mandag 31. desember 2012

Godt nytt år!


Takk til alle som har kikka innom bloggen i 2012 - det er kjekt å dele gode turminne og ekstra artig når de legg att ein kommentar eller to. Takk til familie og venner som vert med på, og dreg meg med på tur.

Måtte 2013 gje mange gode opplevingar og ein passeleg dose utfordringar til oss alle.

Det næraste eg kjem eit nyttårsforsett i 2013 er den her:

Gjer meir av det du trur på. Tru meir på det du gjer!

Turåret 2013 har eg stor tru på og tenker at....
  • Ski og skeiser skal i bruk
  • Rulle i kajakk på begge sider skal lærast
  • Brunstadhornet og Jønshornet skal bestigast
  • Det vert telting jamnleg heilt fram til august 
  • Trænafestival og padling på Helgelandskysten vert eit høgdepunkt
  • Sykkeltur i utlandet i godt lag vert stas
  • Meir bål og bålkaffi..
  • Fjelltrimmen i Askvoll skal gjennomførast
  • Fisketurar? Kor vert det av fisketurane?

6 kommentarer:

  1. Mange spennande nyttårsforsett her, Lene! Takk for ein inspirerande blogg i 2012, og godt nyttår!

    SvarSlett
  2. Godt nytt år fra meg også. Jeg likte nyttårsforsettet - begge veiene!

    SvarSlett
  3. Godt nyttår Lene! Brunstadhornet, ka da med Dalmannshornet? Vært der? ;) Dit har ej som mål å gå neste år, blant andre plasser.
    Kos dej med turane dine i 2013!

    Trude

    SvarSlett
    Svar
    1. Har nesten ikkje vore på nokon Sunnmørstoppar, og har lyst på fleire..;) Kjekt om vi treffast på tur - skal halde auga opne. Godt turår til deg og!

      Slett
  4. Godt nytt år til deg Lene og takk for det gamle.
    Hyggelig bekjentskap.
    Tøffe jenter i padlenorge har vi bruk for.

    SvarSlett
  5. Godt nytt år. Takk for spennande lesning i 2012 og skal vi tru på nyttårsforsetta så vert det like spennande i 2013. God tur :-)

    SvarSlett