Viser innlegg med etiketten Svolvær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Svolvær. Vis alle innlegg

tirsdag 8. august 2017

Jomfrutindane (585 moh)

08.08 Nydeleg dag og vi la opp til ein ettermiddagstur. Eg fekk ønske, og såg ingen grunn til å gå over bekken etter vatn. Det vart Jomfrutindane ved Svolvær, og vi hadde begge ein felles, om enn ikkje uttalt forståing av at det betydde ALLE toppane.

Nydeleg utsikt frå første steg.

Kjekt med sauar i fjellet - det er dessverre alt for lite av dei!

Tuva (477) rett fram - den vart vi einige om å ta med oss på heimveg. 

Fin sti oppover lia og lettgått terreng. Vi var fort oppe på den mellomste Jomfrutinden - hit går det merka sti. 

Eg står på mellomste Jomfrutinden - og Per er ivrig på å sjekke ut egga vidare.

Baksida av Fløya og Blåtinden - denne ryggen gjekk eg med Lundene i fjor. 

I kvassaste laget, og berre glatte sva på begge sider. Då vi fann rapellfestet var det ikkje tvil. Vi snudde. Det var berre å gå opp att for å finne vegen rundt. 

Høgaste Jomfrutind bakerst. Her gjekk vi ned, bort under svaet og snøflekkane og deretter ryggen mot toppen. Kludrete og krevjande terreng, men heilt framkommeleg.

Utsikta frå høgaste Jomfrutind mot heile rekka som vi skulle gå over på heimvegen.

Eg var veldig nøgd med å nå toppen! (Motbakkeastmaen slo inn siste stykket #blåsebelg)

Nydeleg 360 graders utsikt. Havskodda låg og lura, så vi drøyde ikke alt for lenge på toppen. 

Mot Vattenfjordtinden i midten og dei alpine fjella ved Austnesfjorden bakerst

Molla, Hella flyplass, Hurtigruta på veg inn

Det vart gråare. Vi kom oss heilskinna ned dei bratte og kronglete partia og la bak oss høgaste, mellomste og minste Jomfrutind, ein bonushump på slutten der og til sist Tuva. 

Tilbakeblikk frå Tuva mot dei minste Jomfrutindane og delar av turen.  

Svolvær frå Tuva. 

Fin fin ettermiddagstur, ny topp og som dei heldiggrisane vi er kom vi rett ned att til Siri og ferdig middag. Ferie i Svolvær altså....!

torsdag 18. august 2016

Løva (639 moh)

18.08.16 TILBAKEBLIKK
Løva er eit av dei markerte fjella i bakkant av Svolvær. Eit perfekt turmål på ein varm, tørr og nydeleg augustettermiddag. Siste rest av sommar. Sti langs lange ryggar med litt enkel klyving og nokre luftige parti. Fabelaktige rundskue heile vegen.

Svolvær frå lille Kongstind

Mot Løva frå Kongstinden. Ho ligg der og brølar. 

Tjelbergtinden og Kabelvåg

Nordaustover mot fjellrekka mellom Austnesfjorden og Raftsundet

Tilbakeblikk mot store Kongstind og ryggen vi har gått

Litt klyving og litt høgdekjensle på meg på veg bort til toppen. På ein slik tørr og fin kveld var det ikkje noko problem. Heilt vindstille og kveldssol på toppen. Herleg å berre nyte utsikta i shorts og korterma. På heimvegen var dei bratte partia enklare. 


Frå lille Kongstind mot store Kongstind - ein veldig fin rygg!

Teambilde!

Løve i solnedgang

Vakkert heilt ned til bilen.... Litl Kongsvatnet. 

søndag 10. april 2016

Torskmannen (755 moh) og Svolværstemning

10. april. Gråare dag enn vermeldinga. Vi satsa på Torskmannen, og at alle skulle rekke sine respektive fly sørover.


Toppen på Torskmannen 755 moh til venstre

Grå dag - vått og laust i botnen og stadig hardare oppover flanken. Skarejarn er fantastisk!

Utsikt fra toppen mot Breitind

Siste metrane mot toppen fra sadelen med stegjarn. Mørkdalsvatna.

Det var spor ned på vestsida. Det såg ut som ei fin side å stå på ski med lang marsj ut. Potensiell "gå-over-fjellet tilbaketur?

Delp, Grunnførfjorden og surfeparadiset rett vest! Gaukværøya i horisonten.

Austvågøya er krinklete og krokete, og eg vert alltid overraska over korleis geografien heng saman,

Ned ryggen.

Eg kom meg ned. Etter 3 dagar på ski var det ingen musklar att. Det var hardt, sporete, og lite som minte om skikøyring for min del. Godt vi ikkje får stilpoeng på tur. I botnen var det kjempelaust og slusjete. 735 klønete høgdemeter ned er notert.

Kristin rakk flyet med god margin. Gunhild og tok ein sightseeing i Svolvær før ho skulle fare. Det er fint å gå utover Svinøya og moloen og kikke på hjellane, byen og fjella.



Torskehovuda er akkurat så ekle som det ser ut som og stinkar!

Svolværgeita kneisar over byen.

Fiskarkona - som vinkar farvel og håpar å få fiskaren heim att

Nett som fiskarkona vinka eg gjestane heim, og håpar å få dei på besøk att - her eller der! Veldig kjekk og aktiv helg!

lørdag 2. april 2016

Padling på Skrei-VM

2.april 2016. Verdsmeisterskap i Skreifiske i Svolvær. Sjøslag både på sjø og land. Kajakklubben ville vere med å sette stemning i hamna og 5 stk handterte både vekkeklokka og frisk bris og vart med på utror-starten.
Nydeleg dag i Svolvær

Pang - førstemann ut! Utror

Den halvskumle storebroren..

Den hjelpsomme lillebroren...

....og den spreke tipp-tipp-oldefaren var og med på leiken

Skøyte og Vågakallen

Det var friskt utanfor moloen, så vi for innover i havna att, og var turistar i eigen by.

Tradisjon og dagsaktuell bodskap hand i hand

Svinøya rundt

Svolværstemning - geita kneisar bak

Rast på ein av holmane utanfor byen. I le for vinden og med utsikt til VM-arenaen.

Lekker utsikt - VM pågår der ute

Leik og moro - i alle fall litt. Odd er ikkje tungbedt.

Kart over runden - 6 km totalt

fredag 2. oktober 2015

Seinsommarkveld i Svolvær

26.08 To dagar med møte i Kabelvåg og ein HEIL KVELD i Svolvær har stort potensial. Sommaren tok sine siste krampetrekningar i nord desse dagane, og det var berre å nyte! Eg har ikkje gått på tur i området før, så det var ikkje noko tvil om planen for kvelden. Stien forbi Geita og Frosken opp til Fløya (590 moh) skulle testast.

Ved foten av Svolværgeita startar stien rett bak ein barnehage. Stien er godt merka oppover. Det startar bratt over storstein og sva gjennom bjørkeskogen.

Geita (325 moh) ruvar over startpunktet 

Det var alt for varmt å gå i bukse og tynn genser oppover, men det var det eg hadde. Kofferten let nemleg vente på seg. Det var over 20 grader og vindstille. Eg gjekk forbi Geita og vidare innover. Det var mykje folk ute, og praten gjekk på mange språk i bakkane. 
  
Frosken

Neste landemerke var Frosken. Lett å sjå kvar det namnet kjem i frå. Stien gjekk rett oppover mot Fløya, så eg bestemte meg for å fare innom Frosken på heimveg.   

Seinsommarkveld i Lofoten

Oppe på bandet bikka eg kanten og fekk luft, høgdekjensle og utsikt rett i fleisen. Øyene Stormolla, Litlmolla og Skrova, hav og fastlandskysten i disen bakerst. 

Litlmolla midt i mot

Korleis angripe dette? Eg bestemte meg for å gå bandet sørover og sjå ned på Geita først. Ryggen var grei, men heilt ute på kanten fekk eg litt skjelven, så akkurat DEN utsikta får vere til seinare. 

Ryggen sørover. Ganske luftig ytst ute der. 

Bokstaveleg talt downtown Svolvær

Tilbake mot Fløya (til høgre). Etterpå tok eg ryggen ned mot Frosken (til venstre).

Eg var rimeleg spent på om eg kom meg opp på Fløya. Litt klyving var det, men ikkje så luftig som frykta. Eg hadde fokus på HMS framom stil, og var rimeleg glad for at det ikkje var mykje folk som såg meg krabbe opp etter svaa mot toppen. 

Fløya!!! YEAH!! Eg kom meg opp!!!

Panorama frå toppen

 
Mot Raftsundet og Øksfjorden 

Fjellheimen nordover på Austvågøya 

Solnedgang-ish vestover. Magisk lys. 

Stien var ei rundløype og eg gjekk ned ein ny rygg. Lag på lag - Frosken lag to og midt på bildet

Eg runda ein knaus og såg rett ut i ingenting. Det vil seie, det var eit par karar som dreiv å oppdaterte profilbilda sine med vågestykke på "Djevelporten". Eg let meg imponere, og fekk tilbod om ei stødig hand om eg ville utpå. Det var eit godt tilbod, men eg let meg ikkje lokke. Eg hadde allereie kjent på høgdekjensla denne kvelden. 

Djevelporten

Det ser ut til å verte ein vane å slå følge med kjekke karar på heimveg. Praten gjekk om laust og fast, det var minst like bratt ned som opp og svetten rann. Vi spekulerte i tropenatt, noko drosjesjåføren stadfesta dagen etter.   

Seinsommarkveld i Svolvær 
- rett "heim" til Scandic Svolvær etter ein fantastisk runde på fjellet. 

Gjekk frå hotellet ca 17.30 - kom tilbake 21.45. Då med gode pausar til å ta bilde og oie meg over den fine utsikta.