Søndag utan planer og med FLAU bris på yr.no. I dag skulle det padlast! Nina var klar. Eg var klar. GPSen var med før første gang. Høgst usikker på om den var klar..
Turen gjekk frå Øyra i Askvoll til Sauesundet og sørsida av Atløy. Nyt! Berre superkjekt å padle i dag.
Mot Lammetun
GPSen funka den gitt! Ruta her.
23,4 km, 6 timar og 4 km i snitt. Mykje artig informasjon frå GPS-duppeditten. Høgdeprofilen var relativt slapp. Snittfarta er inkludert matpause og "få-småstein-ut-av senkekjølen-pause" undervegs.
Nina syt for å lufte meg om søndagane . Bra for meg!
Eg er godt nøgd! Det er jo ikkje SÅ langt ut til Alden (t.h) og Værlandet (t.v). Nye turar under planlegging!
Pause!
Brurastakken - best frå sjøen. Med i kåringa om geologisk nasjonalmonument.
Sjarmøretappa heimatt til Askvoll. Vi kjem når ekspressen går.
Ideen om å padle Atløy rundt er meir realistisk no. Det var utruleg kjekt å ha "medvind" heim for ein gongs skuld. I den grad det var vind då. Vi såg ein sel, diverse fuglar samt Jørn Magne og Oddvin med grunnkursgjengen. Brukbart biologisk mangfald på ein dag det.
Dette har doke taket på;) Nordsida neste, der er det finare.
SvarSlettHeng ut eit snøre og middagen er i "boks" og.