tirsdag 24. juni 2014

Solopadling (for aller første gong!) på St.Hans

23.06. Eg har trødd rundt nokre veker og tenkt på at det er på høg tid med mi første solopadling. Eg har ei skulder som knirkar, og for å halde fokus på teknikk og øving er det kanskje greitt å halde på litt sjølv? Samstundes så sitt det langt inne å fare ut i kajakk aleine.

Skeptisk. Er dette så lurt då?

Eg kan trille kajakken heimafrå og nesten ned til sjøen på veg. Det er greit. Men det er dette med nesten. 20 meter med kratt før storsteinfjøra er eit faktum. For å retteleg sette meg på prøve så var det og maks fjøre denne ettermiddagen. 

Mogleg eg kan lære å like padling aleine, men SJAUING av kajakk aleine er noko drit. #ringeinvenn

Ho stod støtt på "dei steinute strender, og såg ut på det bårute havet...."

Det er vel berre å hoppe i det..


Valderøya frå sjøsida vert spennande! Eg innser at eg har brukt enormt mykje mindre tid i det næraste nærområdet mitt enn svært mange andre plassar. Kajakken oppfører seg fint og akkurat som vanleg sjølv om det ikkje er med nokon andre på turen.

Det mest sjarmerande bålet denne kvelden. 

Ny og gammal næringsutvikling.

Jøss - ungdommane på Valderøya ror ut teinene sine med handemakt gitt! Poeng!

Faktisk forskning viser at på Valderøya er det "Kvar mann - sitt bål!" Det var kanskje ikkje dei største båla langs stranda, men gurimalla så mange. Folk rigga seg til i naust, med plastikkstolar i leveggane og var ute langs sjøen rundt heile øya (10 grader og frisk bris er ikkje HEILT syden).

Det å padle solo gjev ikkje strålande padleteknikk av seg sjølv. Eg kjente att alle utfordringar frå sosial turpadling: Problem med å halde jamn rytme, alt for låg åreføring (når ein skrubbar knokane på dekksstrikken så er det i lågaste laget), problem med å finne jamn bevegelse på høgre og venstre side osv. Sidan dette var ein testtur slo eg fort fast at dagens oppgåve fekk vere å idenfisere utfordringane - løysinga får eg ta ein anna dag. 

Første langside var motvind, deretter medsjø og medvind i Gjøsundet, og medsjø utan vind på siste langside og ein dæsj motvind før eg var heime att. (Karakterbyggande, vert det sagt)

Godøya frå litt ny vinkel

Opptenning klokka 18.00 av samtlege småbål på Sjong.

Gjennomført solopadling! #godtnøgd #overlevd

Litt meir faktisk forskning til eige bruk: 

Vermåling på Vigra St.Hansaften

Runden var 13,5 km og eg brukte akkurat 2 timar (med Shuna). Så får vi sjå om rundetida går ned etterkvart? 
Eg gjorde ein taktisk bommert med å padle vindsida opp mot vinden. Eg burde padla mot vinden på le-sida av øya og fått finfin medsjøpadling på vind-sida.

4 kommentarer:

  1. ! Hvis du har padlet i nesten sju kilometer i timen i snitt på to timer, så kan da ikke den teknikken ha vært så elendig? I hvert fall om du bare har padlet med tur-innsats. Sjelden jeg padler så fort når jeg bare vaser rundt på tur. Flinkis!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var nok litt mer målrettet enn en ren fototur. Pri en for teknikkforbedring er å finne ut hva som funker/ikke funker i forhold til skuldra, pri to er å finne en grunnteknikk som jeg holder jamt og over tid, nå (tror jeg i alle fall) varier jeg veldig hva jeg holder på med, pri tre er å forbedre fart på rene transportetapper.. Men tror jeg kommer til å ha fokus på en og to ei stund.. Imponert over at du legger ut på soloturer i all slags vær året rundt! #inspirasjon

      Slett
    2. Jeg vedder på at nr 3 ordner seg mye selv når du fokuserer på 1 og 2 uansett. :)

      Slett