mandag 23. mars 2015

Leirvassbu - Skogadalsbøen

19.-20. mars. Avspasering og øyremerkt helg. Kristin og eg ville ha ein skikkeleg skitur og husmorferie. Vi hadde planane A, B og C klare - og bestemte oss etter vermeldinga. Vi la oss på hjul etter "Vassendgutane" mot Lom med vindusspussarane på full guffe og godt mot. Første stopp var uansett bakeriet!

This weekend was reserved long ago for skiing in Jotunheimen. Around easter the routes are staked and the logdes are staffed, serving breakfast and a 3-course dinner. In grey weather we went from Leirvassbu to Skogadalsbøen. Both really nice lodges. The solar eclipse was stunning. It cleared up in the afternoon so we got a glimpse of the steep mountains and spektacular valleys.     

Grunnkurs i skismøring

Vi parkerte på Geitsetra, og gjekk innover mot Leirvassbu. Det viste seg etterkvart at vi kunne køyrt fleire kilometer til. 

Innover Leirdalen

Leirvassbu i sikte! Heilt greit!

Vi kom på opningsdagen og vertskapet grov framleis fram hytta. 

Liten tur - god appetitt! Deilig middag, og triveleg på hytta. 

Fredag morgon. Grått og inga utsikt til Kyrkja. God frukost. Klar for tur. 

Morgonstund har gull i munn og vi er klar for tur! (Foto: Kristin)

På husmorferie er det greit med stikka løyper og skilting. Dei første timane var det flatt lys og inga utsikt, men greit føre. 

Sola kikka fram, slik at vi fekk med oss solførmørkinga. Dette trur eg er ein av  Rauddalstindane (2059 moh).  

Vi har sakene på stell. Perfekt plassering, gløtt i skydekket, vindsekk og solformørkingsbriller. 

Det var kult å sjå, men ikkje så lett å ta bilde av. Det vart skymt og merkeleg grått lys, før månen fekk passere og vi fekk morgongry numer to for dagen. Det vart skikkeleg grått og vi gjekk og vi gjekk. 

Skulle det ikkje vere 14 km? Merkeleg kor langt det var. Vi såg begge ned dalen og fekk hakeslepp då stikkene gjekk rett opp på ein åsrygg i motsatt retning. Oppoverbakke?? NO???? På toppen av åsen prata vi med dei to einaste personane vi møtte i løpet av dagen. To gutar (fri frå friluftslinjeskule) som var på 20-dagars tur frå Bismo til Hallingskeid. Sprekt, med digre pulkar og to par ski. Det er ungdommen sin det. 

Neste etappe viste seg å være urørt pudder og ingen stikker. Heldigvis letta det litt opp, og vi fekk konturane av eit vakkert landskap og ville dalar. Endeleg skulle vi NED dalen! 

Inn i urørt pudderland. 

Finare og finare! Stølshus i Guridalen.

Vi var i rett dal, og vi såg for oss enkel staking i slak nedoverbakke til Skogadalsbøen. Det vart banning og sverting på bakglatte ski i over tre kilometer gjennom tett bjørkeskog i staden. Ikkje mindre stas å sige inn på tunet av den grunn! Skogadalsbøen var ein herleg plass! Hit vil eg tilbake!
  
Skogadalsbøen

Sjølvtillita steig nokre hakk då vi fann ut at vi hadde gått 22 km i staden for 14...

Verdas navle? Opningsdag, triveleg vertskap, påskepynta hytte. Vi tok restane av nista, dusj og seig saman i stova. Triveleg plass, trivelege folk og god mat. Kystverket, Kartverket og diverse konsulentar i god blanding. Husmorferie er gode greier. Fjellfolk er fine folk. 

Kveld på Skogadalsbøen

Link til info om Skogadalsbøen Turisthytte - som du og finn på Facebook.

2 kommentarer:

  1. Hei Lene! I samband med påskesesongen lurte me på om me kunne dele denne posten på sida vår? Den var veldig kjekk å lese og me trur den kan vere til god hjelp for andre som skal legge ut på same turen i år.
    Beste helsing Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen (nyklekt vertskap på Skogadalsbøen)

    SvarSlett
  2. Del i vei! Lykke til som vertskap på utruleg fin plass. Vi kjem gjerne att. 😀

    SvarSlett