søndag 16. november 2014

Blåskjerdingen (1061 moh)

15.11 Laurdag og fint ver. Eg ville ta meg ein fjelltur på eiga hand, og har sett på Blåskjerdingen lenge. Den har eit markant HAKK og er eit landemerke frå mange kantar. Blåskjerdingen er det høgaste fjellet i Haram kommune, og grensefjell mellom Sunnmøre og Romsdal. På eit aude strekk mellom Vatne og Fiksdal fann eg parkering og skilt. Traktorveg først og etterkvart godt merkt sti.

Arkivfoto: Blåskjerdingen sett frå Trolltinden 06.11.14

Novemberfarga myr - Trolltinden høgaste bak.

Halvvegs var det ein stor varde. DET er eit godt motiverande triks. Fleire fjell burde ha slike "No er du halvvegs"-markeringar. 

Brukbar utsikt allereie

Sykkylvsfjell i horisonten

Etter 1 time og 40 minutt ser eg varden på toppen. Fin sti, godt lagt rute for å unngå ura best mogleg. Jamnt fordelte høgdemeter heile vegen. 

Herleg! Målet i syne.

"Hakket" i Skjerdingen. Seglingsmerke i gamle dagar. Det går an å klyve over. 

Hmmmm. Det kan nok gå. Siste delen av eggen ser litt klyvete ut. 
Eg gjekk ikkje opp der sidan eg gjekk åleine. Neste gong?


Mot vest; Romsdalen og Moldefjorden

Nordøyane, Byrkjevollhornet. Kul utsikt.

Tilbake såg eg no ned på Tindfjellet. DET såg og skikkeleg kult ut.

Lunsj, prat med andre spreke fjellfolk og tid til å nyte utsikt på toppen, Det tok ein halv time før eg var iskald og ville gå att. Det er ikkje gale i november!

Eg gjekk ned litt lenger vest for å ta ein nærare kikk på Tindfjellet og ryggen. 

Fin rygg! Dette må no vere innafor? 

Eg var skikkeleg i tvil om eg skulle gå ned same vegen eller prøve ryggen. Det var eit punkt som var litt vanskeleg å vurdere. Tvilen fekk tale, eg såg på klokka og for heime same vegen. Neste gong?


Framside og bakside. Verside og le-side.


Artig stein. Veldig artig. 

Kart over turen. Totalt ca 11 km. ca 2 timar opp. 
Gjekk med turjoggesko. Tørt og fint, ikkje antydning til snø eller is. 

Kjekk tur - flott utsikt! Her freistar det med fleire ruter, og no har eg nokre rundar i området som eg har lyst til å gå seinare. 

mandag 10. november 2014

Bergehornet (1024 moh)

08.11 Fridag og brukbart ver. Det må nyttast! Bergehornet stod på ønskelista til begge to, så vi for til Vartdal. Etter litt om og men fann vi den rette grusvegen og starta ved Fosshola.

Kraftverk og vassforsyning. Nyttig infrastruktur og ofte gode startpunkt for tur.

Turen starta med røyrgata opp. Effektive høgdemeter, men veldig grei sti.

Røyrgate opp gjev puls og raske høgdemeter.

Ikkje inngrepsfritt, men likevel ein flott dal. 

Bergehornet i all si prakt. 

Her kunne vi ha gått ryggen til høgre rett opp. Plan A var likevel å gå inn dalen og komme heile ryggen ut frå venstre.  

Fin dal og eit spennande fjell der inne og. 
Eg vart litt desorientert, men det måtte vere Raudetindane, som vi hadde tenkt å få med oss på vegen.

Ut dalen: Store Risaskarvatnet og Breidfjellet.

OIOIOI, kva er det som dukkar opp her? 
Kongen av Sunnmørsalpane, Kolåstind, flott frå denne vinkelen og. 

Det var frisk vind, og vi fann oss ei grop for lunsjing før den siste ryggen. Der hadde vi fin utsikt til ein sprek kar som gjekk opp på ryggen på plass vi ikkje hadde tenkt på.

Vi gjekk ryggen til venstre opp mot Raudetindane

Det friskna til, og i nokre av kasta var det berre så vidt vi greide å halde oss på føtene. Vi hadde lyst opp å sjå, men var opne for å snu. Fleire gonger måtte vi berre sette oss ned og vente til vindrossene gav seg. Du veit at det bles når det blafrar i augelokka... 

Synnøve på toppen! 
(det var IKKJE aktuelt å stå her oppe, men vind viser så dårleg på bilde)
Ryggen på Grøthornet bak Synnøve. Vi hadde ein plan om å kanskje ta med oss den og, men det utgjekk i slik vind. Den ryggen såg kjempekul ut, så ein dag til sommaren skal vi tilbake hit. 

Vatn 761, Grøsfortinden og Flåskjerdalen. Vartdalsfjorden. 

Sjølvaste Raudetinden? Flott varde på ca 950 moh. Bergehornet bak.

Planen var å gå ryggen vidare til Bergehornet. Første del ned frå Raudetinden var bratt. Heilt overkommeleg på ein fin sommardag. MEN ingen av oss hadde lyst til å gå ned der med sterke vindkast. - Vi har no nådd ein topp i dag? - Ja, vi snur. Vi kan no evnt gå ryggen på nordsida opp på Bergehornet? - Ja, eller der han fyren gjekk opp. - Eller rett i bilen. Vi har no ein topp. Einige om at det allereie hadde vore ein bra dag snudde vi. 

Flott alpin utsikt innover Sunnmøre!

Nede i lia vart vi einige om å gjere eit forsøk på å gå rundt, og ta oss opp på ryggen etter dei kritiske punkta. Det var jo her han sprekingen jogga opp medan vi åt lunsj. Sjølv om det er mektig irriterande å gå "dei same" høgdemetrane to gonger. 

Stø kurs: opp graset på lågaste punktet til høgre for "miniknatten". Fin utsikt opp på toppen til venstre der vi nett hadde vore. 

Det gjekk brillefint, og snart var vi oppe på brei rygg og trygg grunn. Stien gjekk delevis i le-sida.

Tilbake mot Raudetinden, og ryggen vi ikkje ville gå i dag.

Flott tur frå Raudetinden over mot Bergehornet (Foto: Synnøve). 

Ryggen mot Bergehornet og Ålebyen i det fjerne

Liahornet og Eiksund

Stor glede og lette skritt mot målet. Det er ekstra kjekt å nå målet når ein har spekulert på å snu. 

Synnøve på Bergehornet (1025 moh) 

Rett ned til Vartdal. 

Det var ikkje dagen for den lange pausen på toppen. No bar det strake vegen ned ryggen (bilde nr 4), som var kjempebratt, men heilt grei å gå. Deretter rett ned røyrgata til bilen. Sure lår og blide fjes!

Runden var "berre" 8.5 km i luftlinje. det kjentes lenger ut. Vi brukte 4,5 time (inkl. eit kvarter matpause). Ca 1100 høgdemeter.

Turbeskrivelse i boka "Turbok for Ålesund og omegn"

torsdag 6. november 2014

Trolltinden (1170 moh)

5. november. Det har vore ein litt slakk haust på meg, og det tærer både på fysikken og psyken. Det går ikkje i lengda, så no var tida inne for å ta grep. Kanonfine meldingar. Her må det avspaserast (etter lunsj) og bli nokre timar i sol og dagslys.

Synnøve var med, og vi hadde sikta oss inn på ein topp på Ørskogfjellet. Her har vi begge køyrt forbi ca 1000 gonger og tenkt at vi; "skulle ha vore på den der, gitt".

Trolltinden er den høgaste. Markert landemerke på Ørskogfjellet. 

Grusveg til Skitnesetra. Fint med oppvarming før det bar rett ut i myra. Slike slake lier med myr og lyng sug krefter. Eg syns det gjekk seint med meg, men vi seig no oppover mot Egga.  

Opp i venstre kant og heile ryggen bortover. Det var planen. 

Nydeleg med sol og dagslys. Eg fekk i grunn meir energi enn eg brukte oppover, sjølv om beina var tunge. Det var som å sette seg sjølv på lading. 

Lekkert haustlandskap

Topp nr 1: Middagsfjellet (848 moh). Flott utsikt!

No har vi i alle fall landa ein topp! To store glis. Begge var usikre på om vi rakk hovedtoppen. Klokka gjekk veldig fort. 

Haramsfjella fra ny vinkel med Blåskjerdingen midt i smørauget.

Tomrefjorden og Midsund (Otterøya) bak. 

Det var lett å gå i høgda, og snart såg vi varden på topp 2: Sandfjellet (903 moh). 
Trolltinden kom fort nærare. Den ER innan rekkevidde? Eller?

Vidare over egga måtte vi først ned ca 150 høgdemeter  før siste ryggen. 

Egga var kjempefin. Snø og is gjorde det litt ekstra spennande. 

Ned egga (Foto: Synnøve)

Blåne mot blåne

Novembersol i lyngen. Det såg nesten ut som ildtustar bortetter. 

Vi var innafor tidsmessig, og la i veg opp mot det store målet for dagen. Vi såg at vi kunne komme oss ned frå skaret til hovudvegen, og sleppe å gå egga tilbake i mørkret. Då vart det eit heilt anna reknestykke med tida. Den siste motbakken var akkurat så seig som den såg ut til. Ur og bratt. Brattare enn ein trur, Ikkje ser ein toppen, berre nye steinar og meir motbakke. Halde seg i gang, men ikkje få mjølkesyrestopp. Mental trening. Det gjer godt. Sjølv lav raud haustsol gjev krefter. Eg kjende "batteria" fylle seg opp.  

Steinbu før toppen. Grei nødbu det her. 

Arktisk. Iskaldt. Snøkrystallar og winterwonderland på toppen. 

På med stilongs, dunjakke, vottar, ekstra buff. 

Sjarmøretappa! Jammen klarte vi det ikkje! HERLEG! Iskaldt, men herleg! 

-FOR ein dag!!! Vi seier det i kor og vi seier det gong på gong. - Dette trur eg motvirkar vinterdepresjon resten av året, seier Synnøve. Eg kunne ikkje vore meir einig. 

Månen stig over Moldefjorden medan dei siste solstreifa sleikar over Ytstetinden. 

Høg wow-faktor. Her var det berre å suge inn lys og utsikt! Kulda beit, og det var ikkje aktuelt å vere på toppen særleg lenge. Minusgrader og god bris. Samstundes så må det nytast, så lenge ein kan. 

Solnegang fra toppen

Solnedgang frå toppen er både god og dårleg berekning. Vi la fort i veg nedover, og kom ned til skaret før det var mørkt. Heile lia var full av ryper, og dei var ikkje akkurat redde. 

Rype med vinterdrakt. 

Det vart mørkt, og vi rigga oss til: ete niste, justere påkledning og finne fram hovudlyktene. Det gjekk strålande å ta seg ned frå skaret, og vi fann ein grei trasè ned til Bakkesetra. Litt vått, og ingen sti, men heilt uproblematisk å komme seg ned. Månen var nesten full, og hadde det vore heilt snødekt kunne vi sikkert gått utan lys. I lyset frå lyktene blinka det i rimfrost og den gode vinterstemninga sette seg i heile skrotten. 

Kart over turen. 
Dei siste 2-3 kilometrane opp til bilen langs hovedvegen på Ørskogfjellet var det minst artige. Mykje tungtrafikk. 
Flott runde som kan anbefalast! Totalt vart det ca 13 km og ca 1000 høgdemeter opp og ned.  

Standardutrustninga i sekken skal supplerast med: Broddar, refleksvest, tynn vindsekk og god støttebandasje. No er lyktesesongen 14/15 i gong!