lørdag 8. desember 2012

Stålis på Sula


Tørt og kaldt, og kor herleg er vel det? Endeleg fekk eg plukka fram skøytene frå boden. Saman med Sygni og familien for eg til Mauseidvatnet på Sula. Her ryktas det bra forhold og tjukk stålis.

Mykje aktivitet på Mauseidvatnet
 
Flotte Sunnmørsalpar som kulissar. Små og store med breie glis. Skøyter frå dei siste fire tiår fram frå loft og kjellar. Isen var knallbra, heilt jamn og skikkeleg stålis.
 
Meg og Sygni testar gamle kunstar. Kjempeartig!
  
Litt faktisk forskning må til. Stålisen viste seg å vere eit lag is på 24 cm. Veldig trygt. Åse vann istjukkelsetippekonkurransen. 
 
Hockeygjengar dreiv på fleire plassar.
 
Hockeykølla mi ligg på Skarset, så eg håpar det held seg sprengkaldt til jul. Det hadde vore kjekt med ein litt lang skøytesesong no.  
 
Korte dagar og vakker solnedgang
 
Dei proffaste hadde med seg spark, kjelke og ved.
 
Sula nett no er eit skøyteparadis.
Ny tur i morgon, med ved og fyrstikker i bagasjen!

1 kommentar:

  1. Takk for turen(e). Støl i legger, lår og balansemuskulatur generelt. Men uuuutrolig artig!

    SvarSlett