tirsdag 12. juni 2012

Rockpool Alaw

Søndag 19. juni fekk eg møte Ann - venninna til Sygni. Ho hadde vore i Fosnavågen hos Tor Inge dagen før, og kom jammen med ein flett ny Nuka i tillegg til tørrdrakta som vi visste ho skulle ha. Når det regnar på presten... Dermed var det ein Rockpool Alaw til min disposisjon.

Når nokon kjem med raud Nuka, så treng vi ikkje mange minutta for å verte kjent. Grunnlaget er jo lagt i felles kvalitetsforståing for lenge sidan. Denne turan starta med inngåande analyse og kommentering av dei tre lekre kajakkane våre (vel ingen av dei er jo mine då.... faktisk):

Frå venstre: Romany, Alaw og Nuka

Kajakkane har eit relativt likt bruksområde. Skegkajakkar,som er lettmanøvrerbare og går fint i sjøen.  Kanskje ikkje av dei aller kjappaste. Alaw er eit nummer større i sittebrønnen.

Frå venstre: Nuka, Alaw, Romany. Frå denne vinkelen (bakfrå) var det størst skilnad

 Frå venstre: Nuka, Alaw, Romany

Premiere! Det ser ut som Nukaen er meir enn godkjent! (Lekker båt altså! Og flott dame sjølvsagt.)

Turen gjekk til Langevågsholmane og vi fekk både litt vind og blikkstille.

Bomonk?

Sygni sin kajakk vart omdøypt til "Bomonk". Både på grunn av speglinga, og fordi det var mistenkelig likt den lyden som vart produsert då ho bomma litt (eller ganske mykje) på eit styretak og køyrde kajakken for full guffe inn i ein berghammar. Den første skramma gjer mest ilt. NDK toler det.

Romany. Spegling er kult. Skjer nesten aldri.

Tilbake til samanlikninga:

Frå venstre: Nuka, Alaw, Romany. Romany er den einaste som er "flat" nok på sida til øvinga "frittståande sidelengs på plen".

Frå venstre: Alaw, Nuka, Romany. Alle båtane har ganske mykje "spring" (bananform) og er ganske flate under. Nuka har ikkje trekt tuppane så langt oppover på oversida, men har nesten like mykje bøy under. Ikkje la deg lure av det som er over vatnet.

Alaw er mykje romslegare enn Nuken i sittebrønnen. Formen på framdekk med mykje oppbygging rett framom cockpit gjer at eg måtte ha høgare åreføring enn vanleg, men det fall heilt naturleg. Kanskje til og med bra sidan eg har ein tendens til å legge meg på for låg åreføring.
Det var uvant å kunne ha knea oppunder haka (men kven har vel eigentleg bruk for det under padling?).
Cockpit er alt for stor for meg, slik at eg fekk litt dårleg kontakt med båten. På ein slik liten tur gjorde det ingenting. Fotbrettet i Alaw var genialt, og mykje betre enn pedalstøttene i Nuken, men dei er på den andre sida lettare å justere. Bevegelsesmønsteret til Alaw var veldig likt Nukaen. Skummelt likt. Lettsvingt og lettmanøvrerbar. Alaw var ein tanke meir retningsstabil utan skeg, og kjentes litt meir stabil ut (primærstabilitet). Med skegen ute gjekk den på skinner, men det gjer jo Nukaen og.

Cowboyentring: Litt uvant at baktuppen stikk så høgt! Bakdekket rett bak cockpit ligg omtrent like lågt i vatnet på Nuka og Alaw, men tuppen ligg ein "halvmeter" høgare på Alaw. Det kjentes i alle fall slik ut. Men når eg først fekk tenkt meg om så var det greit å gjere cowboyentring. Alaw ligg veldig stabilt i vatnet. 
Eg likar dekksrigginga betre på Nuken. På Alaw sluttar deksrigginga ein halv meter bak cockpit, medan på Nuka går den heilt fram. Plassering av strikkane framom cockpit fungerar og betre på Nukaen (det har sikkert litt med vane å gjere også).  

Fakta:
Nuka: lengde 5,03 m, bredde 52 cm
Alaw: lengde 5,21 m, bredde 53 cm
Romany: lengde 4,89 m, bredde 54 cm

Artig å treffe nye padlevennar og teste ny kajakk! Takk for lånet Ann!

Turen vart ca 10 km

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar