tirsdag 17. april 2018

Fire fine på fyrpadling - Grasøyane

14.04 Siste sjanse til Grasøyane fyr før fuglefredning og ilandstigningsforbod (som er 15.april - 15. august). Sygni hadde blinka seg ut denne laurdagen og fekk det nett som ho ville - full sol og null vind! Havert, steinkobbe, tjeld, ørn og fjæreplytt på vår veg. Mildrid såg nise og det var fleire representantar for sjøfuglane ute i sola og, men eg slit med å hugse namna/kjenne dei att (kvifor må dei vere medium store, svart/kvite alle i hop?). Kokekaffi, sjokoladekake og jordbær. God tid. God prat. Gode opplevingar. Godt liv.

Sygni veit kvar ho vil denne dagen. 

Speglblankt utover

Havblikk i havet

Fyret ligg i enden av ei lang rekke av holmar og skjer. 
Vi ville sjekke ut den andre enden først...

Dei innfødte var heime, men igrunn ikkje så interessert i å menge seg. 



 

Vårleg helsing på kaia - velkommen!  


Det var fleire ute med båt til Grasøyane og denne dagen. Vi hadde starta tidleg, og tok oss god tid på øya. Kaffikok og sightseeing.
 
Furet, værbitt, som det stiger fram....

Nydeleg tur innatt og. Vi er heldige! 

Sygni berga badeæra vår denne dagen, og slo til med ei eigenredning innafor moloen på Flø.

17 km padling

torsdag 12. april 2018

Havblikk og silkeføre

10. april 2018 For tida har eg ein kongstanke om å leite opp det som finst av padlemiljø i nærleiken, og engasjere meg meir på heimlege trakter. Då må ein berre slå til når langtidsvarselet flaumar over med sol og vindstille og Kyrre inviterte til tur på "Kajakk i Giske"-sida på facebook. All erfaring tilseier at padlerar er kjekke og greie, men eg vert likevel litt ekstra spent når eg skal ut i lag med nye folk. Rart med det. Vi vart tre på tur som la ut frå Sjong. I jamnt driv mot havet, horisonten og det som vi satsa på skulle verte ein fin solnedgang. Det var havblikk og vindstille frå første padletak.
   
Stø kurs mot Synes

Synesvågen neste, Erkna i bakgrunnen

Praten gjekk lett og som vanleg har padlarar mykje å diskutere seg i mellom. Det er alltid interessant å dele erfaringar og synspunkt på turar, utstyr og teknikk.  

Synesvågen er eit grunt område med sandbotn - perfekt til leik og rulling og slikt. 
I tillegg er det veldig fint her, og dei kvite snøkledde fjella i horisonten sette ein ekstra spiss på inntrykka. 

På flo sjø er det mogleg å snirkle mykje mellom skjera i vågen.

Vi stakk bortom Seglmerket på Brimneset før vi snudde heimover. Utanfor der kom seige dønningar mot land. Store krefter, sjølv på ein så stille kveld.

Drikkepause - Brimneset

Sola sto lågare no, og lyset skifta frå kvitt til gult, gull og gyldent. For ein fest vi skulle få vere med på! Timinga var perfekt, og vi fekk med oss heile showet til solkula gjekk i havet. Sjøen var så flat at det var freistande å stige ut av kajakken og berre gå bortover overflata. Fløyelsehav. Silkeføre. Solfest. 

Om du syns "Padlarar i solnedgang" er eit traurig motiv så må du gje deg her. Ja, eg gjekk bananas med fotoapparatet. Det var ikkje snakk om effektiv padling innover att, her var det berre å nyte solstrålande og kvelden. Vakkert. Heilt inn i hjarterota fantastisk.   









Heimveg

Kvalneset 

Giskebrua

Vi rakk ein god diskusjon utanfor hamna før det vart heilt mørkt.  Tusen takk for turen! Hyggeleg selskap og gyldne timar. Slike kveldar må ein ta vare på. Veldig kjekt å utvide padlenettverket med så trivelege og fotogene folk!   

ca 17 km t/r 

Er det tiur i kystfuruskogen?

11.04 Eg har hatt ein draum i mange mange år om å utforske gammalskogen i vårnettene og kanskje få med meg leiken til skogsfuglen. No vart det endeleg meir enn med tanken, og eg gjekk opp mot Austrheimssætra med hengekøye, varm sovepose og godt mot etter jobb. Småfuglane kvitra, bekken klukka, og skiføret var elendig. Ettermiddagssola farga fjord og fjell i vare pastellar medan den skarpe vårnatta baud på krystallklår stjernehimmel og varsel om at sommaren framleis er eit stykke fram.

Eg kan ikkje akkurat kalle det tiurleik, men eg høyrde sorten i kveldinga. Flott oppleving, og det einaste som var litt keisamt var å forlate skogen og soloppgangen for å gå på jobb. Eg kunne lett ha brukt heile føremiddagen på frukost og kaffikoking ute.



Klar for køya..

Vakne opp til Sykkylvsfjell og sunnmørsalpar som etterkvart badar i morgonsola... heitl greit.  

 

Faktisk forskning på vårnetter og skogsfugl kjem til å halde fram! Følg med! 

tirsdag 10. april 2018

Slakk straumpadling under Skodjebruene

8.april 2018 Verken vinter eller vår, og Mildrid var klar for Valderøyabesøk og padling! Padlenettverk er som ringar i vatn, og eg fekk møte Ingvild for første gong. Straumpadling vann over brottpadling og vi for inn for å vere i posisjon midt mellom fjære og flo.

Kajakk alltid eit lyspunkt på ein grå og dyster dag. 

Gamlebrua frå 1919, nybrua frå 2004. Ikkje noko tvil om kva bru som er den estetiske vinnaren. 
"Med sin elegante linjeføring og den gjennomtenkte materialbruken og detaljeringa er Skodjebruene arkitektur av høg kvalitet" (Riksantikvaren)
Det går ikkje an å vere sur i lag med blide padledamer! 
Storstraumen bru - 17 m seglingshøgde.

Majestetisk!

Lisjestraumen som kan vere artig og stri

Litt lite action her, men litt straum var det, så vi øvde på motstraums, medstraums og på tvers-padling. I Skodjestraumen er det og mykje fint å sjå under vatn.

Slangestjerner

Lunsj med utsikt til lisjebrua (Eggestraumen bru)

Teambilde (Frå Mildrid)

Fjellstøtt! 

Aprilrulla gjennomført på begge sider, og eigenredning. Ikkje så kaldt i sjøen som frykta. 
(Ingvild utskremt fotograf på land - takk!)

Kjekk søndag i veldig hyggeleg lag! 
Eg håpar det vert meir padling på oss utover, det er jo først no sesongen startar fo alvor!! 

Sist gong berekna vi bra straumen på fallande sjø (Kenneth og eg). Stigande sjø var litt verre å berekne. Full fjøre var 11.40. Det var mest futt i straumen i ca eit kvarter i totida og eit kvarter i firetida. Note to self, far helst på fallande sjø.

5,5 km padling, med liten radius!!