fredag 13. juni 2014

Pinsepadling i Solund - Lågøystolane (dag 3)

09.06 Nina sin bursdag. 2. pinsedag. Fridag og padledag!

Godkjent morgonutsikt! 

Litt dramatikk om natta, eg vakna flatt og hardt og downmat'en min var tom for luft. Usporbar lekkasje. Mjukt nok og varmt nok til at det gjekk greit, så hell i uhell der. 

Vi er altså her, camp Lågøystolane. DEN råaste leirplassen. Det er sol, varmt og nydeleg. 

Lågøyvågen

Strandnellik = sommarstemning

Klatring står på programmet.

Meg og Nina på stolen.  

Utsikt frå stolen mot nord. På toppen vaks det faktisk liljekonvall av alle ting!

Hoppebilde var ikkje så lett. Betre kamera og betre spenst på ønskelista. Karane stod nede og ropte "HOPP HØGARE". Det er lett, liksom...

Førmiddagsbading. Fin temperatur!

Dei som ikkje er fasinert av Lågøystolane får scrolle. Eg tykkjer dei er fenomenale! Eg kunne ha lagt inn ca 250 bilde av dei, men nøyer meg med eit par-tre..




Motvillig fer vi vidare. Heimveg, men eg prøvar å finne turmodus og ikkje berre tenke transportetappe. Det er trass alt mykje flott landskap framom oss og!

Solundstemning

Hengebergvika

Hengebergvika - Lågøyfjorden

I "innpadlinga" til Kråkøysundet frå sør er det knallfint. Lave svaberg ropar "PAUSE" til oss. 

Teambilde for dagen. Syden = Kråkøysundet

Bad nummer to for dagen, lunsj, soling, kaffi, sjokolade, test av bacalao på boks (god, og godkjent!). Vi kunne ikkje vere der evig, sjølv om eg hadde god lyst, og hovedgrunnen var at EG skulle køyre til Ålesund i løpet av kvelden. Hmpf. Eg pakka ned tørrdrakta og padla vidare i ulltrøya. SÅ VARMT var det! Og sidan vi allereie hadde bada to gonger frivillig så fann eg ut at eg kom til å overleve evnt bad nummer tre og...

Mellom Storholmen og Huvøyna

Grei leirplass på Vassøyna austside.

Leknessundet

Tøff gjeng i Leknessundet. Beinstrekk før dei siste to kryssingane.  

Jarle (som kjem frå Balsfjorden for å padle med oss!) og Alden. 

Jarle vart litt lei av å vert knipsa bilde av "heile" tida. Eg tenkte eg skulle ha EIT skikkeleg bilde av han og Alden i løpet av helga. Tre dagar og ca 150 forsøk tok det. Enten padla han forbi, såg vekk, bildet vart uskarpt, dråpe på linsa, nokon andre kom innimellom osv.

Sakrisøyna. Lite dyreliv, berre skarven var heime i dag. 

Siste kryssing for dagen. Arinbjørn i solgliren. 

Vel attende i Korssund til rimeleg tid. Fornøgde og ikkje spesielt slitne. Denne dagen hadde vi hatt ein svak vindpust i ryggen og medsjø så og seie heile vegen. Fulle av inntrykk. Solund er berre heilt fantastisk. Vi lempa ut av kajakkane og Nina og eg var i full sving med å planlegge neste Solund-tur. Kanskje dit og kanskje dit? Då fekk vi oss ei vennleg påminning om å leve i nuet og suge litt på den karamellen vi allereie hadde fått i helga. Det var eit godt råd, så det tok vi til oss. 

Eg sluttar aldri å undre meg over kor mykje STÆSJ det eigentleg er plass til i ein kajakk!
Korssund. Endestopp for pinseturen 2014. Runden fullført.

.
Ruta dag 3 - 22 km

Tusen takk for ei strålande helg og nydeleg mat! Rå natur og kjekke folk gjev store opplevingar!


Tips til turtenking i Solund
Solund er kanskje den finaste padlekommunen i Noreg, men...:
- Det er ikkje flust med teltplassar - gjer litt research på førehand
- Veret skiftar fort, og kryssingane er eksponerte. Ha respekt for ver og vind, og rett utstyr.
- Det er lite vatn å finne i terrenget, særleg når det er tørt som i år. Ha med nok, eller legg ruta innom folk/bygder.
- Sunda forsterkar vind og straum. Vindretningar frå aust og vest vert ofte kanalisert til sterke nord/sør vindar i sunda. 
- Det er varierande mobildekning

2 kommentarer:

  1. Virkelig kule, de der stolene. Super turrapport!

    SvarSlett
  2. Blei ei flott pinsehelg dette.Mykje flott natur ,desse stolane må eg berre sta å inspisere ein gang. Her blir det lite padling fortida , det må vi sjå t å få gjordt noko med....

    SvarSlett