torsdag 1. juli 2010

Atløy med noko attåt

- eller med "trynet fullt i mat..."

Onsdag 30.juni var ein regnfull og trist dag på jobb. Torill hadde lokka meg til Atløy om kvelden. Med lovnad om guida geraniumtur i hagen og testtur på den framtidig merka Kystarvstien Herland- Tevik for eg utover med fulle regnklede og toddy.
Bergfrue x 2

Flott og variert kystnatur - mot Kinnaklova i nord
Kvelden vart berre finare og finare. Litt debatt om sti, vegval og merking vart det undervegs. Vi veit jo å gjere nytte for oss. Damene hadde og full kontroll på både botanikk og geologi i området, så det var mykje spennande å sjå på undervegs, frå orkidear til forkastningar.

Herland er ei flott fiskerihamn, og det er berre nydeleg å komme bort til Herlandsvatnet og elva. No skulle vi vidare mot Avløyp og Kjørvik. Dette er veglause gardar på nordsida med saftige fiskarbondehistorier å fortelje.

Men før vi kom så langt - kveldens perle! Sellvågsanden! Ut frå lyng og knausar dukkar det brått opp den finaste lille sandstranda du kan tenke deg.

Kom sommar og badetemperatur!

Og det var no dei lokale kunne fortelje at det ikkje var mogleg å gå tur på Atløy utan å få "trynet fullt i mat..." Ikkje berre vart det fortalt, det vart og servert! Rekesalat med karri og tzatsiki, moreller, jordbær, kake m.m er ikkje akkurat dagleg turmat på fastlandet, så her er det berre å halde ferjekortet varmt. Med konglomoratstein til ryggstø og fiskekassebord var Sellvågsanden gourmetrestaurant opna for kvelden.

Det smakte himmelsk! Årets første blåbær vart og spist på turen.
 

God mat og god stemning


No har eg padla sørsida og gått nordsida. Atløy er ei perle. Det vert bekrefta kvar gong eg er der. Det beste av alt er at damene (med hjelparar) i regi Atløy IL vil merke og rydde stien - slik at du og kven som helst lett finn fram. Frå Herland til Tevik er det ca 4 km, med variert kystnatur og flott utsikt. Turen passar for alle, er relativt lett, men opplevinga er stor!

Frå ein grå dag til ein super kveld - i godt selskap! Dette er ikkje den lengste turen eg har gått i år, men heilt klart ein av dei kjekkaste! Eg må berre takke for service, tilrettelegging og humør.

Og det kjem heilt sikkert geranium i min hage og etterkvart..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar