28.09 I "gamle dagar" var vi ofte ute med kajakkane og surfa på stranda på Alnes. Etterkvart har vi utvida horisonten i mange ulike retningar, og vore andre plassar. Det har vore lite sand på stranda, og lite freistande å knuse kajakk mot stein. Eg har kjent på eit lite sakn, for det var mange nydelege timar med adrenalinrush og naturopplevingar her. Brått var sanden tilbake, surfelysta på topp, og nye medpadlarar gira. Små bølger, mykje moro og høge på livet! Det vert nok ikkje så lenge til neste økt!
Kjempefornøgde!!
Lene, Sygni og Lene (Foto: Sygni)
Når kvelden startar slik veit du at det blir bra!
Blankstille ved moloen, men vi hadde tjuvkikka på stranda - og der trilla det inn vakre små bølger til oss!
Roger stod på land og filma litt:
Ikkje så heftig, men artig for kajakk-kvinner!
Bølgene vart gradvis større og dagslyset forsvann, sakte men sikkert. Kveldane no er alt for korte, og det vart mørkt lenge før vi var leie. Men kanskje like greit å gje seg medan leiken er god og før alle kreftene er brukt opp? Fin padling i dønningen rundt Alneset tilbake. Vi fekk sjå "Alnes by night" stige fram medan vi pakka i hop.
På heimveg
Skymt i hamna
Vi fekk øvd på av- og påstigning ved brygge, støttetak og kanting, rulle og andre raritetar, styreevne med og utan skeg og eg fekk meg ein salto (!! framlengs). Det aller beste var likevel å leike seg saman med gode venner og å finne tilbake til godkjensla på stranda!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar