Søndag 11. april drog vi i samla flokk til Nordneset. Farstadstranda er imponerande, og ute ved lykta ser ein heile Hustadvika. Vi studerte fenomenet brytande bølgjer over kaffikoppen. Ein oter kasta seg rett ut i brenningen. Det er godt vi har ulike preferansar i livet.
Vi er bortskjemt med lett tilgang til stor og dramatisk natur på Vestlandet. Gravrøyser og spor etter tarebrenning (jodproduksjon) sett fart i fantasien om folk og aktivitetar i gamle dagar. Hestehov og eit mildt drag i vinden varsla om vår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar