fredag 7. september 2018

Ulvesund fyr

7.09 For å få mest mogleg ut av felles turhelger så har "møtast på midten" vorte eit konsept. Denne gongen kunne vi ikkje dra før etter jobb fredag. Då freista det med fyr-overnatting som opplading til padletelttur resten av helga. Vi har padla forbi og vore innom Ulvesund fyr fleire gonger, men ikkje overnatta her før.

Hornelen ønskjer velkommen til Nordfjord!

Parkert ved Ulvesund fyr - med utsikt rett ut Sildegapet

Ulvesund fyr

Ulvesund fyr er det sommarkafe og overnatting. Vi kom utanom sesong, og måtte klare oss sjølve med mat. Flott service og informasjon fekk vi likevel. Veldig fin plass, med litt mykje knott i hagen når det er vindstille. Det må ein berre sjå på som eit luksusproblem.  


Haust i hagen

Idyll

  


Visdomsord som er gode å ta med seg
 
Fredag - tapas på kjøkkenet - og her vart vi sittande utover kvelden! 

Mange skip gjekk forbi. Heile 3 lasteskip, eit offshore, ein hurtigbåt og ein fiskebåt samt nokre små. kjekt å sjå! 

Solnedgang bak Vågsøya og Raudeberg

Frukostutsikt - og for ein dag!!
Sommar i september! 

Hit til Ulvesund kjem vi gjerne att, og eg håpar å ta med fleire padlevenner etterkvart! 

lørdag 1. september 2018

Torunn testar Skim Differ

1.09. Turunn er ganske fersk padlar, så eg nytta høvet til å dra ho med på søndagstur og introdusere ho for Pippi! Eller kven som drog med kven kan sikkert diskuterast. Grått, vått og vind,  men godt å vere ute nokre timar. Håpar det vert fleire turar på oss etterkvart!

Dei kler kvarandre godt i grunn? 

fredag 31. august 2018

Siste sommarnatta på Synesholmen

31.08 Fredag - og siste sommarkvelden i 2018. Panikken for at sommaren faktisk snart var slutt greip oss. Alle dei fine kveldane må nyttast! Vi veit ikkje kor magne vi får utover. Havblikk og solnedgang, denne kvelden vart det i alle fall silkeførepadling! Heldigvis, sidan eg hadde gløymt spruttrekk.  Sjeldan eg gløymer slike ting. Det kjendes skikkeleg rart å padle utan trekk. Omlag som å køyre bil utan sikkerheitsbelte. Vi hadde med ved, fyrstikker og litt grillmat og let kveldsmørket senke seg før vi for heim att ved midtnatt. Månelyst og skimrande sjø. No kan hausten berre kome. Vi har nytta sommaren godt! Mørkepadling vert det nok meir av utover. 

Lovande frå start

...og blankare vart det...

Eg har stø kurs mot båling og Synesholmen (Foto: Roger)


 

onsdag 29. august 2018

Prøvepadling med surfski

17.07 og 28.08 Test av surfski på Giske. I juli fekk eg prøve Epiv V8 pro, og i august var det Kyrre sin Nelo (42 cm brei og 6,40 lang) som stod for tur. Artig å prøve, sjølv om det er ei utfordring med balansen og eg skjønnar ikkje heilt reentry-teknikken.

Foto: Kyrre

Krevande øving å sitte i ro, må ha fart på desse for å ha LITT stabilitet

Kyrra har fått opp farta i Neloen

søndag 26. august 2018

Premieretur med Paul Gustav

26.08 Fleire av dei eg jobbar i lag med i Kystverket er nyfikne på padling. Denne kvelden vart Paul Gustav med på sin første kajakktur nokon sinne. Det gjekk veldig fint. Kombinasjonen stødig kar og blankstille er bra på premierepadling. Vi tok kort tørrtrening på redning på plena, la ut og for avgarde.  Eg må berre takke for tilliten! Ut i frå gliset vert det meir padling! Vi lova oss sjølve å øve på våt redning neste gong.