onsdag 16. mai 2012

Hovden (367 moh)

Kvar er det ein topp som ingen av oss har vore på før? Hovden på Atløy vart dagens turmål. Endeleg ei kjensle av vår der vi gjekk opp gjennom lia. Ko-ko, ko-ko, for første gong i år.

 Kusymre

Imponerande varde til å vere eit sopass lite fjell.

Utsikt mot Alden, Tviberg og Herland

Hindøy. Her er det fint å padle...

Mot Smelvær og øyane i Flora; Kinn, Reksta, Skorpa og Batalden. Det kriblar litt i magen når vi veit at ferda antageleg går nordover her i morgon. Her er det nemleg også veldig fint å padle...

Jiiiihaaaa! Ein liten spensdemonstrasjon når Alden ligg så lageleg til.

Vi måtte også ned å sjå på Gapahuken til Atløy 4H ved Herlandsvatnet.

Gapahuken var skikkeleg fin den!

Idyll ved Herlandsvatnet. Neste gong har vi med grillmat og fyrstikker.

Hovden er eit fint turmål! Utfordrar alle venner og kjente i Sunnfjord til å ta seg (minst) ein tur til Atløy i løpet av sommaren!

2 kommentarer:

  1. Flott på Hovden og flott på Atløy! Var der faktisk for første gongen i april, og vi likte oss så godt at vi kom tilbake 8 dagar seinare :) Og vi kjem heilt sikkert igjen!
    Tur 1:
    http://www.fjell-luft.blogspot.com/2012/04/atly-over-i-stralande-sol
    Tur 2: http://www.fjell-luft.blogspot.com/2012/04/tilbake-til-vakre-atlyna.html

    Kjekt å følge bloggen din :)

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå du har vert på Hovden,fiiine fjelltopp ;)) og dei hoppa dine ser imponerande spenstige ut :P

    SvarSlett