fredag 8. april 2016

Vardane (700 moh) og Mannen (400 moh)

8.04.16 Brukbare meldingar - og vi ville gå Vardane over. Optimistisk start i sola i Olderfjorden.


Morgonstund har gull i munn - i Olderfjorden

Vårleg i låglandet

Gjennom skogen og opp ryggen.

Utsikta fra toppen mot Kabelvåg

Vakkert, men ikkje heilt som berekna

Gunhild er i strålande humør uansett skodde! Vardane er i boks.

Fleire ryper enn oss på toppen

Fleire grupper på veg opp frå Kabelvågsida

Skal vi gidde å stå ned i flatt lys for å gå opp att? Vi brukte ikkje lang tid på å ombestemme oss. ned same vegen og til yttersida for å sjå havet. God plan!!

Kunst frå Kristin

Kaffi på Leknes, og ei stund seinare var vi på Haulandstranda og Uttakleiv.  

Mannen til høgre av desse toppane. Vi køyrde på baksida gjekk opp i Skaret og over Mannen (heile ryggen frå skaret og ut av bildet på høgre sida.)

Uttakleiv

Vasskarvatnet (114 moh). Vi gjekk opp ryggen til venstre opp på Mannen

Kul utsikt til Hauklandstranda på kanten.

 
Toppen av Mannen og havstykket Flaget

Vi fann ut at vi hadde gått ekstremvegen opp. På toppen møtte vi godt trakka gjørmesti frå andre sida. Den gjekk over ryggen tilbake til tunellen. Så da vart det mannen over - og telefon til Kristin som kom etter med bilen.  

Hauklandsstranda og Offersøykammen
  
På veg over ryggen - der vi enda ved utløpet av Solstadvatnet

Ein innhaldsrik dag - med alle årstider på ein gong. Herremåltid heime og konsert på puben i Kabelvåg fekk vi og med oss!

torsdag 7. april 2016

Store Kvittind (696 moh) og Henningsvær

7.04.16 Besøk frå sør og silregn frå morgonen. Plan B - handlign og kafe i Svolvær. Deretter for vi mot Laupstad og rekognoserte. Valet fall på Store Kvittinden (696 moh). Det var litt lettare, og vi kunne ta på ski frå vegkanten.


Grått ja...

Humøret er på topp!

Det vart brukbart oppover, ikkje bedbør, grei sikt og totalt vindstille.

Toppen?

Gunhild bekreftar med GPSen at vi er på den toppen vi trur vi er på...
   
Hoppebilde - not!

Etter den første bratta var det ei artig nedkøyring. Her går eg gjerne opp att!

Magisk ved fjorden att.
På veg inn i bilen starte det å sludde og sikta i fjellet forsvann. Vi hadde brukt vervindauge for dagen ca 100% perfekt!

Kvelden vart runda av med tur i Henningsvær og nydelig fiskemiddag der. Lofoten leverar!

Hjelle i Henningsvær

Klassikar i Henningsvær #Pøbel
Fyr og privatisering...Vi meinar mykje om slikt!

lørdag 2. april 2016

Padling på Skrei-VM

2.april 2016. Verdsmeisterskap i Skreifiske i Svolvær. Sjøslag både på sjø og land. Kajakklubben ville vere med å sette stemning i hamna og 5 stk handterte både vekkeklokka og frisk bris og vart med på utror-starten.
Nydeleg dag i Svolvær

Pang - førstemann ut! Utror

Den halvskumle storebroren..

Den hjelpsomme lillebroren...

....og den spreke tipp-tipp-oldefaren var og med på leiken

Skøyte og Vågakallen

Det var friskt utanfor moloen, så vi for innover i havna att, og var turistar i eigen by.

Tradisjon og dagsaktuell bodskap hand i hand

Svinøya rundt

Svolværstemning - geita kneisar bak

Rast på ein av holmane utanfor byen. I le for vinden og med utsikt til VM-arenaen.

Lekker utsikt - VM pågår der ute

Leik og moro - i alle fall litt. Odd er ikkje tungbedt.

Kart over runden - 6 km totalt

fredag 1. april 2016

Skredtinden og Lyngværfjellet

01.04 Ikkje noko aprilsnar, vi for faktisk på ettermiddagstur. Lange kveldar og fin ver er herlig, og må nyttast! Per hadde sett seg ut ei rute rett opp frå Lyngvær. På kartet såg det ut som fleire toppar og fine ryggar.

Vår i bakkane! Høge kneløft og rett opp frå start. 

Oppover her då kanskje? Fin utsikt over Vestfjorden med ein gong

Skjergarden ved Vestvågøy

Kanten var kul, og den skulle vi følgje vidare oppover.

Skredtinden ca 500 moh.

Fint å gå på ryggen

Sjarmøretappa bort på Lyngværfjellet 638 moh

Det var ein nydeleg kveld, og vi bestemte oss fort og gale for å ta med siste toppen og.

Ryggen mot neste Lyngværfjell på 678 moh og Vågakallen bakerst.

Himmeltinden

Det var litt kludrete bortover, vi måtte ned under ein del hamrar i staden for å gå eggen bortover. 

Tilbakeblikk på 638.

På eit blunk skya det til, vart dårlegare sikt og litt meir utriveleg. Fin vårkveld vart til arktisk vinter. 

Det var lenger bortover her enn eg trudde gitt.

Avgrensa utsikt til vilt landskap frå toppen på 676.

Vi gjekk ned i Merradalen og ut derifrå. Grisebratt ned der, og ein liten stein som lausna for ned og heilt over dalen før den stoppa. Vi tok det veldig pent, og det var godt feste i snøen. 

Kryssing ned dalsida (forsiktig!) 

Lekker kveld, fint lys og godt selskap!

Vi rakk akkurat bilen før det vart mørkt. Strålande inngang til helga og april! 

Endomondokart - ca 8 km og ca 800-900 høgdemeter
At ikkje starten er med er min feil, og at ikkje slutten er med må i-telefonen ta skulda for.