søndag 28. februar 2016

Surfesamling i LoVe

27.-28. februar. Padleklubbane i regionen samarbeida om "Surf'n play"- samling på midten. Dei lokale har leika seg her sidan i oktober, og eg sat veke etter veke på Sunnmøre i haust og var grøn av misunning! Kajakken har ikkje vore på vatnet i 2016 og endeleg var det min tur å teste Grunnførfjorden (høyr på det namnet - det seier litt om potensiale!). Jarle og Kristin kom frå Tromsø, og utover fredagskvelden vart det fullt på Hadselsand bygdehus/kyrkje/skule. Eit skikkeleg interessant bygg i grunn.

Det var ei så bra helg at eg startar med nokre linjer som kan syngast til melodien "Bestemor Skogmus". Fotografering vart nedprioritert, og dei som er mest interessert i fakta om helga får sjå nederst.

"Surfesamlingssangen"

Når det arrangeres surf 'n play,
må man melde seg med stort OKEY!
Og fra fjern og nær det kommer folk
for å kose seg og surfe litt med hver sin holk
Kanskje er det meg, kanskje er det deg, kanskje er det tra la lei.

Padlegjengen samler seg på Delp
Her er rev og bølger, rop om hjelp!
Og du lurer nok på hvem det er,
som herjer på og ruller rundt i strømmen her
Kanskje blir det meg, kanskje blir det deg, kanskje blir det tra la lei.

Super padlehelg tar også slutt,
Vi har brukt opp det som var av futt
Det må jammen bli en "neste gang"
derfor hedres "komitèen" med en egen sang
Kanskje blir det meg, kanskje blir det deg, kanskje blir det tra la lei.


Gira på surf!

Snøbyge og surt ver. Vi sett stø kurs mot indre rev.

Lunsjpause

KANONFORHOLD på grunna!!

Små bølger, som varte evig lenge. Lette å fange, relativt kontrollerbare og EVIG lange. Når bølga tok slutt landa ein på ca meterdjupt vatn og det var berre å padle ut att. Alle klumpa seg, herleg kaos, breie glis og eit utal fine surfar på både nybegynnarane og dei meir erfarne nybegynnarane.

Då det stilna her for vi ut på ytre revet - store bølgjer, kjempekult og litt skummelt! Hit skal eg fleire gonger! 

Heimveg dag 1. Heilt greit å padle rundt i fjorden her.

 
Dag 2. Brukbart frå start. Vinterpadling på sitt beste.

Kristin rullar i straumen
  
Full fjære og brått var den straumen vekk.

Vi for utover, sjekka nokre steinar med litt drag ikring, åt nista og sjekka revet. Det er ein hard jobb på ein søndag, men nokre må jo berre gjere det, så vi ofra oss.

Jarle kjenner på straumen

Ettermiddagsstraumen var langt meir kvass i kantane, og vi fekk prøve litt skikkeleg straumpadling! Takk til Morten for gode tips og instruksjonar!

Kristin og eg avslutta med februarbad i Morfjorden
før pizza og ubegrensa mengder smågodt i sofaen!

Karta frå Kristin sin Endomondo dag 1 og dag 2. Til saman 21,8 km

Oppsummert:
Flott arrangement og fine folk. Fin sosial summing om kveldane. God kommunikasjon i gruppa på sjøen. Ekstremt bra område for surf og leik i alle variantar.  
Februarrulla i boks.

For dei kule surfebilda frå helga sjekk Padlemia sin blogg
 





lørdag 13. februar 2016

Sydalsfjellet på ski (736 moh)

13.02 Premiere med randonee-skia. Elle melle i fine fjell - og vi la turen til Svarttinden/Sydalsfjellet (736 moh). Varsom.no med faregrad 3.




Svarttinden - eit portrett


Turen starta i bygda Gravermarka, gjennom beitemark, granfelt og ei ganske bratt side (ca 40 grader?). Deretter var det berre herlege kvite viddar og bakkar.


Innover og oppover her - herleg terreng!

Lunsjutsikta - Gimsøystraumen


Eg mista termoskoppen min, og den for nedover bakkane.

Mange minusgrader og kald vind. Det vart arktisk stemning og greit å halde på dunjakke etter lunsj, sjølv i oppoverbakkane.


Toppen i det fjerne


Sjarmøretappa


Utsikta frå toppen. Fine folk på fjellski frå bygda tok oss att på toppen, og kva trur du dei hadde med? Jepp, termoskoppen! 



Retur over Steindalsheia (708 moh) med flott lys i havet og horisonten


Hardt men fint skiføre store delar av nedkøyringa.

Fantastisk å suse ned mot fjord og solnedgang!


Livskvalitet på ein laurdag!



Siste henget var føret flakete og ekkelt. Vi gjorde som dei lokale med fjellskia, og tok oss langs med granfeltet på øversida og så ned. Med randoski var ikkje det noko særleg, så neste gong går det rett gjennom skogen. Vi ser at mange er tøffare enn oss på ski - men turane vert ikkje mindre fine av den grunn. Sydalsfjellet er ei perle - og vi skal ha den på lista over aktuelle turar seinare og. Hadde vore stas å treffe på puddersnø her. 360 graders utsikt og ein relativt grei tur.











søndag 7. februar 2016

Pilan (700 moh) på fjellski

07.02.16 Søndag og skitur. Vi la turen til Laupstad og fjellet Pilan (ca 700 meter). Mykje ver og friskt i fjellet.

Magisk i Lofoten/Vesterålen


Ingrid er like blid om det er ein grå og våt morgon med white out frå start.

Vi hadde kikka på vermeldinga og var sterke i trua. Det klabba godt på fellene frå start, som eg for sikkerheits skuld hadde gnidd godt inn med fellevoks, typa raud (tørt og kaldt), i mine pudderdraumar kvelden før.


Håp i frå vest


Det vart kald vind og framleis litt grått. Vi rigga oss til med vindsekk og åt lunsj. Livet vert så utruleg komfortabelt i ein slik vindsekk. Ein kan ete utan vottar, bytte kle, og i det heile tatt få seg ein pause og tine opp skrotten. Ikkje berre naudutstyr, men komfortutstyr og!


Dit skal vi! - Ingrid hadde kontroll, og det letta så mykje at vi såg toppen


Baut etter baut, betre og betre utsikt.


Toppen! Fin egg, rå natur og bratt ned på andre sida.


 
Trolldalstinden med venner?


Pilan er på kommunegrensa mellom Vågan i Lofoten og Hadsel i Vesterålen.
Teambilde - og temmeleg arktiske forhold!


Nedturen var i grunn ein nedtur. Eg hadde fjellski, og det kunne ha gått greit. Pappføre og sastrugiformasjonar er ikkje optimalt for mi skiglede, så det vart meir som ei jobbeøkt ned att. Sautinden på motsatt side av dalen hadde mykje snø og fine forhold, men det kunne ikkje vi sjå i gråveret om morgonen. NO var det innlysande kva fjell vi burde ha gått på. Vi valde å glede oss med puddarfantastastane som kom fykande ned med breie glis og orgasmiske hyl, og tenkte at det er vår tur neste gong. 


Imponerande kor fort vinden eroderar snøen og lagar kunst!


Lekker utsikt mot meir av Vesterålen


Mot slutten av turen fekk vi jammen med oss toppen på Higravtinden og Geitgaljen som stikk fram bak der.


Om ikkje nedkøyringa var heilt fantastiskså fekk vi ein veldig fin dag på fjellet, med mykje ver og mykje utsikt!


Pilan er ein sikker og grei tur - så hit går eg gjerne fleire gonger!




søndag 24. januar 2016

Trugetur til Ryten (543 moh)

23.01 Mange har snakka om Ryten i det siste, så det var artig at Per hadde blinka seg ut akkurat den på laurdag. I bilen var det utstyr for det meste, elle melle og truger frå start. Tung, våt snø og gjennomslag sjølv med truger. Vi gjekk frå Bergland.
 
Start på Bergland og sola i ryggen oppover bakkane.
 
I skaret og utsikt mot Vesterålen
 
Vi gjekk med truger ca halvvegs, så la vi dei i frå oss. Det var hard snø og fint med broddar i 150 høgdemeter. Dei siste 100 høgdemetrane er det tyngste eg har gått på lang tid. Tynn skare, med 5- 45 cm sukkersnø under og is i botnen. Først gjekk ein gjennom skara, deretter sankt foten ned i 2-3 omgangar til snøen nådde knea og vel så. I tillegg fekk broddane aldri skikkeleg feste i botnen. Som å gå med bakglatte ski, berre utan ski. Den som gjev seg er ein dritt. Ikkje turglede og utsikt akkurat dei metrane der. Det var tanken på toddy og matpakke, å nå fram til neste stein, og å i det heile overleve 3 skritt til som stod i hovudet.

TOPPEN!
 
Som vanleg er det verdt det. 180 grader hav, 180 grader alpine fjell. Pastellfargar og gyldne solstreif.

Mot nord-ish
 
Sørover
 
Vestfjorden og fastlandet langt bak der
 
Kvalvika rett ned. RETT NED faktisk..
 
Rått!! Fine surfebølger. 

Panorama fra Ryten - Flakstadøya og Moskenesøya

Flakstadøy-fjella rett i mot på veg heim.
 
Det er mykje lettare å gå nedoverbakke og vi var smartare i vegvalet. Det var godt med trugane på siste delen. Nok ein herleg dag på fjellet! (Lærdom: Ta alltid trugene med heile vegen!!) No håpar eg berre mildveret får bearbeide all snøen. Det er ikkje noko særleg om skisesongen startar med den lagdelinga der i botnen.
 
 
På køyreturen heim kom fullmånen opp og det var magisk og fantastisk og nydeleg!!

Fullmåne over Gimsøya (Hoven til venstre)

Glomtinden på ski (419 moh)

21.01 Ingrid freista med skitur over morgonkaffien. Potensielt siste dagen med snøforhold på lenge! Glomtinden er ein lett, trygg og enkel tur! I full fart etter jobb vart det pakking av ski og feller og halvhjarta skraping av sommarens gule varmvoks. Resultatet var at eg gløymte sekken heime.
Jaja.

Den første kilometeren kunne vi gå utan lys innover vegen. Sjølv om det var overskya var det på ein måte måneskin gjennom skydekket likevel. Oppover ryggen vart det kald vind og rimeleg arktiske forhold ei stund. Skiføret var ikkje noko å skryte av heller. Lite snø, berg og fonner. Siste toppstuntet måtte vi ta til fots, sjølv om det var snø i masssevis. Bratt og tungt, så vi var godt nøgde med å komme heilt opp.
Toppen!

Skikkeleg fornøgd med oss sjølve!
 
Vi tek dalen ned i staden for ryggen, for å få betre snøforhold, tenkte vi. Det var brukbart ned dei første 100 høgdemetrane, deretter vart det tettare med skog for kvar sving. Laussnø, stålkantar mot stein og ur og etterkvart skog. Meir skog. Tettare skog. Vi gav aldri opp, fekk brukt musklar vi ikkje viste at vi hadde og var sannsynligvis dei første og siste som tok akkurat denne vegen ned.... Langt om lenge og etter å ha forsert ein granfelt kom vi inn på vegen akkurat der vi hadde tenkt, og fekk stake ned gamlevegen til bilen.
 
I etterpåklokskapens teikn hadde det kanskje vore raskare å gå med skia på sekken ned ryggen same veg som vi kom. Klart minneverdig tur, med både banning og fliring! (Eg rakk akkurat torsdagspuben etterpå) Håpar det vert meir ski, hovudlykt og snø utover våren!
 
 
Der var vi altså - foto frå laurdagen etter