onsdag 17. september 2014

Sopptur!

13.09 Laurdag. Nydeleg fint haustver, og eg labbar inne i ein halvmørk og tung granskog på ein strengt hemmeleg stad på Sunnmøre. Det er grunnkurs sopp i "Synnøve Lundes Uteskole". Eg har aldri vore på ein slik seriøs øyremerkt sopptur før, og er spent på resultatet.

Føresetnadane for grunnkurset var klare: Eg fikk ikkje seie eit pip om kvar vi hadde vore, eller drive å spørje om alle moglege soppar. Denne dagen fokuserar, plukkar og konsentrerer vi oss om dei sikre!

I starten fann eg berre soppar på tre. Dei var per def. irrelevante denne dagen. 

Her begynner det å lukte fugl... eller kantarell i alle fall!

Skogens gull!

Første staden var bomtur i forhold til sopp. Vi fann litt, men det var langt mellom. Det var ein heil del andre ting å sjå på i skogen, og eg er jo aldri på slike plassar. 

Kjempediger maurtue

Soppmeisteren.

Lokalitet nr 2 var av ein heilt anna kvalitet, og eg vart så ivrig at eg gløymte å ta bilde. Synnøve viste meg traktkantarell, og elles held eg meg til kantarell og piggsopp. Etter å ha vandra og plukka gjennom heile skogen kom eg ut langt nede i bygda. Bra at dei andre deltakarane hadde litt meir kontroll på både kvar dei var sjølve og kor vi hadde sett bilen... Eg var rimeleg blank ei stund der inne i halvmørkret. 

Mi første soppkorg! Svært nøgd!

Dette var kanskje den aller mest lærerike dagen i uteskulen til no. Takk for turen!

Heime vart det rensing, forvelling og tørking. Eg var glad eg ikkje hadde plukka meir sopp, for det tok si tid. 

Traktkantarellen og litt kantarell vart tørka over natta. Mesteparten av kantarellen og steinsoppen vart kokt opp i eiga kraft og fryst.  

Erfaring: Sopptur er gøy. Det minkar litt (faktisk ganske mykje) etter rensing/forvelling. Smørsteikt fersk sopp er kjempegodt! 

Nokre dager før på Gjelsvik gard: 
Karianne på si side har sørga for hovudingrediensen - ringdue!
No ser eg fram til felles søndagsmiddag med kortreiste råvarer etterkvart!

tirsdag 16. september 2014

Padlemilepæl på Alnes

12.09 Eg har såvidt overlevd "manneinfluensa", eller det vi andre kallar ein skikkeleg forkjølelse. Det er blanda kjensler. Kjekt å vere på beina att. Vidaregåandekurset denne sesongen gjekk fløyten for meg. Realistisk sett måtte eg innsjå at formen ikkje var grei nok til å bakse med full kajakk i store forhold. Litt irritert, men framleis kortpusten og skjelven i kroppen av små anstrengelsar prøvar eg å kompensere. Ein bitteliten trøstetur til Alnes? Flatt hav og fin kveld. Sygni får klar beskjed om at formen er laber, og at eg er det svake ledd på alle vis denne kvelden, men det tek ho heldigvis på strak arm.

Septemberrulla til Sygni sit som eit skot



Alnes er veldig fint. Alltid. 

Alnes fyr

Vi fer inn på stranda. Surfar litt. Det er små forhold, men likevel ganske mykje futt i brenningane. Eg bommar på støttetak og veltar. Rullar opp. Lett. Vi vurderar. Det bryt litt nær land. Vi padlar ein runde og kjem tilbake. Betre forhold og meir surfing. Sygni veltar. Rullar opp. Lett. Ho treff ei svært bratt bølgje, og handterar det fint, sjølv om kajakken hennar står omlag loddrett då den forsvinn ut av syne for meg. Vi fangar surf, og sidesurfar. 


Korte kveldar og dårleg form gjer at økta ikkje vert lenger enn akkurat passeleg. Høg på adrenalin, endorfin og andre ulumskheiter. Kajakkar i storslått natur der septembersola førebur seg på å gå i havet. Dette er ein milepæl. Eg kjenner det. Vi stoler på eigne ferdigheiter, vi veit kva vi gjer, og har ein plan B. Ingen treng ut av båten i løpet av ein times surfeøkt. Rullene sitt når vi treng dei, og ikkje berre når vi øvar. Surfing er både spennande og artig, men no er det og blitt trygt og greit, sjølv på ein dårleg dag. SJØLV PÅ EIN DÅRLEG DAG. Tidlegare var eg vettskremt i slike forhold, og då hadde eg både toppa formen og psyka meg opp i vekesvis. MILEPÆL!

På veg på jobb



Alnes hamn

 Sliten, svett og lykkeleg. Opplada og påfyllt. Uteliv vart det denne fredagen og.

8 km + surf og leik.

onsdag 3. september 2014

Skålatårnet (1843 moh)

31.08. Siste sommardagen på kalenderen, og det var jammen ein skikkeleg sommardag og! I ni-tida stod vi klar på parkeringa og såg oppover fjellsida. Norges lengste motbakke. Strategien var klar; her gjeld det å ikkje gå for hardt ut.

Morgonstund har gull i munn...oppover lia i Fosdalen på fin sti.

Sol, utsikt og godt tilrettelagt sti! Lobukta og Nordfjord langt der nede.
Stor skilnad på stien frå eg var her sist i 1995. 

Skålevatnet (1150 moh) er siste "fyllestasjon" før toppen.

Landskapet vidare minner litt om Blegja. Stein og ur ventar oss, men også veldig god sti oppover. 

Uren luren. Vesleskåla på 1238 moh bak vatnet.

Meir uren luren.
Iskald vind og eit parti av ura utan sti. Fokus på snackpause, og ikkje på fotografen ser eg..

Vi har "lært" at tårnet vart bygd for restitusjon av tuberkulosepasientar, og vi fleipar med det oppover. Å sende lungesjuke opp her må no gjere meir skade enn gagn. Ein sjekk med min venn Google i etterkant: Skriftlege kjelder viser at det var turisme og reiseliv som var drivkreftene den gongen tårnet vart bygd, og at det antakeleg ikkje har vore ein einaste tuberkuløs stakkar her oppe. Grunneigarane gav fri grunn til sti og stilte på dugnad for bygging mot å ha einerettar på føring. 

Det er jo ikkje det at ein ikkje KLARAR å gå i timesvis oppover, men det vert litt kjedeleg. Ein går seg litt lei. Det er mykje stein oppover. Stemninga kom seg betrakteleg då vi såg taket på tårnet. Hurrarop og niks meir mjølkesyre. 

Skålatårnet!!

Køyesenger lag på lag.

Kjøkken og langbord nede, og køyesenger i tre nivå i halvmånefasong oppe. Kult hus. Det hadde overnatta 50 stk her oppe natta som var. #Klaustrofobi! Eg tykte det var trongt å vere 10 stk inne samstundes. 

Mot Sunnmøre!

Skarp luft, og klåre fjellprofilar. Fantastisk utsikt! Eg kjenner att stadig fleire Sunnmørsfjell, og det er kjekt. 

Den eigentlege toppen er på Stryneskåla der borte (1848 moh). 

Om eg skal på Skåla att må eg ta høgde for å gå ryggen ut på Stryneskåla.

Lodalskåpa held seg i skodda. 

Surrealistisk syn. Skålatårnet er berre heilt rått. 

Teambilde!

Velaug sikrar hoppebilde!

Steinlagt sti  ned att. Rein luksus. 

Rikeleg med trappesti var det og. Fin rytme i trinna.
Det skal vere meir enn 1000 trappetrinn totalt sett.

Varde med hol i! Artig!

Det var akkurat som om hausten hadde komme i løpet av dagen. Strålande fargespel i bakkane. Nedanom toppen var det berre å kle av seg att, og etterkvart slo varmen mot oss frå dalen.

Haustfargar mot Storskredfjellet.

Loen

Det er langt oppover, men det er i grunn berre å gå roleg og jamnt. Nedover er hardare for kne og bremsemusklar! Flott dag og nydeleg tur! Stien er stort sett svært god, og tilrettelegginga gjer at det er lite slitasje på terrenget. Steinlegging og tilrettelegging er gjort fint, og ser naturleg ut. 

Endomondorutespor på satelittkart

Høgdekurve Skåla ned. Jamn stigning kan ein seie, over knappe 8 km.

Vi starta klokka 9.05 og var nede 16.20. Vi brukte 3,5 time opp inkludert lunsjpause, snackpause og småstopp. Effektiv gangtid ned var 2 timar og 15 minutt i følgje Endomondo, men vi hadde mange (heilt naudsynte) pausar nedover og. Viktig å ha litt tid på toppen, det er nydeleg utsikt og verd å nyte!
Vi tok det som ein tur, og brukte dagen. 
Kuriosa: Rekorttid på Skåla opp er 1 time og 7 minutt. Imponerande!

Eg gjekk med La Sportiva-skoa (turjoggesko) og det funka glimrande!

Siste sommardagen  2014 - på Skålatårnet! Godt utnytta. 

Då var det berre å bunkre opp bilen på "Honesty shop"-en i bygda og sette kursen nordover.

Turist i Loen var bra. det kjentes ut som eg hadde vore vekk i ei veke. Eg vart bra segen utover ettermiddagen. To dagar med gangsperr og interessant ganglag vart og ein del av pakka.   

tirsdag 2. september 2014

På to hjul til Kjenndalsbreen

30.08 Loen ligg midt mellom Ålesund og Askvoll, og turhelga med Askvollgjengen har vore booka lenge. Fjelltur og sykkeltur står på programmet, samt god mat og boblebad. Luksus høyrer med ein gong i blant! Då vi har komme oss i bilane har vi tid til å tenke på programmet, og snur rundt på det slik at vi får maksimalt ut av tid og ver.

Fjellet Skåla bakerst. Den får vente til i morgon. Vi leikar turistar i trivselsfylket og sett kursen inn Lodalen. 

Vi leigde syklar hos Loen Active, og det funka fint. Vi fekk ypperleg service frå ein kjekk lokal 17-åring. Han hadde greie på syklar, nordfjorddialekt og humor nok til å takle 5 kaklande kvinnfolk. Slikt kan vi like!

Svært mange andre tok turen opp "Via Ferrata"-ruta i Loen og dingla i hengebrua høgt oppe i fjellsida. Ser skummelt ut. Eg var veldig glad for at vi sykla, sjølv om det var første gang i 2014 eg satt på ein sykkel utandørs. 

Lovatnet - idyll.

Sykkelturistane!

Vi stoppa ved minnetavle og informasjonspunkt for rasulykkene. 

Delar av Ramnefjell har rast ut i vatnet to gonger, og flodbølgene i etterkant har utradert to bygder to gonger. Det omkom svært mange menneske. 1905 - 62 personar, 1935 - 74 personar. Link til meir informasjon om ulykkene.  Det er spesielt å vite at nesten 100 personar aldri vart funne og har fått ei våt grav i det idylliske vatnet.

Kjenndalsbreen

Det er ikkje så mykje att av breen no. 


 
Breturistane!

Smeltevatn frå breen og liv i fossane.

Vi tok nistepause ved Kjenndalsstova. Mat må ein nemleg alltid ha. Kafeen var stengt, men det var fine benkar og bord ute med utsikt rett bort på Ramnefjell. 

On the road again...

Lovatnet

Vi har natur i verdsklasse rett utanfor stovedøra. Det er kjekt å vere turist i eige omland og. 

Fruktbygda Loen!

Kystfolk som vi er, vert vi store i auga når vi ser frukttre i fjordbygdene. Eple på rad og rekke, store og raude! Fasinerande. 

LEKKERT!

Dagen vart runda av med boblebad og buffet på Alexandra Hotell. Vi har det godt!

Kart over ruta frå Endomondo.

 Strekane stemmer ikkje heilt, men det har vel noko med GPS-signal, høge fjell og når vi syklar fort i nedoverbakke vert det langt mellom registreringane. 

42,6 km totalt, aktiv sykkeltid 3 timar og 4 minutt. Snittfart 13,9 km/t
Mange andre sykla Birken denne dagen, men eg er sikker på at vi hadde det minst like fint i Lodalen!