søndag 16. desember 2012

Hildrehesten (740 moh)

15. desember. Vi var gira på tur, og det var ingen klar innlysande aktivitet som egna seg til gjeldande ver og føreforhold. Så då plukkar vi toppar. Til fots.

Det gjekk greit å finne parkeringsplass og rett skogsbilveg. Då vi skulle begynne på stien i terrenget gjekk det opp for oss at det KUNNE verte ei utfordring å finne stien med 20 cm puddersnø overalt. Råsa gjennom skogen fann vi, og heldigvis var det veldig godt merka over tregrensa.

Flott skilt! Hildrehesten bak.

Her vart vi nesten lurt til å sette kursen mot Tinden. Det var ein frisk dag, delvis glatt og is under snøen. Ein og anna plassen låg det små snøfonner. Med vinden i ryggen  var det likevel ikkje så gale. Vi gjekk jamt og trutt, fekk flott utsikt mot HEILE Sunnmørsalpepanoramet. Siste del mot toppen var utfordrande. Grov ur med snø. Trakka ein feil så stod ein til låret i snø eller mellom steinar. Kravling og kryping måtte til. Sikkerheit prioritert framfor stil.

Varden på kanten i sør. Mot Ellingsøya, indre bydel i Ålesund og Sunnmørsalpane
 
Hildrehesten (740 moh).
 
Hovedvarden låg sjølvsagt lenger inn på platået. Utsikta mot nord og vest var verd nokre ekstra meter.
 
Grisekaldt på toppen og vinden friskna til. Vindkasta reiv i oss. Flott utsikt. Snøfokken stod i vindkasta. Men vi var begge veldig fornøgd med å vere på tur, og hadde ei god kjensle av at forholda var innanfor det vi kan handtere. Så det var blide fjes på toppen.
 
Meg og Trude
 
Hildredalen og Nordøyane
 
Ryggen vidare nordover, med Hestehaudet (735 moh) lengst bak. Utover her skal vi vandre ein sommarkveld i shorts mot solnedgangen.  Men ikkje i dag.

Lunsjen var utsett til eventuell livd og på ubestemt tid. Vi kledde på oss alt vi hadde av klede. Nedatt fekk vi vinden midt i fleisen. Det var rimeleg heftig ei stund. Det stilna heldigvis då vi nærma oss Urkedalsvatnet, og derifrå var det jo berre sjarmørettappa att til bilen.
 
Vinterlys og solnedgang. Vakkert. Påfyll.  
 
Det hadde ikkje vorte ein ny topp på oss i dag, om ikkje stimerkarane i Haram hadde gjort ein strålande jobb med å merke frå Urkedalsvatnet og opp på toppen. Vi lærte mykje i dag:

- Gamasjar er lurt når det er snø
- Skibriller er lurt når det er vind (og snøfokk)
- På ein lenger tur må eting prioriterast høgare (enn til dømes fotografering..)
- Vatn frys. Men har ein varm drikke på termos så gjer det ikkje så mykje.
- Våre eigne spor var vekk på ein time. Sjølv der vi vassa snøfonnene til langt opp på låra var spora HEILT vekke. Aldri baser returen på eigne spor. Ein må vite kor ein er og ha tilstrekkeleg landemerke, merking eller kompasskurs.


Vurdere vind er ei vanskeleg øving. På Vigra var det målt 9-14 m/s middelvind og kast på 14-18 m/s på laurdag klokka 10.00-14.00. Tippar at dei eksponerta områda på Hildrehesten ligg på omlag det same?

Hildrehesten er rekna som ein middels fjelltur. I dag var "Hesten" topptur stor nok. Heilt perfekt desemberutfordring.

Turen er og skildra i "Turbok for Ålesund og omegn"

2 kommentarer:

  1. Spreke dokke var! Ikkje lett å gå i ur når du ikkje ser steinane nei.......

    SvarSlett
  2. Hildrehesten! Dit har vi og planer omå gå en dag :) Mamma kikka opp der da ho var lita på besøk hos mormor si. Vi he tatt Gamlemsveten, så Hildrehesten neste ;)Ser du har Jønshornet som mål også, kikker på den ofte vi her. Kanskje vi treffest på tur en gang? ;)

    Liker bloggen din, klem fra Trude med lillemann på ryggen

    SvarSlett