søndag 10. august 2014

Dønna og Dønnamannen (858 moh)

17.-19. juli. Alle gode ting er tre - og denne gongen klaffa det med tur nordover når Beate var på hytta på Dønna. Flott start på ferien det, å stikke ut der eit par dagar. Nydeleg ver, og Beate tok meg med på sightseeing over heile øya. Godt selskap, god mat og flott natur. Feriekjensla seig på.

- Har ein fallos og, om du er interessert, tekstar Beate i forkant. Faktisk ikkje noko mindre enn Norges største fallos viste det seg. Frå folkevandringstida. 

Dønnes kyrkje frå ca 1200 var imponerande. Her var det mausoleum og ei fasinerande historie gjennom hundreåra. Guiden, ein slarkete gutefant på ca 17 år, er den beste guiden eg har møtt i Norge nokon gong. Han kunne historia på rams, og la den godt fram på kav nordlandsk. 

I dag er det ca 1500 innbyggarar i Dønna kommune og kjensla av utkant er nok sterkare enn av urbanitet. Men for knappe 150 år sidan var marknaden på Bjørn ein av dei aller største langs kysten og Dønnesgodset var den største landeigedommen i Nord-Norge. 

Utsikt fra Dønnesfjellstua (127 moh) ved midtnatt: 

Norover, øya Tomma nærast.

Lovund med Træna og Sanna bak til venstre

Mot nord, Hestmannen til venstre, Rødøyløva bak. Lurøy og Rødøy. Det området der skal utforskast ein gong!

Beate sitt ferieparadis!

Dønnamannen sett frå ferga til venstre og frå Dønnesfjellstua til høgre. Her ser ein tydeleg mannen som ligg på rygg. 

Høgdepunktet vart bokstavleg talt Dønnamannen. Beate hadde tenkt å dra meg med på tur, og eg var lett å be.

Heile gjengen på veg til fjells. Godt merka sti frå Teigstad.

Kjekke og spreke gutar. Utsikt vart det nesten med ein gong.

Gjennom og over skodda. Det vart brattare og brattare.

Første kanten, stupbratt ned.

Her delte vi oss opp. Siste biten opp til "Haka" var det lagt ut tau, og det var ganske bratt.

Håvard og Beate på "Haka". Skikkelege toppturfolk!

Eg ville gå ryggen vidare ut til "Leppa". Slike dagar må nytast til fulle, og litt til. Vindstille og over 20 grader. Svetten silte. Skodde og sol. Hav og fjell. 

Frå "Leppa" og ryggen over til "Haka". "Søstrene" bak. Stupbratt på eine sida, men stien var grei nok. 

Herøy avdeling Nordland. Padleparadis! 
Nina og eg padla gjennom dette øyriket i fjor, men her har eg mykje ugjort i kajakk. 

Ny topp på lista. Ekstremt nøgd turist. 

Eg vart sittande ein god halvtime å berre nyte. Utsikt. Sommar. Ferie. 

Heldig, rik og privilegert. Av og til må ein kjenne på det.

Takk til Beate og Kjetil for flotte dagar på Dønna! Hyggeleg å vere gjest hos dåkke!


1 kommentar:

  1. Nordnorge har frista lenge, blir ikkje mindre frista etter dette! Trur eg får dra med meg lillemann nordover når han blir litt større, for nord ser vakkert ut! :-D

    SvarSlett