mandag 11. juni 2012

Ellingsøyfjorden på langs

8.-9. juni hadde vi eit tidsvindauge til padling. Fredag ettermiddag var Sygni og eg på plass ved Vika feriesenter. Alt fekk plass i kajakkane og det var SOL!

Rimeleg fornøgde allereie FØR start.

Det var gjennomført nøye kalkulasjonar i høve flo/fjære og yr.no med tanke på vind på førehand. Det var EI kjent utfordring på turen: Dragsundet. Der ville vi få straumen i mot på eit relativ ugunstig tidspunkt. Ellingsøyfjorden rinn liksom ut i begge endar, og det er igrunn ganske rart. Elles var vi førebudde på ein fantastisk tur med vind i ryggen og medstraum heile vegen...

Dragsundet del 2. Med litt rå makt kom vi oss gjennom tidevasstraumen.

Ein liten strek i regninga var det at vinden snudde når vi snudde, så det vart motvind heile fredagen. Vi heva oss over det, og kosa oss utover fjorden. - Til å vere Ellingsøyfjorden er det no ganske fint, sa Sygni.

Blåne på blåne

Eit av høgdepunkta på turen er passering  av Straumsbrua. Eit av dei flottaste byggverka på Sunnmøre!
No var vi i alle fall komne så langt at vi hadde medstraum, noko som er ganske greit, då straumen kan vere ganske sterk her (Link til tidlegare straumpadling her).

Store gamle Straumsbrua.

Pause på Vemøya. Det viste seg at Sygni hadde fått plass til jordbær i Romanyen! Kjekk overrasking.

Ellingsøyfjorden er grunn, skvalpete på alle vindretningar og full av straum. Det er bilvegar (og tilhøyrande trafikkstøy), byggefelt og industri på alle kantar. Så eigentleg er eg litt negativ til heile fjorden. På den andre sida er det ganske idyllisk her dersom ein fokuserar på dei rette tinga.

Strandnellik i solnedgang

Nuka i kveldssol

Padlar med Sunnmørsalpekveld-bakgrunn

Det som er fint med å telte er at det gjev moglegheiter for å vere oppe og ute seinare og/eller tidlegare enn vanleg. Det som er eit lite tankekors med å oppleve solnedgangen på sjøen er at då må teltplassen lokaliserast i skyminga. Teltplassar veks som kjent ikkje på tre i Sør-Norge, og særleg ikkje når vi er litt kresne. Dyrøya var målet, og der såg vi ei fin grasslette. Men det var og ein haug med båtar og folk der... Ettersom det var lite aktuelt å padle vidare, så senka vi krava til villmark, og godsnakka oss inn med speidarane og ungdomsskuleklassen som allereie hadde invadert øya. Det vil seie at alle leiarene trudde at vi var leiarar på den andre gruppa...

Morgonstund og teltlivet er HERLEG!

Våningshuset på Dyrøy.

Speidarleiren

Det er faktisk speidarane som eig øya, og det er mykje leiraktivitet her. Dei delte gjerne på goder som utedo og vatn.

Kanskje litt trøtte i trynet, men vi er klar for dag 2!

Fru Aarseth i Årsetvika med godguten "Romany".

Dag to starta med medstraum, medvind og det var (for) varmt og deileg. Heilt grei start på dagen. (Det vart jo motvind og motstraum og meir normale forhold etterkvart då..)

Ellingsøyfjorden ved Langøya

Sidan vi begge hadde program for resten av helga, måtte vi på ein måte berre padle heim. Det vart diskutert mytteri og avbestilling av bursdagsfeingar m.m, men vi tok til vit og padla kortaste veg om Nørvesundet heim att.

Under innfartsvegen til Ålebyen. Det har då sin sjarm?

Turen vart totalt 33,5 km.

Takk for turen, Sygni!

3 kommentarer:

  1. Sjøl takk, Lene. Ellingsøyfjorden var no rett flott så lenge ein hat skylappr for den industrialiserte sørsida. Men vi kom vel til at det trass alt er flott at nokon gidd å drive industri her :)

    SvarSlett
  2. Kjempefin reportasje Lene. Ann

    SvarSlett
  3. Hyggelig lesning for en østlending som har tilbrakt mang en sommer på Skodjevika (Skøyevika). Spesielt på Svorta-sida.
    mvh Knut

    SvarSlett