onsdag 11. mars 2015

Geocaching på Godøya

11.03 Sol på Storhornet. Lite stress på jobb og ferdig middag frå i går. Endeleg ein ettermiddagstur i strålande sol! GPSen vart med, for no skal det lærast..

My first trip Goecaching. Great fun and a good way to learn how to use a GPS. If I can't use it it's more or less just dead weight in the backpack - so learning it is! I went only to the next island , Godøya, and aimed for the highest peak there: Storhornet (Translation: Big horn). Beautiful sunset and snowwhite alps - spring is wonderful!

Vår i bakkane - fra parkeringa

Same landskapet i fugleperspektiv frå toppen. Eg vert aldri lei denne..

Kvite toppar i Ørsta

Øyane i Herøy

Medan eg stod der kom ein kjent hund luskande. Det var Caro gitt! Gunhild og Janne kom dinglande etter. Kjekt med kjentfolk på fjellet! 

Eg knota med GPSen, men fekk lagt inn koordinatar og søkte i veg. kald på fingrane. Lærdom: Mest mogleg innlegging av punkt og spor heime, minst mogleg ute. -Her er det!! Jammen fann eg boksen med det rare i. Eg hadde aldri funne han utan GPS. Det er no heilt sikkert. Eg var den første til å skrive meg inn i 2015. Eg skjønnar at folk vert hekta på den aktiviteten her. 

Fersk geocach-ar. Blodfersk. 

Geocaching-logoen er eit registrert varemerke for Groundspeak, Inc. Vert brukt med løyve.

Favoritturen!
3,6 km totalt - 460 høgdemeter. 

GPSen viste at eg hadde brukt 43 minutt opp (2,5 km/t) og 32 minutt ned (3.4 km/t). 
...og laaang dingledanglepause på toppen og for å finne skrinet med det rare i. 

tirsdag 10. mars 2015

Tindekvindene i vinden

08.03 Mildrid hadde lagt inn tur med Tindekvindene på Flø som økt to på kvinnedagen. Eg har berre vore på Flø med kajakk, og gledde meg til å sjå hav og landskap frå høgda.

My first trip ever with "Tindekvinnene". This is a group of women going hiking og skiing - and dressing up for photoes on the summits. The group was established in 2011 to inspire and encourage women in all ages to explore and enjoy the marvellous nature of Sunnmøre. "Veten" (521 meter above sea level) is a short but steep hike, with a great view of the coast. This day was really windy, and the seas were rough.   


Vi starta på grusveg (bomveg) og kryssa over beitemark.

Fin, men bratt sti. Høgdemetrane gjekk fort unna.

Hu hei kor det bles! Ingen ville snu her, gjengen snørte hettene og gjekk vidare.

Mildrid hadde med Bonus, og fekk ei stor utfordring med ein overivrig hund på turen. Det var nemleg ei tispe med løpetid i følget, så Bonus hadde ikkje mykje ro til å nyte verken tur eller utsikt.  Ikkje lett med alle desse damene.. 

 
Flott landskap mellom bygene

Mellom Midtfløhornet og Veten. Tørt og fint, lett å gå, men gu kor det bleste!

Oppe! 

Varden viste seg å vere omkledningsrom og 360 grader le-vegg

Dei tøffaste Tindekvindene hadde med kjole og prisa våren! Herleg!!

Dette var ein flott gjeng å fare på tur med. Berre trivelege damer og praten gjekk lett. Det vil seie, når vi ikkje var godt innpakka i kvar vår hette då.. Eg håpar å kunne få med meg fleire fellesturar. 

Stort og flott landskap vidare innover mot Skolma.

Mildrid og eg gjekk ned same veg for at ikkje Bonus skulle få hjarteinfarkt. Resten tok ein runde om Smørkinna og Brørevatnet.  

På heimveg - Grasøyane lokkar og dreg - kom hit ut då vel!

Flø rett ned og øyene i Herøy i horisonten.

Løypa: 4,8 km t/r. 540 høgdemeter. 
Om Midtfløhornet (490 moh) og til Veten (521 moh)

GPSen avslørte at vi hadde vore i bevegelse i 1 time og 30 minutt, og pause i 38 min. Snittfarta på bevegelsen var 3,2 km/t   

mandag 9. mars 2015

Dekktrekk i Ulsteindalen

8. mars. Kvinnedagen. Søndag. Mildrid hadde invitert meg til aktivitetsdag i Ulstein. Kroppen skreik nei, men eg tvinga meg opp og stod klar på Sulesund 09.00 med vinduspussarane på full guffe.

Early and bright on International Women's Day. I was invited to activities in Ulstein. First pulling tires. The trio I visited have been practising for a while, so this was a real test for me. Would I be able to keep it up? No trouble keeping warm ( and with a skyhigh heartrate) pulling uphill to the hydroelectric power dam. With only one tyre I managed to keep up, and the next time I'll bring two...
Søndag morgon på Sulesund... 

Mildrid set strake kursen mot røyrgata. 
Proffane sler til med 2-3 dekk kvar og har godt driv innover

Det er eit heilt miljø for dekktrekketrening her ute i Ulstein. 
Eg starta fint med eit dekk. Det gjeld å ikkje øydelegge seg på første forsøk for sesongen. 

Høg puls, god og varm og sur i føtene. Det var aldeles fantastisk å komme opp til demninga! 


Mykje vatn i sving
 
Teambilde! 

Herleg gjeng og veldig bra treningsøkt! Eg har som mål å komme att med eit dekk til og forsøkje å henge på ein tur til. 

GPS - kart over ruta. 

Om eg tolkar GPSen rett var det totalt 5 km opp og ned. Vi gjekk i totalt 1 time og 5 minutt, med snittfart på 4,6 km/t. I tillegg hadde vi eit kvarter foto/pratepause på toppen. 

onsdag 4. mars 2015

Oppdagingsferd i Liabygda

27.02 Vi stikk etter lunsj! Synnøve var overbevisande, sjølv om det bles iskaldt og hardt over Sunnmørske vintertoppar. Ei grundig analyse på Yr.no førte oss til Liabygda og opp mot Jolgrøhornet, der det i teorien skulle vere mindre vind. Det reiv i bilen og vi såg fokken stod frå toppane på veg innover. Det fekk stå si prøve og vi var realistar på at målet kanskje var urealistisk.

Taking time off Friday afternoon to go skiing near Liabygda, in the fjord area of Sunnmøre. No peak today due to strong wind and snow coming in from the west. Still great fun!

Vi startar på skogsveg. Stilt og fint og herleg fredagskjensle!
Kjekt å kunne ta på skia ved bilen og labbe avgarde

Jolgrøhornet. Det såg ganske bratt ut. Hmm

God stemning, meir vind og ganske hard snø. Flott landskap og vi dura på innover i roleg men jamnt tempo. I fine bautar tok vi fatt på bratta. I motbakkane får desse Lunde-folka eit ekstra gir. Merkeleg.

Opp kneika (Foto: Synnøve)

Eg nærmar meg 900 meter (foto: Synnøve)

Sterke vindrosser og ein svart vegg i frå fjorden møtte oss på toppen av kneika. Vi hadde lyst på ein topp, men vi hadde ikkje lyst til å vere her oppe i byga som kom truande og fort. Greit - vi snur! Kjapp avgjerd og ingen teambilde. 

Lyset vart flatt, og det var grueleg bratt og hardt (med fjellski). Første stykket hadde vi fellene på og i brattaste kneika knepte vi av skia og labba ned nokre høgdemeter. Frå skogsbeltet var det kjempefint å renne, så litt godkjensle vart det.  

Vi kom oss opp på ryggen rett til venstre for høgaste bjørka.

Flott vinterlandskap

Juhuu! Flatt lys, men kjekt å renne litt og!

Svoltne vart vi og nede ved støylen fann vi ein solid le-vegg. Utelunsj er ikkje feil

Ploging ned skogsbilvegane. Mjølkesyretest. MEN Runa er like blid! (Foto: Synnøve)

Kart - ca 8 km totalt og 600 høgdemeter

Område med stort potensiale for fjellskiturar! 

tirsdag 3. mars 2015

GPS-kurs med Ålesund-Sunnmøre Turistforening

26.02 Eg har hatt lyst på GPS lenge. Vinterturar og skigåing førte til at GPS'en rykka opp frå "kjekt å ha" til "bør ha". Bruksområde er altså vinterturar, whiteout, skoddeturar, skogsturar og trening i kajakken (fartsmålar).

Etter mykje om og men vart det ein Garmin GPSMAP64s. Bitteliten og lett tapte mot vasstett og stor skjerm. GPS'en har mange KNAPPAR. Og mange FUNKSJONAR. Og lita bruksanvisning. Veldig lita.

Det er då turistforeninga vert redninga. Dei arrangerar GPS-kurs. Livline. Berginga. Den-einaste-sjansen-til-å fatte-noko-som-helst.

Kurshaldaren er pedagogisk, og sender ein fin e-post veka før. Velkommen på kurs - last gjerne inn desse tinga på førehand og med tilhøyrande lenker. Det er då det startar. I løpet av to dagar har internetten heime gått i svart og eg har bytta jobb-PC (til ein som absolutt ikkje kan integrerast med bittelitt anna programvare). Ein gammal PC med defekt trådlausnettløysing der eg har nokre GPS-kart frå gamle dagar vert gravd fram frå boden. Tekniske dubbedittar er best når dei fungerar. Litt usikker om det er kjensla av hat eller maktesløyse som er sterkast, mekkar eg på som best eg kan og troppar opp på kurs.


På kurset er det blide og spente folk med GPS og PC. Vi får lære mykje, spørje mykje og teste ein runde i byen. Vi finn fram til same statua på kaia, og det lovar godt. Det er livsfarleg å gå med nasa i GPSen i trafikken, så eg anbefalar testing i skog og utmark.

Blid gjeng på kurs!

Hovudet er fullt av vegpunkt, spor og koordinatar. Eg er nøgd med kurset, for om ikkje anna er eg i gong! Eg er ikkje utlært, og har framleis fleire spørsmål enn svar, men no vert det trening med GPS framover.  

Takk til Ålesund-Sunnmøre Turistforening for ein kjekk og nyttig kveld!