mandag 6. august 2012

Alden - Norskehesten

Søndag kveld la vi ut frå Herland. Fin sommarkveld med fin bevegelse i sjøen. Vi såg at det kom ei tordenbyge (austlandsbyge) sørfrå. Eg var heilt sikker på at den kom til å gå innom oss. Vi padla over sundet til Tviberg, men då vi kom på sørspissen av øya møtte vi veggen. Ein vegg av vind og regn slo mot oss. Bølgjene vart brått opp mot ein meter, og eg padla for livet utan å komme av flekken. Eg var litt nær nokre bratte svaberg og hadde lite lyst til å krasjlande på Tviberg på den måten. Nina kom seg heller ikkje av flekken. - Vi kan ikkje krysse Aldefjorden no! - ropte eg. -Kor i svarte skal vi gjere av oss, ropte Nina tilbake. Vi har telta på Tviberg før, og kom oss etterkvart inn i Kalvågen.

Nina på veg inn i Kalvågen.

Søkkvåte og bittelitt mismodige venta vi i Kalvågen eit kvarters tid. Byga for forbi og medbrakt ferjesvele vart oppeten. Aldefjorden stilna like fort som uveret kom. Utruleg. Køyr på!

Alden!

Det er ei flott lagune på nordsida (høgre på bildet over) med bra teltplass som vi har klødd etter å teste i lang tid.

Alden nordside. Litt Irland? Litt ugjestmild?

Nina på veg inn i laguna (Storestølsvågen). Dette ser lovande ut.

På veg inn skremte vi opp den største og mest "ustelte" havørna eg har sett nokon gang. Ei skikkeleg gammal dame tenker eg, som passa på. Ho var i området alle dagane og hadde full kontroll på kva vi heldt på med.   

Basecamp etablert. Rica Alden byr på mjukt soveunderlag og sein middag.

Utfordringa med å padlecampe her er i grunn at det må vere lite nok vind til at ein kjem seg hit, og nok vind til at ein orkar å vere her. Denne kvelden vart perfekt, med ein liten trekk frå nordvest som heldt knotten i sjakk.

Utsikta frå "spisesalen".

Tørre og mette sat vi der og såg sola gå i havet og var veldig nøgd med dagen. Litt spenning får ein tåle, og det er alltid greit med ei påminning om kor fort det kan skifte her ute.

Morgonbad på Rica Alden. Nina sankar badepoeng.

Eg bada EIN gong. Nina bada morgon og kveld i dagesvis. Eg har tapt den kampen der. Grundig. Eg HAR i alle fall bada i Alden.

Sommarpadling UTAN tørrdrakt! HERLEG!

Prosjekt Alden er samansett av ideen om: Padle ut, telte, cirkumnavigere og gå på toppen.

Havblikk mot Værlandet.

På veg rundt møtte vi ein veldig leiken, diger og artig oter. Han lot seg ikkje skremme av kajakkar, men var så kjapp i snuen at det vart uskarpe bilde. 

Vi fann og ein daud hjort. Trist. Dødsårsak ukjent.
Det er ein grunn til at eg ikkje et krabbe.....  

Aldevågen!
Eit av to obligatoriske bilde som ein må ta på tur til toppen.

I Aldevågen var det småbåtar og folk i fleng, prating, diesellukt, motørstøy og klegg som var skikkeleg på hogget. Det var omtrent som å komme til New York i forhold til laguna "vår" på baksida.

 Utsikta frå toppen mot Værlandet og Bulandet.
Dette er det andre obligatoriske bildet som må takast på turen.

Alden er ein superfin tur med ei fantastisk utsikt. Den må gåast med jamne mellom og det er like bra kvar gong.

Etterpå var det varm lunsj og soling på ein holme i Aldevågen. I timesvis. Sommarpadling er ikkje så gale det. Vi padla resten av vegen rundt, sjekka ut "Gjøsteinen" (fallosbautastein frå bronsealderen) og gravrøysene frå sjøen. Sidan vi ikkje var spesielt opptekne av forplantning akkurat då, så gadd vi ikkje gå i land. Alden har meir å by på enn hovudstien til toppen, og ei lang og spennande historie:


Prosjekt Alden gjennomført! Rica Alden og cirkumnavigasjon utan tørrdrakt sprengte allereie alle forventningar. Og vi skulle jo vere eit par dagar til.

Kart over alle tre dagane. Totalt ca 48 km padling.


6 kommentarer:

  1. Usj, så trist den var død den hjorten. Kult bilde, det med regnbuen. Skikkelig stilig.

    SvarSlett
  2. Livsnytere!!! :) Fantastisk å se kajakkturene i bilder, iallfall et glimt av en slik magisk opplevelse (for oss landkrabber). Nydelige bilder fra denne og turen i Geiranger! :)

    Nyt sommer'n videre!

    SvarSlett
  3. Så kjektr å sjå:De har nok hatt ein super fin tur :))

    SvarSlett
  4. Fint bilde av gamlebua" på Herland. Gledet svært å gjense.

    SvarSlett
  5. Mange fine bilder fra ytre Sunnfjord! Særlig kjekt å igjennse de gamle buene på Herland. Vekket mange gode minner.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Kosar meg veldig på tur i området her, og kjekt om fleire har gleda av turminna. Er Askvollpatriot sjølv om eg for tida no bur på Sunnmøre. Hyggeleg at du vil følgje bloggen. :)

      Slett