Viser innlegg sortert etter relevans for søket tranøy fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg
Viser innlegg sortert etter relevans for søket tranøy fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg

fredag 22. august 2014

Korsnes, Tranøy og Engeløya - herleg trippel i Nordland

3.-5 august.  Karianne og eg skal klare oss på eiga hand sørover i Nordland. Første stopp var på Korsneset i Tysfjord hos Per Arne.

God stemning på fantastiske svaberg!

Hytta var påbygd sidan sist eg var innom, og resultatet var bra! Det var kjekt å treffe gamle kjente og praten gjekk om laust og fast. Vi vart sittande oppe utover natta og klarte endeleg å ta knekken på den sommarakevitten eg har drassa på. 


Panoramabilde. Foto: Karianne

Dagen etter var det lummert. Kjempevarmt og trykkande. Vi sette kursen mot Tranøy for litt sightseeing før regnet kom. 


På fyret er det restaurant, moglegheiter for å gå i tårnet og overnatting. Guiden beklaga at vi ikkje fekk betre utsikt. 25 meter oppe i støypejarnstårnet var det flott å sjå sjølv på ein grå dag, og det var ganske ekkelt å gå rundt på utsida av lykta. 



Etter scampi (kjempegodt!) på kafeen på fyret for vi til Tranøy sentrum. 

-Å, nei! stønna vi då vi kom til Tranøy og dette skiltet. Nok ei "turistfelle" med kjempestor parkering og masse bussturistar. 

- Det er no heldigvis ledige plassar, seier eg. Vi tykkjer det er litt merkeleg at det skal vere behov for fleire hundre parkeringsplassar her ute, sidan det ikkje er ferge eller noko anna vidare transport heller. Det er no ein taslete parkeringsplass vi finn, men hiv oss ut med friskt mot, pengar og kamera.

Tranøy er ei utruleg fin lita bygd. 

Flott natur, gamle velstelte bygg med historisk sus, og ikkje minst kulturløypa! Vi startar i ein ende og nyt bygd, natur og kunst. Ei kvalfangstskute er sett på land og fungerar som kafè. Vi er ikkje svoltne riktig enda, og går på skulpturjakt. 

Blome og skarv. Har Smeden i Sund vore her og?

Kystkvinner!

Desse damene til Ingunn Dalin har vi sett før - eit par av dei står godt på Bulandet og!


Sjøstjerner som strekk seg mot himmelen. Min favoritt!

Neste skulptur står der borte med parkeringsskiltet, og heiter «Plass til fler, tid til mer», seier eg. Vi ser på kvarande og flirer! Jaha, så parkeringsskiltet VAR ein skulptur! Rein KUNST ja. Artig. Den gjekk vi rett på gitt.  

Eit lite dikt har og fått vere med

Marmordama sitt på haugen og har den finaste utsikta. 

Det går ei eiga kunstløype over nokre flotte svaberg. Her er det salsutstilling med bilde. Flott plass og fin kunst. 


Svabergkunstvegg - naturleg galleri. Foto: Karianne

Eg myser på kartet. Neste skulptur heiter " Du er her". Eg høyrer det i det same det vert sagt høgt. NO går vi på kafe. "Dorotheas fryd" har verdas beste kaker!

Sjokolade og rabarbrakrem mmmmmmm!

Vi diggar Tranøy. Hit skal eg tilbake!

Nordlandsstemning

Ut på E6. Det høljeregnar. Vi køyrer sørover. Kor langt? Yr.no fortel at den einaste staden med opphaldsver er Steigen... Fleire har fortalt om kor fint det er der, så vi tok ein kjapp sving til høgre, inn i ein lang tunell og sikta på Engeløya. 

Det skin opp i Steigen

Vi finn ein grei teltplass, men skal bare køyre litt til. Då ser vi ei gigantstrand! DIT skal vi!

Bøsanden på Engeløya

Sand, kulturlandskap, flatt og bratt.

Panorama Bø-sanden

Solnedgang mot Lofotvegg i skodda

Skjell - Foto: Karianne

Bål på stranda. Nydeleg kveld.

Lofotveggen! Skodda lettar og fargespelet mot fjella er fantastisk!

Er det Hermannsdalstinden der borte skal tru?

Det kjem mørke skyer. Det tordnar i det fjerne. Vi fyrar bål og ser at veret kjem nærare. Tordenskrella vert høgare og høgare. Vi ser lyn flerre i horisonten. Det er framleis fint på VÅR strand. Det tettar seg til, og vi har sett hundrevis av lyn. No rullar tordenen i våre fjell, og vi kryp inn i teltet. Kor lurt er det med karbonstenger? Vi lurar litt. Lyna flerrar rett over oss, og lagar blitzlys i teltet. Syndefloden kjem frå oven. Eg må ut og bardunere teltet skikkeleg - vindkast, torden. lyn, vatn, alt på ein gong! Inferno av svart og kvitt. Herregud for eit ver!

Vi skulle ha filma.

Frukost. Brødskiveskjering pågår inne i ponchoen. 

Dårlege vermeldingar og vi sett kursen heim. Mil etter mil på E6. Karianne tok fly opp til Bodø, og begynner å sjå kva som er haka med Nord-Norge-ferie. Ferien er ikkje heilt slutt, og dei siste dagane skal vi ta i lag med familien på Skarset. Møre og Romsdal skal få det beste veret i Norge dei kommande dagane, og då er det ikkje nokon grunn til ikkje å vere der. 

Namnlaus stad i Namdalen. Siste feriestopp. 

fredag 1. juli 2016

Henningsvær - Moholmen - Kabelvåg

01.07 Første sommarferiedag 2016! Mildrid og Kristin kom på besøk, og vi var klare for late dagar i Lofoten. Kristin hosta og var pjusk, så vi starta som turistar i Henningsvær og delte oss utpå ettermiddagen.

Turistane! Sommar i nord 2016 erklært opna.

Høgt heng dei, men sure...? Nope. 

Molo og hamn i Henningsvær. Flott bygd!

Kristin vart etterkvart sendt heim og Mildrid og eg la ut i kajakk. 

Lekkert ved Henningsvær

Mot Kalle

Glimt av fyret, før vi startar kryssinga over.
Mildrid var ikkje retningsvill, men peika heller på ei nise som for forbi.

Flott bak oss og, sjølv om vi hadde fokus på fyr og ope hav (om Vestfjorden kvalifiserar til det) 

Sola braut skikkeleg gjennom då vi nærma oss fyret

Det store spørsmålet var: Kjem vi oss i land? Det vert ikkje stillare på sjøen enn denne kvelden, så det var no eller aldri.

Mogleg ilandstigning 1

Mogleg ilandstigning 2

Ikkje optimalt. Vi padla rundt.

Ny Nordkapp på Mildrid - fin kajakk

Baksida: Ikkje akkurat enklare her. 

Det tok ikkje lang tid å få oversikt på Moholmen. Det er heller ikkje vanskeleg å forstå problemet med å få leigetakarar/drift her ute. Tøffe damer i tørrdrakt gjev ikkje opp så lett, og vipps: I LAND! Mildrid klarte seg utan å verte våt, medan eg valde taktikken plump uti til livet. 

Faktisk landing

Vågakallen fint innramma

Bygningsmassen på Moholmen var sliten, men sjarmerande. Sjølve fyrmeisterbustaden var kjempediger!

Det første fyret på Moholmen vart bygd i 1914, og flytta til Tranøy. Det vart sett opp eit mindre fyr her. Det budde fleire familiar her ute i periodar, og fyret vart fråflytta i 1974. Det har vore diverse forsøk på å få til noko drift i bygningane, men utan hell pga vanskeleg tilgang.


Sommarsjølfie ved foten av fyret (foto: Mildrid). 

Det var ein nydeleg kveld, og vi vart sittande i berre undertøyet. Kveldsmat, kaffi og sjokolade. Kommande midnattsol over Vågakallen. Hurtigruta som kom og gjekk. Eg visste allereie at dette kom til å stå som ein av dei aller beste sommarkveldane. Tida stod nesten stille og vi vart sittande i fleire timar. 

Grei kveldsutsikt

Basecamp Moholmen

På heimveg

Klokka 23.55

Havblikk på Vestfjorden. Det var magisk å padle heim til Kabelvåg. Stilt på sjøen. Gull og svart. Vi padla frå sola og inn i skuggen oppunder land. Ein einsleg vasskuter ved Kabelvåg reiv oss ut av eventyret og tilbake til 2016 realitetane. Eg var godt nøgd med ferien så langt. Mildrid var godt nøgd med Lofoten. Kristin hadde fått påvist lungebetennelse, men var godt nøgd med servicen på legevakta og antibiotikakuren. 

Flyfoto frå Moholmen fyr på Facebook - fotograf ukjent. 

Henningsvær - Kabelvåg om Molaupen; 19 km padling