31.08 Fredag - og siste sommarkvelden i 2018. Panikken for at sommaren faktisk snart var slutt greip oss. Alle dei fine kveldane må nyttast! Vi veit ikkje kor magne vi får utover. Havblikk og solnedgang, denne kvelden vart det i alle fall silkeførepadling! Heldigvis, sidan eg hadde gløymt spruttrekk. Sjeldan eg gløymer slike ting. Det kjendes skikkeleg rart å padle utan trekk. Omlag som å køyre bil utan sikkerheitsbelte. Vi hadde med ved, fyrstikker og litt grillmat og let kveldsmørket senke seg før vi for heim att ved midtnatt. Månelyst og skimrande sjø. No kan hausten berre kome. Vi har nytta sommaren godt! Mørkepadling vert det nok meir av utover.
Lovande frå start
...og blankare vart det...
Eg har stø kurs mot båling og Synesholmen (Foto: Roger)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar