Deileg desember - Maspalomas
Fyr og strand. Mykje same konseptet som heime, om ein ser stort på det.
Kjempefine byrom med Bougainvillea i alle fargar
Sjølv om hovedfokus var latmannsliv, strand, god bok og 110% avslapping så er det greit i kikke litt på området. Vi leide bil og køyrde rundt på øya eit par dagar. Det er mykje å sjå på Gran Canaria, mykje natur og utruleg variert. Det er verd å droppe stranda nokre dagar for å få med seg meir av øya.
Fjell og dalar. Mykje same konseptet som heime, om ein ser stort på det.
Sitrusslang? Freistande.
Fataga. Dalen med dei 1000 palmene
Frå fjellovergangen til San Bartolome mot aust.
Dedo di dios ("Guds finger") ved Agaete
Papegøyeblomst (Strelitzia )
Dracaene draco (Dragetreet)
Vi stoppa i Jardín Botánico og den hagen var vel verd eit besøk! Hit skal eg tilbake med meir bakgrunnsinformasjon. Kanariske planter og planter frå heile verda. Utruleg flott tilrettelagt. Kunne nytast både som park, spasertur og med botanikkbrillene på.
Kule kaktusar
Vill kaktus? Det er dei raude dingsane her som vi trur er opphavet til kaktuslikør, kaktusgele og liknande lokale produkt.
NESTE gong vert det meir friluftsliv på sydenturen. Rekognoseringsturen var lovande og det er framleis store område på øya der vi ikkje har vore å kikka ein gong. Deileg med avslapping og artig med litt anna natur og planteliv enn det vi har heime til dagleg.
Det vart og ganske mykje imaginær surfing frå strandstol. Note to self: Sjekk ut kajakkutleige før neste tur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar