tirsdag 19. august 2014

Turist i Lofoten - 2014

30. juli-3. august. Sjølvsagt var vi "skikkelege" turistar i Lofoten og. Med bil frå plass til plass, og innom alle turistattraksjonane. Det er mykje flott å sjå. Det er faktisk oftast ein GRUNN til at desse attraksjonane ER kjent blant folk flest. Det er langt meir slitsomt å vere bilsightseeingturist ein heil dag enn til dømes å gå ein fjelltur. Her kjem glimt frå dei ulike turistperlene vi var innom.

Å - enden av vegen, enden av alfabetet, og obligatorisk med kaffi og kanelbolle på bakeriet her. 
Å er fint, det er turistifisert og det held lenge med ein time eller to. 

Moskenesstraumen i smijarn. Foto: Minna

Lofot-turistane ved tørrfiskmuseet. 

Det var berre ein FOR fin sommardag til å gå inn på museum. Å var vel den faktisk den einaste plassen i Lofoten der det ikkje hang tørrfisk ute overalt.  

Smeden i Sund - smijarnskunst, fiskerimuseum og tørka fisk. 

Artig å sjå handtverket. Kul plass. Ikkje glattstrigla turistifisert, men ekte på sitt vis. Mange fine skulpturar. Verd å kjøpe seg billett og bruke nokre timar hos smeden. 




Skarvelysestaken min står og lyser så fint her medan regnet høljar ned og eg mimrar over feriebilda.

Smeden dreiv og klipte i noko gul papp. Etter ei stund såg han over brilleglasa og spurte : - Hingst eller hoppe? Før vi rakk å svare på det, så drog han te med saksa og gjorde seg ferdig. - Her har de! Seier han og rekker Karianne den gule pappen. - Så du ikkje bi fri!

Ein skikkeleg kukhest. 

Neste stopp er Nusfjord.

Nusfjord byr på gammal handelsstad, moderne arkitektur og tørka fisk.

I den gamle butikken er det kule suovenirar av god kvalitet. Husa er tekne vare på, og det er strøkent i heile bygda. Skikkelege turistar treng (reine) do og (god, billig, lokal) mat over alt. Det har dei skjønt i Nusfjord. Dei tek inngangpengar til fiskeværet sitt, men det er det i grunn verd.  

Moderne arkitekturprosjekt. Kjempekult. Verdas flottaste badestamp?

Prosjektet "Scarcity and Creativity in latitude 68" har resultert i ei rekke installasjonar i Nusfjord. Prosjektet vann fleire prisar, og bloggen om prosjektet er veldig interessant. Her vann dei nye byggverka over dei gamle når det kom til mi merksemd i alle fall!

Utruleg tøft. 

Teambilde - og så MAT!!!

Frå eit handtverk til eit anna, glasblåsarhytta Vikten var neste stopp på programmet. 

Velkommen til glasblåsing! 
(Eg lurar litt på kva utlendingane eigentleg tenker om oss. Trur dei det er dette som er "tørrfisk" på restaurantane og?)

Skikkeleg handtverk, veldig varmt og stille konsentrasjon i arbeidsrommet

Glaskunst

Det som EG hadde gledd meg mest til var LOFOTR, vikingmuseet på Borg. Eg var litt i tvil om gjengen orka meir, men Minna og Karianne var med. Optimalt sett skulle ein vel ha vore her når det er festival eller noko ekstra aktivitet. Det var likevel både spennande og interessant sjølv på slutten av ein lang dag. Fagleg kvalitet og kommersielt så det heldt. Dette er ein av dei proffaste plassane eg har vore innom i turist/museums-samanheng i Norge. Fantastisk film og gode utstillingar. Flinke guidar. 

Vikinghuset er 83 meter langt, og basert på arkeologiske funn. Lenger enn Nidarosdomen. 

Gjennomført 100% i heile huset. Det var sjølvsagt tørrfisk her og, men den tykte eg glei godt inn i omgjevnadane. 

Minna i viking

Karianne i viking

Dei damene der hadde nok klart seg bra for ca 1000 år sidan og. 

Reine marknadsfører seg med tørrfisk 
(for å få oss til å stoppe og kjøpe fersk fisk - kvar ER logikken?)

Nokre dagar etter var vi på nytt raid. Vi for ut til Eggum. Det var ein verdifull avstikkar! Skikkeleg kul plass og på ein måte litt annleis enn fiskeværa vi har frekventert siste dagane. Karianne og eg fekk assosiasjonar til strandlinjelandskapet heime (Fræna).

Eggum

Kystfort frå 2. verdskrig. Her var det radarstasjon som vart brukt av tyskerane til å få has på Murmansk-konvoiane.

Henningsvær. Kule (?) klatrefolk på camp. Fastbuande, turistar og alternative folk klumpa tett saman på holmane i sentrum.Urban "tøtsj". Oisann, her var det visst kjentfolk på BCU-padlekurs og! Henningsvær balanserar, og kjem godt ut av det. 

Bittelitt alternativt, men ikkje verre enn at dei stokk konservative dreg på smilebandet dei og.

Fin natur. 

Kva var det som var poenget i den Lofot-torsk-sangen att? Eg kom på melodien og faderullandei. Jarle kunne siste strofa: "Hvis en til slutt skal spise meg, så håper jeg at det blir deg!" Det var tid for mat og vi fråtsar på "Fiskekroken". Alle servitørane er svenske og det tek lang tid, men maten er kjempegod. Det regnar litt ute, og det er deilig å sitte inne på restaurant. Henningsvær kjem seg unna med det meste. 

Nydeleg mat frå sjøen

Vi er utslitne. Slitne av å sjå. Slitne av å køyre. Slitne av å oppleve. 
Vi karrar oss til Kabelvåg. Vi fekk tak i den aller siste sekken med ved som var å oppdrive nokon plass i Svolvær. Vi villcampar og fyrer opp. 

Hurtigrute møter hurtigrute. TUUUUUT.... DUUUUUUUUT

Godstemninga sig på. Bål. Prat. Hav i horisonten. Fjell i ryggen.

Vi har vore heilhjarta, ekte, skikkelege Lofoten-turistar, til krampa og apatien tok oss. No er det på tide å gå vidare for denne gong. Det byrjar å verte skymt om natta. Ei siste bålnatt i Kabelvåg er perfekt opplading. Jarle vil vise oss Trollfjorden. Ei bonuspadling i nord, før vi splittar lag og fer kvar til vårt. 

3 kommentarer:

  1. Herlige Lofoten som jeg besøkte for første gang som 16-åring. Har vært der utallige ganger siden, og jeg fasineres like mye hver gang, og fortsatt. Og jeg skal tilbake om et par uker i jobbsammenheng. men da blir det langhelg før jobb, med medbragt kajakk.
    Ser dere har Trollfjord på programmet. Har aldri vært der, men har håp om å få padlet fjorden før det blir vinter.
    Flotte bilder/smakebiter fra Lofoten. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Lofoten er stas. Norgesferie er veldig bra. Nord-Norge gjev meirsmak. Trollfjorden var fint! Reint padlemessig er det nok kjekt å padle der utanom høgsesongen og fellesferien. God tur med kajakken til Lofoten!

      Slett
  2. Så fint dåke har hatt det ! Kjempekjekt å sjå og lese :-) Norgesferie e bra greie.

    SvarSlett