søndag 10. april 2011

Padle-kick-off i Ålebyen

Sliten og fornøgd. Det går fint å padle i Ålebyen! Turen i dag hadde alle ingrediensar.

Nina kom heilt frå Askvoll. Vi skulle padle i lag med Signy først og klare oss på eigen hand etter lunsj. Bra samarbeid mellom Askvoll padleklubb og Ålesund turpadlelag det!

Nina testar Sunnmørspadling

Signy på Nørve

Brukbart ver og veldig godt selskap. Dønningar etter veret i veka, men vindstille. Borgund - Nørvesundet - Ellingsøyfjorden. På Lerstadholmen møtte vi dei tre bukkane Bruse. Som vart rimeleg irritert når fotografen ikkje hadde med kraftfor..

Etter pausen drog det seg til med litt regn i lufta og litt meir vind. Nina og eg for over mot Langevågen og småøyene der. Fint på Sunnmøre og, må innrømmast det.

Tydeleg vår i lufta og mykje fugl å sjå. Faktisk mange fleire både i tal og artar enn eg er vant med frå naturreservata i Askvoll.... Tjeld, fleire artar måsar, ender, gås og ærfugl. Hannen stakk men hoa vart sittande igjen.

Ingen bilder frå kryssinga over til Hessa pga bølgehøgde. Har ikkje vore ute med Grenlanden i så store bølgjer før, men det gjekk fint, når eg droppa einkvar tanke på fotografering vel og merke.

Vi var litt høge på nye fjordar og nytt landskap: -Vi tek vel med Aspøya og? - Sjølvsagt..
Kontrastane var store på turen. Moderne fiskebåtar, industribedrifter, olje og laksfett på sjøen og nitrist forfall. Ålebyen har ikkje brydd seg med å pynte sjøfronten sin der ein ikkje kan sjå det frå Hurtigrutekaia.


 Vanligvis brukar eg å sitte inne her og sjå ut. Då er det som regel sol og blått hav. Eg ser at det kler meg nesten betre å sitte i kajakk utanfor.

Dei fleste turistane i Ålesund er på byvandring. Nina ville på bypadling, og det fekk ho. Brosundet er fint. Litt kort. Men veldig fint.


Nina hadde usedvanleg mange gullkorn i dag. Det aller beste kom litt utpå dagen: "Dersom vi vil oppleve noko nytt og spennande må vi finne oss i at det av og til vert litt langt heim att."

Og det vart det. Medsjøen dei siste kilometrane var velkommen. Våte og kalde vart vi,  med naglebet så det held,  etter å ha lest kajakkane på bilen. Vår og vår. Våren har framleis litt å gå på.

Oppsummering: Padling i 3 fjordar, ei gjennomført cirkumnavigering (Aspøya) og totalt 28 km fordelt på ca 7 timar ute. For min del er det nok ny dagsrekord. Så eg har i alle fall fått meg eit skikkeleg kick-off når det gjeld padling i Ålebyen!

4 kommentarer:

  1. Litt av kvart her ja - bypadling ser flott ut ! No opnar vel snart uteserveringa rundt Brosundet òg, men kombinert med padling kan vel det bli mykje rull og tull ut av. Imponerande kick-off med nesten 3 mil tilbakelagt !

    SvarSlett
  2. Flott tur dette, sjølv om det var urbane bilete! Det er litt rart at det ikkje er ærfugl i Askvoll. Mem det kan jo skuldast litt for mange oter?

    SvarSlett
  3. Såg du noke til 2,4mR båtane på Nørvevika?

    SvarSlett
  4. Imponert! Skikkelig langtur dette da! turen i morgen blir jo bare småtterier i forhold...hihi

    SvarSlett