tirsdag 26. august 2014

Kjerringa (1130 moh)

17.08 Kjerringtur på Kjerringa. Eller ei kjerring og "en frøken" som den nygifte påpeika så fint!

I "Fotturar på Sunnmøre" les eg : ... 3 meter lågare enn "Mannen", men som for dei fleste par er Kjerringa den mest framtredande og elegante. Toppen er forma som ei tretagga krune. Alle ruter til Kjerringa krev klyving, men ikkje klatring. 

Tindane veks opp frå skogen!

Nesten litt haustfargar. Saudehornet t.v bak og Vassdalstinden rett fram. 

Den største utfordringa var å finne Follestaddalen.. Deretter gjekk det greit på traktorveg opp til ein sel, og sti vidare derifrå. Over ei myr, der vi mista stien, opp ei li, og der kom vi inn på hovedstien mellom Mosætra og Ljøsådalsvatnet. Steike gode til det her etterkvart!

Kristin tek ansvar og skriv oss inn i trimboka ved Ljøsådalsvatnet. Turen vidare går forbi vatnet, opp brekka bak vatnet og så rett til høgre opp bratta. 

 
Fin utsikt til Rotsethornet og Ørsta frå bandet. Verd å nyte den litt, for då eg snur meg ser eg bakken vi skal opp..
  
Opp her ja! Det vert koseleg. Kristin konstaterar at HER var det BRATT gitt! Knotten bak og øverst er toppen på Kjerringa. 

I bratta oppdaterer Kristin meg på ulykker på Kjerringa med fatal utgang. Det hjelp ikkje akkurat på farten, men eg held konsentrasjonen oppe!



Mosætra og delar av Langedalen. Ørsta heilt bak ved fjorden

Oppe på neste band, og vi ser ut mot Årsæterhornet bakerst der.

Sti, bratt og rosinen i pølsa: litt klyving før toppen.

VI KOM OPP!!

Langedalen og Åvasstinden fra toppen

Mot Mannen og andre fjell og dalar i nordleg retning 

Mot Årsætherhornet fra toppen, og ruta vi kom opp. 

Teambilde!  

Då var det berre å halde tunga beint på veg ned att og.

Toppane frå øvste bandet

Rått landskap. 

God sti. 
Frå bandet til toppen lønner det seg å halde seg til den øvste stien. 

Kjerringa, med knatten på. Kult fjell. Har vore der. Stolt og glad. 

Stålkontroll på heimveg, og no går vi stien litt lenger og kryssar meir direkte over til hyttene og traktorvegen. 

Mykje greiare å gå stien i skogen, gitt! 

Fleire bilde frå turen kjem det på Fjellfant, bloggen til Kristin og Marius etterkvart.

Vel heime att fann eg ut at det var på dagen 111 år sidan "førstebestigninga" på Kjerringa! 17. august 1903 gjekk Patchell, Bowen og Haskett traversen mellom Kjerringa og Mannen. Antageleg var dette førstebestigninga på Mannen, men ikkje på Kjerringa. Så seier i alle fall boka "Tindekliv på Sunnmøre" av Dagfinn Hovden- Den er heilt fantastisk! Bitar av fjellhistoria på Sunnmøre er sett saman med eit herleg språk, autentiske bilde og eit stort kjeldemateriale. 

Turen totalt var på ca 10 km. 
Totaltid 4,5 time, og Endomondoen viste 3,5 time gangtid. Vi starta på ca 200 moh. 

Høgdeprofil frå Endomondo.

4 kommentarer:

  1. Takk for en super tur! Vi finner jo alltid stien (eller en sti...) når Månestråle (du) og Snublefot (jeg) er på ekspedisjon :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. jepp - indianergenet er godt å ha! Artig med turar til heilt nye turmål! Godt "Sunnmørsbibelen" er tjukk av nye fjell og ruter.

      Slett
  2. Er det vanskelig å finne Follestaddalen eller der råsa/skogsvegen begynner?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Det er ikke vanskelig - vi rota bare litt der vi egentlig er godt kjent ;) Ta veien på nordsida av Follestaddalen innover. Fra Ørstasida: Passer brua midt i dalen. Noen hundre meter etter denne tar skogsbilveien av til venstre. Ser ut som god grusvei. ca 150 meter fra hovedveien, på venstre side av skogsbilveien ligger en betong garasjesak med flatt tak. Flere muligheter for parkering oppover veien, om høy terrengbil kan det kjøres helt opp til hyttene. Skogsveiene er inntegnet på kart i sida mellom Langedalen og Romedalen, et skikkelig sikksakknett av veier oppover lia. Fra hyttene lønner det seg å krysse bekken ganske raskt og gå rett over myra opp lia til man kommer inn på den gode stien. Denne kan følges helt til topps. Stien lå bittelitt høyere enn vi trodde, men verd å finne raskt. Over myra fant vi ikke noe godt trakk. God tur!

      Slett