13.08 ...rett nok utanfor Mildrid sin dørstokk. Ho hadde observert ein delfin i området nokre dagar. Det freista å prøve å padle med han. Vi hadde fri og det var framleis varme i augustsola. Tovågen var som alltid reine idyllen, og det var kjekt å treffast. Pandemi og ymse utfordringar har lagt ein dempar på sosial omgang siste åra. Sterke i trua padla vi rundt heile fjordbassenget. Nerdeprat om kajakk og test av nye årer. Ingenting å sjå. Jaja. Fin dag i sola uansett. Vi snudde på heimveg, men DÅ såg vi ei svart finne i det fjerne! Delfinen hadde stått opp og var på fisketur! Lynkjapt for han rundt oss. Hit og dit. Hit og dit. Det var nesten umogleg å forstå kvar han kom til å dukke opp neste gong. 90 graders svingar, 360 graders vendingar, sideveis svøm og høge hopp! Her var det ikkje noko å seie på reportoaret eller framvisninga. Han var ikkje spesielt oppteken av oss, men vi fekk sjå han nær kajakkane nokre gonger. Stor oppleving!
onsdag 18. august 2021
søndag 20. desember 2020
Desembernatt i naturen
10.desember Flott ver - og vi heiv oss avgarde. Desember er full av så mykje, så vi pressa inn køyenatta mellom heimekontor, adventskalenderar, julepynting og oppfølging av sjuke folk. Sjølv om vi måtte tidleg opp for å rekke jobb neste dag. Vår aller første hengekøyenatt var i Borgundgavlen, så det passa godt å avslutte prosjektet der. No var vi betre kjent der ute og hadde ein perfekt lokalitet i tankane. Det var stup mørkt då vi la avgarde, men mildt og vindstille.
fredag 27. november 2020
Novembernatt i naturen
27.11 Best under press! Tidlegare i månaden hadde det vore både sommartemperaturar på 15 grader og full storm. November nærma seg slutten, og vi kjente presset på utenatta. Etter ei kreativ idemyldring landa vi på Taftasundet denne gongen! Klårver og måneskin i ein mørk del av Ellingsøyfjorden var planen. I tillegg satsa vi på så kort gangavstand frå bilen at "kjøpeved" var eit alternativ. I eit tilrettelagt friluftsområde med badeplass, regna vi med at andre hadde fyrt opp rekveden.
torsdag 19. november 2020
Kvalpadling til Reinfjord - 2020
13.11 Fredag den 13.! Den einaste dagen med lite vind på meldingane, og vi satsa på flaksen og la opp til ein lang dag på sjøen, med rekognosering både på Spildra og i Reinfjorden. Gråare morgon, og mørkare då vi la ut, men heilt vindstille.


















































