Eg trudde det måtte vere ein buorm, fordi eg tykte den hadde store "plater" på hovudet og at den var utruleg snirklete i krypinga si.
Mamma fekk ein buormforskar på tråden etter å ha lagt ut tekst på bloggen sin. Det viste seg å vere ein hoggorm likevel. Om nokon tek bilde av ein buorm i Møre og Romsdal er det faktisk ein sensasjon, og det er folk som er seriøst interessert i å få vite om det.
For oss var no dette ei god påminning om å sjekke litt FØR ein kastar seg i lyngen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar