Frukost på Havnomaden med utsikt mot Dønna
Eg hadde litt feber og var generelt pjusk. Ibux. Nina hadde padla sørover før og lurte på om vi kunne padle nordover. Så får vi ta det så langt som vi kjem, vart vi einige om.
Skarv på sjømerke betyr lykke..
Nordlandslandskap på Sør-Herøya
Flotte hytter på Tenna. Utleige tru?
Herøy kyrkje
Kyrkja var einaste attraksjonen i kommunen med reklame på ferja. Flott steinkyrkje frå 1100-talet. Stor var den og. Tydeleg ein sentral plass dette (i ca 1000 år fram til sånn der 1960-talet ein gong).
Vi er no turistar, og tek med oss alt vi kan av attraksjonar. Før vi rakk å runde neset såg eg ein merkeleg lut rygg i graset. Eg trur han tenkte: - går eg med hovudet heilt ned i marka no, så ser dei meg ikkje...
Rådyrbukk
Herøy Bygdesamling
Rundt neset fann vi ikkje berre kyrkja, men eit heilt museum. Førebels kåra til Noregs best tilrettelagde museum for kajakk. Fin strand og veeeeldig gode vaflar. Så her sosa vi rundt, kikka, åt og prata med lokalbefolkninga. I grunn slikt som ein gjer på ferie. Formen var stigande og det var ein lekker dag.
Vi ville no sjå korleis dei bur og evnt kva dei heldt på med dei ca 1700 innbyggjarane i kommunen. Så vi padla dei store sunda nordover, rett gjennom kommunesenteret. Vi burde vist betre, men sjølvsagt var alle dei små sunda fylt att, med store bruer over dei større sunda. Vi kryssa vel under 5 bruer på veg nordover.
Herøybru nr 3 av 5
Herøysundet - Helgelands navle!
Dønna. Dønnamannen i skodda.
Det var jo ikkje langt att til Dønna. Vi viste det var fine strender på yttersida, og det er jo litt artig å ha vore der? Ein rask sjekk på klokka og kartet viste at vi rakk det akkurat om vi skulle ha nok timar til heimvegen etterpå.
Lykt på Dønna og Lovund
På yttersida såg vi ut mot Lovund og til og med siluetten av Sanna på Træna heilt i horisonten.
Idyll i Einvikja
Pause, lunsj nr 2 og bading i Mølnvika
..nesten skoddefritt på Dønnamannen. Dit skal vi, men ikkje i dag.
Det vart gråare og litt vind. Eg hadde liten motivasjon på å padle same vegen tilbake. Så då padla på på yttersida av Staulen og sørover på innsida av Seløya. Litt feilberekning på stengde sund, så vi måtte sørover i sjølve Herøysundet att, før vi la kursen på sørsida av Tenna og utover mot Brasøy og Husvær.
Dagens beste glimt av dei "Syv søstre". Dit skal vi og, men ikkje i dag. Har skaffa oss skjema for å registrere alle 7 toppane. Just in case. Kjekt å ha.
Diverse flokkar som lærer ungane matauk
På ettermiddagen i sekstida eksploderte det av småbåtar. Ein vannscoter var det vist og. Det var ikkje noko problem, folk slakka ned og vinka til oss. Tydeligvis hadde alle herøyværingane eit ærend i båt i staden for middagslur denne dagen. Nokre smågutar i kvar si jolle med påhengs dreiv å sjekka oss opp med jamne mellomrom resten av dagen. Litt artig og litt irriterande.
På sørsida av Tenna mot Vega. Havblikk, langgrunt og kvelden sig på.
Kveld og vi nærmar oss Husvær
Inntrykket er at 50% av alle merka til Kystverket står i Nordland fylke, og halvparten av dei att i Herøy kommune. Det trengs nok og, så langgrunt og så stor skilnad på flo og fjære som det er her.
Ein strålande padledag. Eg var litt lei på slutten, men ikkje spesielt sliten. Vi hadde padla i eit fornuftig tempo, med grønnlandsåre heile dagen. Vi hadde gjettekonkurranse på kor langt vi hadde padla og begge tippa rundt 35 km. Sidan vi hadde vore inn og ut på 3 laminerte kartark hadde vi i grunn ikkje gjort noko finteljing undervegs.
Kart over turen Husvær - Dønna t/r
Det viste seg at vi hadde padla 49 km denne dagen! Ny rekord på dagsettappe. Sjølvsagt også rekord med grønnlandsåre. Vi hadde motstraum i sunda begge vegar, og ca ein time med litt motvind på yttersida, så det kom ikkje heilt av seg sjølv heller.
Eg vil heilt klart padle meir i dette området. Relativt korte avstandar, og korte kryssingar. Mykje å sjå. Ei veke med øyhopping og telt her oppe står framleis høgt på ønskelista.
Kjem t å slite med å halde følge framover, ser eg.....Knallfin ferei då!
SvarSlett