fredag 15. juni 2012

Runde!

Onsdag 13. juni. På fagdag/utflukt med jobben så var det lagt inn kveldstur til Lundeura på Runde. Det var ein frisk kveld, så antrekket var ull, vind, og vanntett. Ikkje ulikt det vi gjekk med i januar. Temperatur vart kompensert med humør.

På toppen av Lundeura!

Anbefalt gjennomføring av turen: 1. Finn Goksøyr på Runde og parker (lett). 2. Oppfør deg som turist, følg skilting (lett). 3. Første motbakken på bratt asfaltsti (litt andpusten her) 4. Resten på normal sti. Hald fram med å oppføre deg som turist. Hald deg på stien, sei muntert "Hei" til alle du møter, ha fotoapparatet lett tilgjengeleg. Snakk høgt om kor vakkert det er heile tida (lett).

KFA-karane på veg opp frå Goksøyr. Godøy og Sukkertoppen heilt bakerst til venstre

Då eg var lita hadde mamma lage ei bildebok til meg. Der hadde ho klipt ut fine bilde frå blad, limt dei inn i ei kladdebok og skreve namnet på tingen med blokkbokstavar under. Det bildet eg hugsar best var av ein lundefugl, så begrepet har vore i ordforrådet mitt sidan eg var ca 3 år. Eg har aldri sett dei på verkeleg nært hald før (Ein og anna svart prikk i det fjerne frå kajakk tel liksom ikkje).

Lunde!

Lunde!

Lundeura var heilt fantastisk. Dette er ei oppleving til å verte høg på! Flott natur og fuglar overalt. Svarte prikkar sverma i fjellveggen. Lunden kom inn frå sjøen, landa som ballar og flaug rundt øyra på oss. Utruleg artig! Storslått natur og eksotiske fuglar. Norges flottaste nebb? Eg håpar vi klarar å drive naturforvaltning slik at sjøfuglane overlever i framtida og (Link til miljøstatus - lundefugl- Norskehavet).

Fuglesverm utanfor Lundeura (ser ut som mygg, men vi er no trass alt sørafor her..). Nerlandsøya og Skorpa bakerst 

På rad og rekke sat dei der. På den eine sida av gjerdet; turistane, fuglekikkarane og fotografane. På andre sida lundefuglane. Sosiologisk nesten like fasinerande som fuglefjellet.

Do as the locals - det vil seie vagle seg i flokk i Lundeura om kvelden

På heimveg såg vi ut til Runde fyr. Det fungerar no som DNT-hytte, og her kan ein overnatte.

Runde fyr på tuppen av Kvalneset

Rundeturen var ei stor oppleving som det var kjekt å dele med gode kollegaer. Hit skal eg fleire gonger! Neste gong med fjellduk og speilreflekskamera.  

Turistskip i solnedgang. Man tager hvad man haver i mangel på elg.

Resten av kvelden tok vi innandørs med passande tilbehør inspirert av siste bilde.

Runde miljøsenter er det ei sjøfuglutstilling og dei viser film om samspelet i havet (populært kalla "Sildefilmen"). Vel verd å få med seg. Dei har og utstilling om Rundeskatten, som har ei veldig spennande historie! Stikkord: Global verdshandel på 1700-talet, dramatisk forlis og katastrofe med 200 tapte menneskeliv, unge dykkarjyplingar som snublar (dvs svømmer) over gullskatten i 1972. Senteret har gode konferanse- og møtefasilitetar, og kan stå for overnatting (i leilegheiter) og servering etter avtale.

3 kommentarer:

  1. Den bildeboka hadde jeg glemt!!

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå bilder frå Runde.Var der i fjor vår,fekk ikkje sjå så mykje pga tett skodde.Ellers så var vi nok litt for tidleg på dag til å få sjå lundefuglane likavel,dei kjem vel inn om kvelden.Trur vi må ta turen dit igjen :-)

    SvarSlett
  3. Oldefaren min var frå Færøyane og farmor fortel at ho åt lunde då ho var der i 1948. Det var første middagen ho fekk på Færøyane. Fuglen smakte godt, men det gjorde ikke sausen, så farmor tenkte; - herregud, tre veker med dette!" Det vart nok ikkje tre veker med lunde, for det var festmat.

    SvarSlett