mandag 28. april 2014

Camping og vårskitur på fylkesgrensa

25.05-26.04 Sommarver og Therese freista med camping og vårskitur. Har eg tid? Eg har i alle fall lyst på tur! Nye snirklevegar og ukjente dalar. I Grøndalen, presist på fylkesgrensa og nær vegen fann vi ein flott teltplass!

Camp i lyngen, bål i snøen! Eidskyrkja (1482 moh) i bakgrunnen. 

Camping her var eigentleg posisjonering til å gå på Sunndalsnipa. Der såg det ut til å vere så lite snø, så skifokus vart flytta til Eidskyrkja. Først vårstemning og bålkos!

Skikkeleg bålmiddag

Blåtime vart det. Salige til sinns og ro i sjela. Fuglekvitter og elvabrus. Gjer godt med slike kveldar ute. 

Morgonstund med lite gull i munn

Therese vart dårleg i løpet av natta, og vi var igrunn i ferd med å avlyse skitur og pakke saman for dagen. Sporty jenter gjev ikkje opp så lett, så litt forsinka la vi i veg mot Austefjorden og Skinnviksætra. 

Beste fylkesgrensa! 
Trivselsfylket til venstre og eksportfylket til høgre. Med ein fot i begge er ein godt rusta! 

Skinnviksætra (parkering på 340 moh).

Mot Eidskyrkjemassivet frå sætra. Litle-Eidskyrkja (1243 moh) til høgre. Vi skulle opp skaret til venstre. 

Klassisk vårskiturstart. Ski på ryggen, randosko dinglande bak til stor irritasjon. - Neste gong skal eg jammen feste dei betre! Vi brukte ca 45 minutt opp til snøen.

Endeleg på med skia! 
Monika og Sigrid var nye turbekjente for meg - trivelege jenter og god stemning frå starten!

Her tek vi bakke for bakke. Kneik nr 1.

Kneik nr 2. Austefjorden forsvann under oss, og utsikta til Sunnmørsfjella vart betre og betre. Avstanden til det fordømte skaret var framleis stor. 

Vår og skavlane går. 
Greit i kikke opp av og til og posisjonere seg slik at ein ikkje får det i hovudet.

I skaret, som og faktisk er isbre, var det bratt, skugge og knallhardt. Skuggen laga eit eller anna optisk bedrag, så eg fekk ikkje med meg kor mykje oppoverbakke det eigentleg var. Eg vart difor psyka ut i trua på at all kondis brått hadde fordufta. Bratt og hardt er ikkje det artigaste eg veit, og det trur eg vi var fleire om. Sporty jenter gjev framleis ikkje opp så lett, så vi kom oss opp etterkvart.

Halo! Vi tok det som eit godt teikn, og velkommen opp!

Lunsj! (og dogg på kameraet...). Toppen av skaret, og berre sjarmøretappe vidare.

Her var det godt å sitte litt. Maten smakar ekstra godt med gransking av ny alpetopp til kvar bit. Det er dessutan heilt greit å sjå nye folk slite seg opp dei same bakkane som du sjølv nett er ferdig med. 

Vassdalstind (1277 moh) er kanskje den finaste i Ørsta!

Saudehornet er og ein klassikar.

Sjarmøretappe innover flate vidder. Her gler eg meg til å stå på ski ned!

Spenninga stig. Rett bak horisonten der bør det vere ein varde! Kva fjell dukkar opp på ANDRE sida no?

YEAH! Der er varden! Dryge 1100 høgdemeter er i boks!

Teambilde! Snopestopp og soling. Utsikt overalt. 

Eidskyrkja er høgaste fjellet i Volda kommune. FOR ei utsikt. Jostedalsbreen i søraust, Sunnmørsalpar i fleng i nord så langt auga rekk. Det var berre å plukke ut den eine klassikaren etter den andre. Voldsfjorden ut i vest og flott utsikt til hyllefjella i Bremanger og Ålfotbreen i sørvest.

Sigrid køyrer stil på alle toppar over 1000 moh! Nordfjordingane kom med Norgesglas. Innhaldet såg litt grugge ut, men vi vart forsikra om at det var rein iste. 

Dei karane som hadde gått opp med minimalistisk sekk på rekordtid (i alle fall litt kjappare enn oss) vrei seg av misunning når Sigrid poppa toppøla. Det handlar om prioritering. Vi har tid, og køyrer turkvalitet!

Jakta spelar hovedrolla frå denne vinkelen, med Smørskredtindane til høgre og Slogen til venstre.

Den sintaste av alle, og vi såg mange lemen i løpet av dagen. Dead and alive, for å seie det slik.. 

Skarsteinfjellet ved Innvik i midten og Jostedalsbreen bak. Det var ikkje lett å ta ut landemerka på breen og brefalla på denne avstanden, men vi gjorde eit forsøk.

Storetinden til venstre og Skårasalen bakerst.

Monika i farta! Fin stil i bakkane! Sunndalsnipa stikk fram som svart vegg bak der.

Breen med den eine sprekka. Vel nede att. Sola hadde teke akkurat nok til at det var superbra føre ned att. 
Det var skikkeleg artig å køyre. Det vert betre og betre det her skilivet. Sigrid som og er fersk i faget køyrde som berre det i bratta. Imponerande! (På veg opp var vi begge skjønt einige om å vandre på skoa ned att...)

Siste bakken var tung slush, og eg var rimeleg sur i låra då eg kom ned til skoa. Sjarmøretappe med ski på ryggen og randosko dinglande bak ned til sætra. NESTE gong SKAL eg feste dei skikkeleg altså. 

NEDE!

Tvillingane!?

Alle var nøgd med ein fantastisk vårskitur. Dette er eit fjell eg skal tilbake til kjenner eg. Kan anbefale turen og utsikta! Hugs bompengar til vegen opp på sætra og ver nøye med sporvalg på breen! Faktor 50 var og greit denne dagen. 

Takk for turen! 

torsdag 24. april 2014

Festøykollen (911 moh) i dagslys

23.04 Skikkeleg sommardag i april! Kristin hadde invitert til fjelltur rett etter jobb. Festøykollen (911 moh) var målet, og denne gongen i dagslys. Sist vi var der var det rimeleg svart.

Varmt og stripping i første bakken!

Skogssti i starten. Flott i bjørkeskogen og litt tristare i granfeltet lenger oppe..

Våren er finaste tida!

Glade vandrarar. Lauvet spratt så vi såg det i lia. Fuglekvitter overalt.

Mot Barstadvika frå Gamlestølen

Ryggen mot toppen

Endeleg oppe!

Teambilde! 

Vi kunne sitte på toppen lenge i berre skjorta. Nesten 20 grader og vindstille. Herleg! Utsikta var fantastisk. Skikkeleg rundskue med hav, fjordar, ville Sunnmørsalpar og Ålebyen. -For eit land vi lever i! Sjølv blaserte vestlendingar måtte ty til halvstore vendingar slike kveldar. 

Toppskavl og nordvendt utsikt mot Spjelkavika, Ålesund, Haram og Giske.

Svinetind, Randers topp, Jønshornet og Rametind i sør

Sykkylvsfjell med Råna i bakgrunnen. Råna stikk fram overalt no. 

Slik utsikt må i grunn opplevast, men her er eit forsøk å å synleggjere rundskuet frå toppen.

Litt hoppings må til på slik ein dag - og på sætra var tempen heilt oppe i fjelgt. 

Jepps - hopp over Jønshornet i boks!

Rett og slett ein lekker fjelltur! Vi traff ein heil haug trivelege og snakksalige damer på vegen. Festøykollen kan anbefalast. Grei tur på god sti, overkommeleg lang og enormt bra utsikt. 

I Ålebyen rakk eg akkurat solnedgangen i Moljegapet før eg for heim. Ikkje dårleg det heller..

Molja i solnedgangen..

onsdag 23. april 2014

Skorpa - endeleg påskepadling!

21. april. 2. påskedag. Siste påskekrampe. Om morgonen når eg stod opp klokka 06.00 lurte eg litt på om det var verdt det... Havskodda låg tjukk og grå. Kvifor utsett eg meg for all denne tidlege oppstandelsen, pakkeriet, matpakkesmøringa?

Fin start på dagen med sydenstemning mellom Langholmane på Moltustranda. Skorpa i midten bak var målet for dagen.

Er det sesong no?

"Keip" på trebåt til venstre og fjellet "Keipen" på Skorpa til høgre. Tilfeldig? Ikkje i følge Mildrid..

Først over Herøyfjorden til Flåvær. På maks fjøre kom vi oss ikkje gjennom været der vi hadde tenkt, og padla på sørsida utover til fyret.

Flåvær fyr - Skorpa til venstre, Nerlandsøya til høgre. Fyret ligg så vakkert til. 

Flåvær fyr har fått nytt tak og rekkverk på fyrlykta og generelt litt vedlikehald sidan sist. Det er godt å sjå!

Kryssing av Flåværleia neste. Sandsøya, havskodde og Stadtlandet. Skodda var på retur og vi var lite bekymra for den. Nordaustleg vind skulle friskne på utover dagen. 

Herøybruene: Nerlandsøybrua nærast og Remøybrua bak. Godøya med Storhornet bakerst. 

Kryssinga av leia gjekk lett, og her er Nerlandsøya. Ganske fin den og. Vi såg nokre spennande "skuggar" til høgre der som må utforskast nærare. 

I ein steinørken av verbitte øyer ligg husa på Skorpa som ein oase. Magen rumla, det var lunsjtid og perfekt å gå i land her. Fråflytta bygd, men velstelte feriehus og mykje folk som var ute her i dag.    
Skorpa kan mellom anna skryte på seg ein stamme av villgeiter (vi såg dei så vidt - monstergeiter) og ei dramatisk krigshistorie. 


Målet var Skorpa rundt. Med magen full av mat og nasen full av nye fregner sette vi kursen sørover langs øya. 

Sørspissen

Her var det litt meir dønning, grovare sjø og litt meir vind. 

Svinøy fyr i horisonten. Lokkar og dreg, men ikkje i dag.  
Zoom, så det ser kortare ut enn dei ca 10 km som det faktisk er ut dit. 

På vestsida var det som dei fleste vestsider eg har padla: Skjer, brott, stor dønning, kvitt skum og goldt. På kartet såg Storevågen ut som ei lekker lagune. Nødhamner og potensielle teltplassar må sjølvsagt sjekkast ut. Vi fann den, og den var ikkje lekker og ikkje lagune. Verhardt, eksponert og full av søppel. Det vart ikkje engong bilde av den.  

Omlag her begynte eg å kjenne på dårleg magekjensle. Sygni og Mildrid var komfortable, tok bilde og fjasa på. Vi har alle vore ute i større forhold. Det var i grunn ikkje noko å sette fingeren på. Nok erfaring, god gruppedynamikk, godt utstyrt. Eg kjende likevel på at no frikar eg litt ut og her har eg IKKJE lyst til å vere. Eg hadde i alle fall ikkje lyst å snirkle vidare mellom brotta som berre vart større og meir komplekse nordover. OG EG KUNNE IKKJE FORKLARE DET RASJONELT! 

- Ehhh, dåkkke? Skal vi snu eller gå rundt? - Eg har ikkje lyst. Eg er ikkje "på" for dette i dag, seier eg. Det er i slike stundar eg skjønnar at eg har verdas beste padlevenner. Dei tek meg på alvor, og seier kontant at om alle ikkje er "på", ja då snur vi. Ingen ekle spørsmål om kvifor og korleis, eller krav om skjerpings for dette er då å rekne for eit barneskirenn.  

Vi rundar sørspissen att og får nordavinden i fleisen. Det som var flatt hav for ein halvtimesidan har blitt halvmeters vindbølgjer med litt kvitt på. Padlinga mot bebyggelsen var grisetung, og all småangring over å snu forsvann. Når nordausten (frålandsvind) frisknar skikkeleg til er det greit å ikkje vere heilt ytst. Vi tok ein ny stopp på Skorpa, i same naustveggen. Plan A og B, sjekke på kartet, justere antrekk, på med meir klede, tvangseting av sjokolade og andre naudsynte ærend. 

Vi ser middagsselskapet til Mildrid gå fløyten og er mentalt førebudde på timar med blodslit innatt. Vel utpå løyer det litt, til omlag det som er meldt og som er heilt overkommeleg padlemotstand. Mentalt skrur vi over frå motvindskrig til sightseeing att.  

Det var desse skuggane på Nerlandsøya då. Ser ut som grotter?

Katedralaktig, men ikkje padlbar. 

Greie forhold med "passeleg " motvind innatt til Flåvær. Liadalsnibba markert landemerke på fastlandet. 

På Varholmen dreiv dei med påskesyslar og feriestemninga slo i mot oss. 
 Ingrid kjente oss att med hjelm og solbriller (godt gjort!), og det var kjekt å slå av ein prat.

 Godt å lande på Moltustranda, og vi berga både middagsselskap og ferje med stil.  Takk for ein innhaldsrik og lærerik tur! 

Kart over løypa. 22 km.


Sommarfjøsen/hytta til Shetland-Larsen som vart brukt under krigen for å gøyme motstandsfolk som skulle ut av landet ligg omlag midt i Skorpesundet. Det får bli neste gong. 

Klassisk påsketur til Bessvatnet

15.04. Siste dag i Jotunheimen. Siste dag på ski i påska?

Nydeleg dag i Gjendeosen. Starten på Sjoa det her. 

Dagens oppoverbakke - mot Bessvatnet. Nydeleg dag, men iskald vind. 

Eg venta på ny utsikt og ny utsikt, men den kom aldri. For kvar bauting flytta snøkanten seg litt meir opp mot horisonten.

Nøgd påsketurist 1 og 2 

Ny utsikt! Endeleg! Ved Bessvatnet og mot Besshøe (2258 moh) bak der.

Bessvatnet denne dagen var omlag like triveleg som Nordpolen. Iskald vind. Så vi snudde nasen nedover att. Med fellene på. 

Sastrugi

 Heile lia var som som ein stor snøskulptur. Sastrugi heiter slik vinderodert snø. Lekkert å sjå til, men ikkje akkurat grunnlag for skiglede. Vi var effektive og uelegante og kom oss så langt ned i lia at vi fekk livd. 

Kongesofa i påskesola. Sola beit og fregnene poppa ut. Det var heitt og godt i lia. 

Utsikta frå sofaen. Sikkilsdalen der borte. Eg hadde eigentleg tenkt meg bort til dei kongelege der i dalen for å snikfotografere til royalistane heime. Det vart med tanken denne gongen.

Etter ca ein halv time hadde vi ete, snopa, prata og heldt på å kjede oss skvett i hjel.

Klar, ferdig og HOPP!!

Therese fiksa det med ein gong. Eg skulle vere litt kreativ og prøve å lage eit "sittande" hopp. Det er svært sjeldan at landingsforholda er slik at ein vil prøve på det. Det viste seg at eg overvurdere magemuskane og undervurderte tyngda av skisko. Kraftig feilvurdering. Det vart ikkje så kul positur, akkurat. Prosjekt "sittande påskehopp" er utsett på ubestemt tid, og eg berga dagen med eit klassisk "hopp og vri - flyge over byen"-HOPP. Greit nok. 

Hei og hopp! Førsøk på nytenking til venstre - "sitttande påskehopp" må jobbast vidare med. Reddar dagen med ein klassikar til høgre (Begge foto: Therese Moe Øye).

Turen på kart.
 Ca 9-10 km og 400 høgdemeter.

Strålande påskeferie - og enda mesteparten av påska framom oss! 
Vi runda av med sportsbutikkhopping og bollar på Lom og kom oss vel heim. 

Takk for turen!