mandag 8. april 2013

Hospitant på aktivitetsleiarkurs

Helga 6.-7 april var eg hospitant på aktivitetsleiarkurs med Herøy Kajakk Klubb på Flø. Dette har vore den finaste vinteren på lenge, men akkurat denne laurdagen starta med stiv kuling og snøfall. Mental styrke måtte til for å komme seg ut av dyna i otta klar for "badeaktivitetar" på Flø. Dette vart to lærerike og interessante dagar. Slik innputt gjev både ettertanke og motivasjon til ny læring. Teknikk og redningsøvingar er "ferskvare" og treng jamleg øving. Eg har no mange punkt på lista til praktisering utover sommaren. Det å vere "medvitslaus" i sjøen gav eit ypperleg høve til å teste nedkjøling, padleklede og vinterpåkledning i ei trygg ramme. 

Eg prøvar ikkje eingong å formidle kursinnhaldet. Slike kurs må ein berre delta på. NB: Bilda fra start og slutt illustrerar veret, og ikkje kursaktivitetane. 

Hospitering kan eg anbefale. I padling skal det noko til å verte utlært. Takk til kursgjengen for ei innhaldsrik helg, og til Lidun som har plass til hospitantar på kurs!

Dag 1: Snøbygene letta og vinden løya. Ut på sjøen. Kaldt, men lærerikt.

Dag 2: Meir freistande å legge utpå.

Siste del dag 2: Tilsynelatande vakkert og harmonisk på Flø, men fullt kok av inntrykk og erfaringar i hovuda på folk  

fredag 5. april 2013

Solund rundt på tre dagar

Sjølvaste påskehelga. Solund rundt. Mars- og apriltelting i ein smekk. Planen var klar. Logistikken var lagt med høg presisjon. 07.20 på kaia i Askvoll. Sette att ein bil i Korssundet. Komme seg til Rysjedalsvika til 09.05 ferja.

Krakhella klokka 10.15. Vi klarte det!

 Kommunevåpenet er blå spissruter (øyar) på sølv (hav). Våpenmerket prøver fange det særmerkte i Solund-naturen og illustrerer eit band av øyar mot vest, med sund mellom. Solund kommune er til berre av øyar, i hovudsak nord-sør orienterte, ved sida av kvarandre mot vest. Mellom øyane går fleire små og større skipsleier. (frå Solund kommune si nettside)

Nina. Utsikt innover Sognefjorden.

Vi for sørøver Krakhellesundet og ut i Sognefjorden. Her veit vi at det kan vere varierande forhold, grov sjø og kastevindar. I dag var det passeleg friskt, og vi hadde god medsjø. Våre fulle kajakkar var stort sett litt for trege til å få skikkeleg surf, men ein god dytt i bakenden er heller ikkje å forakte. Det var reflekssjø frå berga og oppdrettsanlegga som vi passerte, så det var greit å halde litt avstand. Det er eit langt strekk her med berre fjord og bratte knausar, rein transport og få stadar som egnar seg for landing.  

Solund sør. Solund er mykje stein. Innimellom BERRE stein faktisk.

Er det ei hylle ein stad kan du vere viss på at Sulingen har nytta den til eitkvart..

Då vi runda Kråkeneset (eit av dei mange Kråkenesa i Solund) begynte TUREN for alvor. Vinden løya litt, sola steika, og vi kunne velje og vrake i lunsjholmar. Sidan den eine holmen er klin lik den andre var vi litt i stuss kvar vi landa. Er det Geitarøyna tru?

Fin velkomst på Geitarøyna, sjølv om geita er bytt med villsau.

Lunsj.

Nina serverte fiskeburger (kjempegodt!). Det var varmt og godt i "solveggen". Eg dubba av i fjellduken. Stup trøtt etter tidleg morgon og lang skitur dagen før. Det er dette som er ferie. Altså sol og sjøutsikt, ikkje ukontrollert akutt soving.

 
Utløpet av Sognefjorden

Inn Nessefjorden. Holmehopping. Runda eit nytt Kråkenes. Inn Indre Steinsundet.

Etter mykje rå stein var det kjærkome å sjå spor etter folk att. Brua i Indre Steinsundet er eit flott landemerke.

Hardbakke.

Kommunesenteret som har alt: Rådhus, kyrkje, barnehage, skule, shoppingsenter, gjestebrygge og badestrand.

Det var kveld, og sola gav ikkje lenger varme. Kort snopestopp på Hardbakke, og vi vart iskalde. Her er det berre å finne overnattingsplass.

Nordover mot Råkeneset. Med gode gamle Alden i sikte fekk vi kveldsro.

Råkeneset er ein 250 år gammal freda husmannsplass, som Sogndal Turlag disponerar som DNT-hytte. Det er flott at slike plassar vert tekne vare på, og tilgjengelege for folk flest. Her må ein ta litt ekstra omsyn, men reglane er no stort sett greie.  

Innmarka og naustet på Råkeneset.

Dag 2 sov vi oss frampå. Dårlege meldingar, og ingen vits å fare ut på sjøen før vi såg kor ille det vart. Vi sosa rundt og var ganske ineffektive frukostetarar medan det var gløtt av sol og ganske fint. Rett før vi kom oss på sjøen slo snøbygene innover saman med ein frisk bris

Solund er minst like kult i litt rufsete ver.
Inne i sunda er ein trass alt ganske skjerma, medan naturen er dramatisk og rå.

Med ca 10 m/s i ryggen suste vi nordover sunda. Det vart knapt teke eit padletak i periodar. Planen for dagen var å halde seg innaskjærs og sjå an etappe for etappe. Vi sjekka Lågøyfjorden. Der kom det 2 - 3 meters dønningar rett i mot. Kombinert med vinden var det heilt uaktuelt for oss å krysse. Her må finnast leirplass! Snø gjekk over til sludd og regn. Det var bratte berg over alt. På kvar ein flekk var det hus. Vi sjekka nokre viker, og fekk auge på eit skogholt. DIT - fer vi.  
  
Trøstebål på Bardøyna

Sjå korleis stemninga stig! Med fyr på bålet og mat i magen såg livet lysare ut. Det er eigentleg godt gjort å finne ein skog i Solund når ein treng det som mest.

Bardøyna vart vår leirplass for natta. Sjølvsagt stilna det av etter bygene, men då var det så lite att av dagen at vi slo oss til ro. Vi låg no nemleg i god posisjon for utforskinga av nord-Solund neste dag.


Vika i skogen.

Blikkstille

"Huset i skogen"

Med lovnad frå yr.no om lite vind stod vekkarklokka på 08.00 og ETD (estimated time of departure) var 10.00. Knallhardt. 

2. påskedag heldt det den lova. Vi var tidleg ute på Lågøyfjorden. Nesten heilt vindstille og behageleg skvalping. Begge har VELDIG lyst å padle til Gåsværet. Veret var godt nok. Med bil i Korssund, og forventningar om å stille på jobb på tirsdag, måtte vi sjå eigne grenser. Fornuftige som få sette vi kursen rett over mot Ospa, og nøgde oss med å kaste nokre lengtande blikk mot Gåsværet og zoome som best vi kunne.       

Ospa framom og Alden bakom

Innover Lågøyfjorden mot Solund- holmar og Heileberget (kvitt). Det same Heileberget som vi såg ned på frå andre sida på Langfredag.


Frå Lågøyfjorden sørover i Solundverda. Det passar godt, det kommunevåpenet.  


Padlelabyrint på sørsida av Ospa

Ospevågen

Ospevågen var ei fin lun vik, med mogleg teltplass om vi ikkje er alt for kresne. No skulle vi på sightseeing og leite etter Ospekyrkja. Øya har ei dramatisk krigshistorie. Ein engelsk MTB i trøbbel vart funnen av tyskerane, mannskapet skotne som sabotørar og senkt på fjorden i 1943. Ospekyrkja er ei grotte som fungerte som gøymestad for både eine og hitt. Link til meir info om Ospa

Granfeltvandring.

Eg hadde lest at inngangen til hola var planta att med gran. Vi søkte gjennom granfelt etter granfelt utan resultat. Om nokon veit akkurat korleis finne hola, så gje oss eit tips!
Det er litt komisk at på padletur til Solund så er vi meir i skog enn vi har vore på årevis.   

Frå eit granfelt på Ospa mot storhavet og Gåsvær til venstre. Så nær, men akk..

Ospa var ei kjempefin øy både padlemessig og landmessig. Holmar, skjer og bukter gjorde det spennande å padle. Flott landskap  med knausar og hjortestiar og ei utsikt som kunne ta pusten frå deg. Samt ei rekke granfelt. Hit skal vi fleire gonger!

Herrelaust marint søppel i Ospevågen

Neste gong har vi betre tid, og då skal det verte søppelbål! Nok å ta av i vågen, som elles var rett så idyllisk.

Vrak!

Eit av skjera viste seg å vere eit vrak. Dette er ein av to båtar i betong som vart bygd på Osterøya i 1929. Den eine sokk ved sjøsetting, og den andre hamna her på jomfruturen.  

Leia aust om Ospa og kjende siluettar på Værlandet

No la vi på heimveg. Første strekket var rein øyhopping frå holme til holme: Gjennom sundet sørom Drivøyna, det gjekk akkurat på maks flo. Over til Færøy, til Buskøy, gjennom Saltbusundet og opp til Leknessundet.

Nina har no kjøpt vasstett kamera, og eg har dermed utvida motivutvalet. No har eg ein heil serie av Nina som tek bilde av ting...  

Nina tek bilde av Færøy sentrum

Konglomorat. Solund er kanskje berre stein, men for ein flott stein!

På turen heim såg vi minst 10 ulike oterar. Det var mindre fugle- og dyreliv å sjå i Solund denne helga, enn det vi har sett på dei siste turane i Askvoll. Det vart rast i Leknessundet. Veret skifta. Litt meir vind. Grått. Eg fann ca 100 miniflått på leggen på tørrdrakta etter pausa. Ekkelt! Vi psyka oss opp til å padle dei siste litt kjedelege kryssingane over til Sakrisøyna og Korssundet. Det låg an til motvind. 

Kryssinga til Sakrisøyna gjekk betre enn vi hadde trudd. Vinden kom faktisk på skrå bakfrå, og held seg så stabil at det ikkje vart for grov sjø. Ingen båtar i leia heller. Flaks. Siste strekket kom tankane om kvardag, klokke, gjeremål og anna grums. Vi kom etterkvart i le av Lutelandet, og det vart eigentleg ei rein sjarmøretappe på slutten. Eg må likevel innrømme at eg var veldig glad for å sjå krossen i Korssund - denne gongen og! 

Korssundet

Kart over turen

Totalt 69 km, men då berre 8 km padling dag 2.

Vi hadde med fiskeutstyr, men det hadde vi i grunn ikkje tid til å teste. Pinnebrød og grillpølser var med for første gong på tur, og det var grei kveldsmat ved bålet det. Brennaren sota og måtte stikkast opp - ny erfaring. Hugs at den SKAL bråke.. 

Mars- og apriltelting med dette i boks. Solund har mykje meir å by på, så hit skal vi fleire gonger!

torsdag 4. april 2013

Den vakraste skituren i manns minne

Askvollpåske! Inger-Berit, Nina og eg har snakka om skitur til Blegja i ulike samanhengar i årevis. No rotta vi oss saman....  ..med ein heil gjeng frå Askvoll.

Blegja (1304 moh, kvit bakerst) frå Løvika. Eg måtte ta ein stopp og fotografere på veg til Askvoll. Spent og full av forventning. Vert det denne gongen?

Skituppene klar for tur inst i Solheimsdalen. 
Lisjehesten, Heilevangstaurane og Blegja heilt bakerst.
Lang tur på Langfredag. Slik må det vere.  

GLISet satt frå første stavtak. Det var varmt i sola. Ikkje eit vindpust. Snøen var kvit, himmelen blå og Lisjehesten kneisa majestetisk der framme. Herleg å vere på tur med kjentfolk. Mange eg ikkje har sett på lenge. God stemning. Applaus for Edvin som viser veg og brukar påskedagar på fellesturar!   

Første glimtet av Storehesten.

Storehesten og Kvamsskaret. Dei svarte prikkane er påsketuristane på veg opp kneika. Dette var den brattaste bakken på turen. Eg var så oppteken av Storehesten, utsikta, sola som verkeleg steika, at brått var vi toppen av skaret. Det var ikkje så gale som det såg ut som.

Inger-Berit i storslag!

Firarbanden på heia. Nokre smøre/fellestopp måtte til. Framleis ikkje eit vindpust.

På Sunnfjords tak! Storehesten bak. Vi kjende fregnene poppa ut. Herleg å gå i berre skjorta oppover.

Nokre gjekk fortare enn oss, og andre hadde stått opp tidlegare. Vi møtte folk på veg ned som fortalde at dei hadde snudd før toppen. Ein isete egg freista lite. Ei dame i 30-åra hadde sklidd der dagen før, og måtte hentast med helikopter for å komme seg derifrå. Eg har mykje ugjort i livet, og har ikkje SÅ lyst på ein helikoptertur. Dei andre i følgjet var heldigvis einige med meg. Så målet vart revidert til Heilevangfjellet...

Så langt kom vi. Toppen av Blegja med varden, 2,5 km unna og 100 høgdemeter til. Men ikkje i dag.
Heilevangfjellet på ca 1200 moh var meir enn godt nok. Turen i seg sjølv var fantastisk!


Topp stemning! Topp tur!

Høg på livet. Heile denne dagen kjende eg på det. Eg trur dette er den aller finaste skituren eg har vore på nokon gang. Ikkje eit vindpust heile dagen. Det gjorde absolutt ingen ting at vi ikkje kom heilt dit vi hadde tenkt. Det var berre ein fantastisk dag å vere ute på tur på. Kjekkare damer i turfølgjet må ein leite lenge etter! Det er ekstra stor stas å vere med Inger-Berit på tur - det er lenge mellom kvar gong vi får det til!
 Flott utsikt heile vegen rundt, her mot øyane i Flora (eit av padleparadisa).

Medan vi satt på toppen vart det ettermiddag. Sola laga gull i havet.  

Solund i det fjerne (venstre), Atløynipa markert bak til høgre, Heileberget i midten. 

Fellene er AV. Er vi no klare for 12 km nedoverbakkar?

I starten var det hardt underlag med 5 cm pudder på. Gneistrande fint føre. God kontroll. Artig!   

Førdefjorden og Naustdal

Ved Kvamsskaret begynte det å fryse på. I sjølve skaret gjekk vi ned på beina. Deretter var det på med fellar for å gå den einaste mota på heimvegen.
Storehesten i solnedgang. Langt bedre enn elg.

Det er berre ei ulempe med å nyte solnedgangen høgt oppe i fjellet. Det vert nemleg mørkt ikkje så lenge etter solnedgang. Vi dura ned gjennom dalane i blåtimen og stumpa oss inn på tunet i Solheimsdalen i tussmørket. (Lyktene låg i sekken, altså...)  

FOR ein dag. No veit vi vegen, og kanskje det vert fleire turar? Då vi kom tilbake i Askvoll stod Fredrik klar med pinnekjøt og akevitt. Perfekt avslutning på ein perfekt dag!

Kart med ei grov innteikna rute.

Turen Solheimsdalen - Heilevangfjellet t/r var totalt 26 km lang, med ca 900 høgdemeter kvar veg (eigentleg litt meir, pga litt opp og ned). Der vi stoppa ligg på omlag akkurat 1200 moh.
Om vi skal prøve oss på Blegja att skal vi starte frå Solheimsdalen 8.30.