæbø.

Skikkeleg vinterpadling! -6 grader og snø overalt.

Sagafjord hotell og Sygni ser rett over på Saksa (1073 moh). 
Bak til venstre Elsantindane (1398 moh)

Hustadneset rett fram - ein skikkeleg idyll i Hjørundfjorden.

Skydekket senkar seg og verda er tusen nyansar av kvitt og grått. Det einaste med fargar på er oss.  Fjorden er blank, og ein god straum dyttar på oss. Ferga brummar avgarde med juletrelys i toppen. Kapteinen vinkar til oss. 

Sygni testar Nordkapp framom Storhornet (1358 moh)

Inn Storfjorden (innerste del av Hjørundfjorden) mot Viddal

Stålberghornet (1248 moh) står midt i krysset: Norangsfjorden til venstre, Storfjorden til høgre.

Vi satsa på Norangsfjorden denne turen. Vi ønska oss niser i fjorden og eit gløtt av Slogen. 

Padling inn under Slogen (1564 moh). Vakkert. 

I enden av fjorden ligg bygda Øye. Flott naustrekke og eit enda flottare hotell bak der. 
Union hotell Øye er verd eit besøk i seg sjølv. Sygni fablar om middag på hotellet, men vi har alt vi treng i bagasjen. Fyrstikker, ved, fjellduk og real. Eg har ein liten mistanke om at tørrdrakt ikkje er standard middagsantrekk på hotellet. 

Lunsj på stranda. Bål. Koseleg. 
Vinterpadling er ikkje so gale det. 

Flo (!) og snøbyger gjorde lunsjen kortare enn vi hadde tenkt. Faktisk forskning viser at det er skilnad på flo og fjære inne i fjordane og. Samt at bål kan flyttast, opptil fleire gonger. 



Mildrid framom Konehornet (1276 moh). 
Litt klønete å ikkje få med toppen der. 

Det dreg seg til med snøbyger. Sikta forsvinn og vi har ein kompasskurs på lur. 

Einsleg fjordpadlar i vinterland

Ikkje berre at det snødde, men det lava ned. Store filler. Som la seg på kajakkane, på kjakane, på augevippane. Vi måtte grave fram kompassa på framdekka. Sikta var omlag 0. Note to self: Skibriller på vinterpadling er ikkje feil. 

Det var mest triveleg. Landskapet forsvann i bygene. Kvit bommullsverd. Det var så stilt at eg kunne høyre snøflaka lande på luva mi. Det var reine vinterstemninga frå barndommen. Eg ville fange snøflak med tunga, springe rundt, hoie og kaste snøballar. 

Så gjer vi så når vi padlar rundt tre, padlar rundt tre, padlar rundt tre......

Nøgd vinterpadlar. 

Julestemning og "Winterwonderland" på Sæbø

I hjartet av Sunnmørsalpane - 20 km padling. 
Norangsfjorden er med dette utforska i kajakk!


Eg trur nok oddsen er stor for at neste tur i området er med fjellsko. 
Det var ein flott dag på fjorden, men fjordpadling generelt tek ikkje heilt av.
Det er likevel noko med å sjå desse kjente majestetiske toppane frå sjøsida, og i vinterdrakt.  

tirsdag 23. desember 2014

God jul!

23.12. Jul. Like etterlengta som fredagskvelden i slutten av veka. Denne høgtida på slutten av året. Ein god pustepause med rom for ein bodskap - om ein vil ta det innover seg. Eg er ikkje spesielt religiøs av meg, men det er likevel ei tid for refleksjonar og ettertanke. Eg veit at eg er privilegert som bur i eit hjørne av verda der det er fred, rikdom, likeverd mellom kvinner og menn og der samfunnet ikkje er gjennomsyra av vald. Det er ikkje alle stader ord som fritid og friluftsliv pregar kvardagspraten. Jula er ei fin tid å tenke på året som gjekk, året som kjem og menneska ein har rundt seg.

I år veit vi ikkje heilt korleis jula vert. Kor mange vi vert rundt bordet. Om det vert turar til sjukehuset på besøk. Uansett så står vi samla - og gjer det beste ut av dagane. No pakkar eg i bilen og sett kursen mot barndomsheimen.  

Verda er uroleg. Det er grunn til å lure på kva som skjer med klimaendringar framover, og stadig fleire folk som ikkje har ei god og trygg heimbygd eller eit levebrød.

Det går an å bry seg, og samstundes gjere det koseleg i heimen. Hos meg har det vore lys dei siste dagane. Lys på treet, Stearinlys i stakar og lykter. Lys i adventsstjernene i glasa.
Lys i jula er ein gammal tradisjon. Eg trur det må verte denne julesongen frå 1898 som oppsummerar julebodskapen 2014 frå meg:

Nå tennes tusen julelys
Det stråler rundt vår jord
Og himlens stjerner blinker ned
Til liten og til stor

Du stjerne over Betlehem
Send dine stråler ned
Og minn oss om at julens bud
Er kjærlighet og fred

Til hver et fattig hjerte send
Et lysstreif ifra sky
Så finner det den rette vei
Og det blir jul på ny

God jul! 




mandag 31. desember 2012

Juleveka og desembertelting

Juleveka vert innleia med tradisjonell juletrehenting. Furu må det vere.

På Skarset er det i grunn heilt eigne grenser mellom friluftsliv og motorisert ferdsel.

1. juledag

Henrik og Karianne på Harryvatnet.

I myrane er vi nesten aldri, bortsett frå når det er frose. No var det 30-40 cm kanonhard stålis på Harryvatnet. Ein flokk svanar held til i området, og det var digre fastfrosne svanebæsjar overalt på isen. Ein liten strek i rekninga. Vi fann og fleire innfrosne fiskar. Ettersom dei låg med buken opp er det vel lite sannsannsynlig at dei er spesielt spreke til våren att.

Harryvatnet og Myrsteinen - vakkert

Med og utan skeiser.

Natt til 2. juledag

Desembertelting i hagen.

Resten av familien ville sove inne. Merkeleg. Men dei var svært støttande til at eg måtte komme meg ut når eg først hadde antyda teltnatt.  

Testing/læring: sommardunposen min er for kald når det er minusgrader (ca -4 denne natta), sjølv med fjellduk. Sjølv om ekstremtemperaturen på posen er -5. På tele fungerar 8''-spikar bra som teltpluggar. Men dei frys dønn fast i løpet av berre ei natt. (1-0 til pappa der ja). Eg må ha egna reiskap for å få dei opp att. Lite brekkjarn gjekk fint. Men eg veit at eg ikkje kjem til å ha med brekkjarn på tur. #måfinneeiløysingpådet  

Nina gjennomførte si teltnatt samstundes i Askvoll.
Røyset - Nina sin veranda. Koselig juletelting. (Foto MMS-Nina)

Røysetnissen på telttur (MMS-Nina)

Det vil seie at vi er HEILT i rute med prosjekt telting. Den som teltar litt i romjula får og med seg flotte astrologiske fenomen som til dømes at Jupiter er rekordnær månen.

Jupiter øverst (liten) og månen nederst.

4. juledag

Arbeidsdag i myrane med pappa. Ein fin dag med polkjeledress i vakkert vinterlandskap. Første rekke: Horberget, lisje Horberget, Aslaksteinen og Lyngstadfjellet. Stemshesten bak.

Mykje kvalitetstid innandørs med familien har det og blitt i juleveka.