Viser innlegg sortert etter relevans for søket Høgsteinen fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg
Viser innlegg sortert etter relevans for søket Høgsteinen fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg

lørdag 8. februar 2014

Trilletur til Høgsteinen fyr

Laurdag 8.februar. Trude og eg avtalte trilletur. Kvar er det sol, veg og lite bilar? Vi enda som vanleg på Godøya. Vi parkerte ved Spar-butikken og gjekk utover mot Gjuv. Nydeleg!

Høgsteinen fyr - fyret på bondelandet frå denne vinkelen. Her skal vi ned etterpå.

Kul apeskrekk

Trillings på Gjuv. Sukkertoppen bak.
Laura held heilt stilt så lenge det er full fart på vogna.

Elg i solnedgang.

Eilifrøysa. 

Gravrøys frå yngre romartid, ca 350-400 e.Kr. Dette var vist bokstavleg talt ein gullalder på Sunnmøre, og det vart funne gjenstandar frå kontinentet av både gull og bronse i grava. Diameteren på røysa er ca 40 meter og ho er ca 10 meter høg. Han var nok ein retteleg storkar han Eilifen. 

Teambilde og kaffi. Kjekt med rast i februar! Dette var ein skikkeleg vårdag, kunne nesten vore april.

Hareidlandet til venstre, Herøy i midten med Remøy og Runde og Gødøya i høgre kant. Fin utsikt til kaffien!

Freda Høgsteinen fyr frå 1857 - fredelege Laura frå september 2013

Høgsteinen fyr er eit skikkeleg Kardemommebytårn på 11 meter. Det er fin gangveg ned til fyret, og ein finfin tur med barnevogn. 

Tidleg krøkast... 

onsdag 2. mai 2018

Gøy og grundig på Godøya

1. mai Bonusfridagane i mai må nyttast på beste vis, og etter litt om og men vart det Godøya. Sjølv nestan utan svell i sjøen er det morsomheiter å finne her ute, og strandlinja mot sørvest har spennande steinformasjonar som ein kan snirkle og krongle seg inn i og i mellom. Kjekt med ny konstellasjon av padlefolk, og det vart erfaringsutveksling frå ulike ståstader - dessutan er det eit godt utgangspunkt for å fortelje alle dei gode historiene ein gong til! Eg trudde på førehand at det vart enten leik eller turpadling i løpet av dagen, men jaggu vart det begge delar inkludert fyrsafari og cirkumnavigasjon. Eg må begynne å trimme meir om eg skal halde tritt med denne gjengen!

Ta-rei! Ut på snirkletur med utgangspunkt Alnes

Flott fyr - som alltid!

Langs land ut mot Lestaskjeret. 

Dramatisk natur og breie glis. God stemning. 

Bittelitt action på Lestaskjeret...Men nok til å kjenne på kreftene.  

Innimellom og rundt kule formasjonar

Grottepadling

Ups. Fanga i fella. Klarte å sjarmere meg forbi manngarden. 

Med lavt blodsukkernivå og aldeles på overtid vart vi einige om matpause og beinstrekk på Høgsteinen fyr.  

Høgsteinen fyr - landemerke som eg ser i frå stova

Eg har ikkje vore inne i dette fyret før. Det var skikkeleg tårn-stemning, med murstein, flassande murpuss, trange vindeltrapper og tjukke veggar. Eg såg for meg Rapunsel med flettene oppe i glaset. 

 
På toppen av Høgsteinen. Veldig bra padlegjeng! Blide og kjekke karar altså! 

Sukkertoppen

Lunsj - eller nons alt etter kor ein ser det. 

Avgang

Vi klarte å berekne det slik at vi fekk vindrossene i forkant av den EINE regnbyga midt i fleisen på veg heim. Seige kilometer. Det var kanskje ikkje SÅ mykje vind, men det er evigheiter sidan eg padla i motvind, og eg er jo litt for lat til å synes det er kjekt. Trimmen fekk vi,  og tilbake i hamna hadde vi full runde rundt øya og utruleg mange fine inntrykk frå svell og stein og fyr undervegs. Ei redning fekk vi og prøvd oss på - og mairulla på godsida er i boks. 

Takk for turen! 

Ca 20 km

Godøya: namnet kjem av heiden gud og fortel truleg om heiden gudsdyrking på øya (stadnamnleksikon)

fredag 10. oktober 2014

Heftig og begeistra rundt Godøya

07.10 Sygni og eg hadde padleavtale, og avtalar held ein jo, sjølv om eg framleis var lang i armane etter helga. Vi landa på Godøya rundt. Meldingane var austavind, men berre 3-4 m/s. Styrken på austavind langs kysten her er kanskje Yr.no si største svakheit. Vi såg kva som var av faktisk vind (frisk bris) og var førebudde på det meste. Det som er fint med Godøya er at det er veg eller sti rundt heile øya, mobildekning og mogleg å komme i land dei fleste plassar om ein svelgar kamelar når det gjeld stil og striper i kajakken.

På nordsida av Godøya i skuggen - med frisk bris i mot. 

Den første timen var ei rein arbeidsøkt, men vi viste at det kom sol og medvind etterkvart.

Innover mot Ålesund - fin by frå sjøen og!

På aust-tuppen var det vind og straum og skikkeleg skvalpete. Eg måtte ta litt i for å komme forbi. Det eg hadde tenkt som medvind vart i første omgang sidevind, saman med krappe fjordbølger. Interessant. Balansen fekk trening. Det var skikkeleg "tippy" rørsler i kajakken, utan noko mønster. Det slo oss kvifor vi padlar minimalt i fjordane...

Sidesjø, men berre store glis hos Sygni. Då er det vel greit for meg og då..

Etterkvart kom vi ned til Høgsteinen fyr søraust på Godøya. Dette er eit innseglingsfyr, 11 meter høgt og av sjeldan vare; teglstein. Fyret er opphavleg frå 1857 og freda som kulturminne no. 

Høgsteinen fyr

Veldig fint. Må ha to fyrbilde i dag. 

Neste etappe var kjempekjekk! Langs heile austsida fekk vi medsjø og småsurfa bortover. Inne ved land var det nesten heilt vindstille, sjølv om det gjekk kvitt midtfjords. Herleg å suse avgarde utan å bruke krefter i det heile. Vi kom nesten på Lesten og møtte dønning frå havet. Sikkert lurt å gå i land? Matpakkeeting og andre naudsynte ærend må ein berre ta seg tid til, og eg ville ha litt å gå på før vi skulle runde Lesten.

Ikkje akkurat strand, men landingsplassen gjorde nytta.

-Vi har eit hav av tid før det vert mørkt, kjem det skråsikkert frå meg. Eg var førebudd på nokre kilometer med lite vind og litt dønning. I det same vi runda "Lesten" kom det vindrosser rett i fleisen på oss. Eg vart nesten feid avgarde. Dette måtte ha noko med formasjonen og fallvind frå fjellet å gjere, for i teorien skulle det ikkje vere mogleg med austavind her.. Gisp og gulp. Kva gjer vi no? Eg gjekk gjennom halve alfabetet og padla på. Det gjekk framover såvidt, men ikkje mykje. Eg såg Sygni sleit med framdrifta og. Akkurat der var vel den minst trivelege plassen å gå i land. Vi bestemte oss fort; kneppe på taueline, gje gass, sjå om det går - plan B snu tilbake. Som tenkt så gjort, og det gjekk. Med tauelina på kom vi oss samla ut av dei hardaste vindrossene til meir normal heftig motvind. Full guff måtte til, men vi kom oss framover, og såg stranda og Alnes fyr komme nærare om enn gradvis. 

I vest hadde vi verdas flottaste solnedgang. Sola gjekk som ei ildraud kule i havet. Ikkje ei sky. Ingen dis. Raud kule. Blått hav. Og det var berre ikkje aktuelt å stoppe for å ta noko bilde. Vi kasta så mange blikk vi fekk til ut i horisonten og prøvde å feste bilda i hjernebarken om ikkje anna. Det er truleg den flottaste solnedgangen eg nokon gong har sett.  

Restane etter århundrets solnedgang


Alnes fyr -no er det berre surfen som står att..

Vi hadde berre eit lite crux att. Korleis var surfen i dag? Det skumma kvitt av surfebølgene i motvinden og det var surferar uti som vi såg vart kasta av bretta sine. Sidan vi kom frå yttersida hadde vi ingen begrep om kor store bølgjene var eller korleis dei braut. Skyminga gjorde det ikkje lettare, og sjølv om eg har surfa litt i år, så har det aldri vore med grønnlandsåre. Vi nærma oss forsiktig, og det reiste seg ein diger dønning under oss. Aiai - ikkje det settet her! Vi rygga og fomla og bakoverpadla til vi fekk meir oversikt, venta til settet hadde gått og dura på. No ser det snilt ut! GO!
Det gjekk faktisk heilt fint, men likevel hadde eg høg puls og skjelv i beina. Eg snubla meg opp på stranda og kjende på at eg var utruleg sliten og hadde det heilt fantastisk på same tid!

Turen rundt enda på 16 km. Resten er frå bilturen heim...

Utruleg fin tur. 
Klåre fargar, nydeleg ver, vind i alle utgåver, sol og lys og mykje mestring undervegs. Takk for turen Sygni!



tirsdag 27. mars 2018

Påskeøya Godøya

26. og 27.03 Heimepåske og litt lite energi. Det er då det gjer ekstra godt med skikkelege påskegåver. Den beste i år var pause i vegarbeidet og open tunnel til Godøya! Eg var ute der to heile dagar og dingla rundt. Flott turterreng. Vårens første is. Sol, hav, fjell og svaberg. Nydelege solnedgangar. Iskaldt på toppen. Lunt i solveggen.

Mot Ålesund og Sukkertoppen. Høgsteinen fyr.  

God sti heile vegen frå Juv og opp på Storhornet. Lite pust i motbakkane, så det tok si tid. Iskald vind på toppen, men krystallklår luft og veldig god utsikt

Mot Herøy og Stad. Seinare på dagene gjekk eg stien langs kanten her. Godøya sin mini-bessegg. 


Sulafjorden

 Her ligg fyra på rad og rekke og markerar leia og kysten. Alnes, Erkna og Storholmen som ein bitteliten prikk der ute.  


Giske og Valderøya

Surfestranda på Alnes. Interessant forflytning av sand. 

Lestaskjeret med Runde i horisonten
Dagen etter gjekk eg langs stranda nede her. 




Alnesvatnet og Storhornet. No har eg gått heile runden og skal berre ned att til bilen. 

Dag 2 gjekk eg og over Storhornet, men ned til Alnes og stranda tilbake til Juv. Det var faktisk litt lenger enn eg hadde tenkt, så eg var sliten på slutten. Men nydeleg! Artig å gå etter ruglete svaberg langs stranda i kilometervis. 
  
Alnes hamn med kvalbåten

Vår i naustveggane på Alnes

Alnes fyr (ofte med kaffi og kaker)


Surfestranda har fått juling, og det er meir stein enn strand for tida. 

Einsleg surfar som prøvar seg. Bølgjene hadde vore perfekt for rustne kajakk-surferar og. 

Tilbakeblikk på fyret


Magiske solnedgangar (frå Kvalneset på Giske) sette punktum for desse fine påskedagane ved kysten.

Sola går ned bak Alnesrauden

Erkna fyr

Storholmen fyr

Kula har gått ned bak horisonten - siste strålar.

Støtt gjerne arbeidet med å tilrettelegge stiane på Godøya: 

Liten runde: 11 km
Stor runde 18,5 km
Ca 500 høgdemeter.