fredag 8. juni 2012

Borgundfjorden rundt

Onsdag 6. juni var kystverksgjengen på vatnet att! Yr.no meldte kuling og det einaste som har vore stabilt i det siste er at nordavinden er ustabil. Vi satsa difor på fjordpadling. Og kor herleg vart vel det!

Første strekk vart Nørve - Slinningen. Her er det mykje aktuelt å sjekke ut: "sakte fart"-skilt, riksantikvarskandalesak med Slinningsbua, moderne arkitektur, kor-mykje-kveldssol-har-dei-eigentleg-her-vurderingar og førebuingar til det tradisjonsrike St. Hansbålet på moloen.

Bålmakarane er i rute! Vi har sjekka...

Langevågsholmane neste. Breisundet har aldri vore så smalt eller så stille. Kuling meg her og der. Vindsstille som i 0 (null!) vind vart det.

Breisundet og Sukkertoppen

Nye folk på tur betyr nye historier, og at eg kan fortelje opp att mine gamle.. Endeleg ein tur utan kamp mot vind, klokke, svolt eller andre ulumskheiter. For første gong i år!
Blikk stille og snirkling mellom Langevågsholmane.

Eg testar svingtak (Foto: Terje)

Endeleg ein kveld der det freista å øve litt teknikk. Svingtak. Baugtak, sveipetak og telemarksving. Var det slik det var ja? Litt rusten, men Nukaen er på lag. Herleg! Livet er å nyte slike kveldar. I kveld var det skikkeleg kose tur - vi hadde eit hav av tid; snoka, prata og sugde til oss kvar stråle av kveldssola. Terje stod for serveringa.

Trude - alltid blid i kajakk!

Vi utforska eit nytt potensielt spennande prosjekt, så følg med! Sunnmøre Museum er ingen trygg plass om vi er på rett stad på rette flomålet..

Kjekt å sjå at det begynner å verte liv på sjøen att. Småbåtar, seglbåtar, kajakkpadlarar (i fleng!) gås og ærfugl, og andre turistar (Actin). I kveld vart vi til og med filma med modellfly!

Eg runda av kvelden med kameratredning med Trude. Ho både redda og vart redda etter alle kunstens reglar. Ny-drakta var tett, og sjølvtilliten stigande!

Borgundfjorden rundt vart ca 13 km.

torsdag 7. juni 2012

Eg - ein bloggar!

Eg fekk meg ei hyggeleg overrasking då eg las bloggen til Jill i går - der ho sender vidare ein Liebster Blog Award til "Lene Sin!" Dette må no vere eit teikn på at eg ikkje berre ei turglad dame, men også kan bruke tittelen "Bloggar"!

Jill sin blogg: En smak av kajakk, naturen og foto er verdt å følgje. Ho tek fantastiske bilde og fangar ofte sjølve "LIVET" i bilda sine. Her har eg om mogleg møtt min overmann i Vestlandskjærleik. Både hundar og menneske som vert fanga av Jill sine linser vert vakre og strålar av livsglede.

Alnes (Foto frå bloggen til Jill)

Liebster blog award er skapt for å løfte fram bloggar med mindre enn 200 følgjerar. Reglane er omlag slik:


In order to accept the award, the recipient will:
1. Thank the person who gave you the award.
2. Link back to that person’s blog.
3. Copy and paste the award to your blog.
4. Present the award to 3-5 blogs of 200 followers or less that you feel deserve this recognition.

Den kjekkaste biten kjem nemleg her, der eg kan anbefale og sende "Awarden" vidare til nokon av mine favoritt-bloggar:

Odin sin padleblogg
Odin har lært meg mykje om både padling og blogging. Han fekk meg til å sette i gang eigen blogg i 2010. Padlebloggen hans handlar om tur, tips og triks, teknikkar og reparasjonar. Testing og erfaringar vert presentert ærleg og enkelt. Odin er engasjert i den lokale padleklubben i Askvoll, driv padlekurs i våttkortsystemet og er oppteken av barn og ungdom. Han har ein spennande og brei innfallsvinkel til padling.

Padling i Bulandet (Foto frå Odin sin blogg)

Padlemia
Padlemia er ein ekte Vesterålsentusiast. Ho skriv om padleturar, padleerfairng og naturopplevingar. Noko i stilen, både språk og bilde, treff meg 100%, så dette er ein av mine favoritt-bloggar. Gjennom fleire år har eg "delteke" frå sidelinja i padleaktiviteten her, så eg har no nesten blitt litt Vesterålsentusiast sjølv! På bakgrunn av denne bloggen drog Nina og eg til Artic Sea Kayac Race i fjor, og det var ein kanonfin ferie! HEIA Vesterålen!
Vesterålen! (Foto frå Padlemia sin blogg)

EGG
I ein heilt anna sjanger er søstra mi sin blogg. Ho er kreativ og målar på egg. I starten var det berre begrensa til påske og eit titals egg. Men så tok det av. No har ho ein flokk med ender, driv eggproduksjon, har hundrevis av kunstferdige måla egg og organiserar aktivitetskveldar og sal. Bloggen har flotte bilde av egga, og litt snasen info om livet i "Duckville".
Juleegg (Foto frå eggbloggen)

Marits bilder
Den nyaste favoritten min er Marit sin blogg. Her er det mykje bilde frå Atløy og dei gode turane i kvardagen. Marit fangar både dei små doggdråpane og dei store solnedgangane. Her finn eg trøst når Askvollheimlengta vert for stor.

Alden (Foto frå Marit sin blogg)

Eg har stor glede av alle bloggane eg følgjer, så sjekk gjerne blogglista mi for fleire godbitar ;o)

tirsdag 29. mai 2012

Kystverkspadling!

Sesongopning for padling med gjengen på jobb. Sidan dei påmeldte hadde litt padleerfaring for vi ut til Giske sjølv om det var nordavind. 

Klar for tur!

Terje var pådrivar, Trude stilte med smittande begeistring medan Bjørn og eg tok rolla som dei nøkterne deltakarane denne kvelden. Straum og nordaustvind som drog i ulike retningar gjorde at eg var litt meir skjelven enn eg har vore på lenge i kajakken. Vi held oss på le-sida og satsa på kvalitetstur framfor kilometer.

Ut mot havet! Livskvalitet å få nyte kveldane her ute.

Måsane på Kvalneset. Røffare sjø på nordsida av neset, så Giske rundt får bli neste gong.

Kvalneset (og forsåvidt heile øya Giske) er eit prakteksemplar av ei morene. Dessutan stinka det "daud-kval-aktig".

Alnes låg på andre sida av fjorden, og såg ut som ei fiktiv eventyrbygd i kveldssola.

Fjøresnirkling på veg heim.

KYBIL-padlesesongen er i gang! Kanonfin kveldstur! Måtte det verte mange i løpet av sommaren!
Artig å ha med spesialkompetanse på padletur. Til saman hadde vi full kontroll på skiltreglar, installasjonar og reguleringar i sjø, aktivitet i region Midt-Norge, forvaltningsplan for Nordsjøen og kva som skjer på vindkraft til havs for tida. Moloinspeksjon er ein naturleg del av tur med denne gjengen..

Her var vi på sørvestsida av Giske. Turen vart ca 6 km og vel ein time lang.

Kjekt at det er så variert vannsportmiljø på Sunnmøre. I Borgundfjorden var det regatta med seglklubben, roklubben var i aksjon og turpadlelaget hadde lagt ut med kajakkane eit par timar før oss. Når vi kom ut på Giske var det ein 4-5 kiterar i sving.  

søndag 20. mai 2012

Øyhopping i Flora - Skorpa og Stabben

19. mai. Vi var gira på øyhopping, og la ut frå Tansøy landhandel etter lunsj. Vestsida av Asgrova er noko av det finaste eg har padla. Holmar og sund. Kort mellom turkise pollar og opne strekk med berre hav i horisonten.

Innanfor Kvamsholmane

Det var ikkje så gale med motvind, så vi bestemte oss for å krysse til Reksta om Stårholmane. Før vi var komne over friskna det til og det vart stritt nok å komme seg til holmane. Vidare var det kvite skumtoppar heile vegen til Reksta. Som gode Sunnfjordingar tok vi det med ro, og bestemte oss for å ete litt først. 

Frå Stårholmane mot Reksta og Skorpa

Reale damer

I løpet av turen skulle vi teste Real turmat, som ingen av oss eigentleg hadde trua på. Erfaringa er at det fungerar greit til lunsj, men er nok for små porsjonar til middag (hovedmåltid) på lange dagar med fysisk aktivitet. Den vart best når vi brukte fosskokande vatn rett frå primusen i staden for varmt vatn frå termos (kokt om morgonen).

Utkvilte og mette vurderte vi kryssing til Reksta. Motvind ja, men berre to kilometer, og ikkje spesielt grov sjø. Vi gjorde eit forsøk. Tungt, men det gjekk framover, og vi kom oss over. Då var spørsmålet: Skal vi finne ein teltplass her, eller skal vi til Skorpa? Orkar vi to kilometer til med kryssing? Under litt tvil så hadde vi begge mest lyst til neste øy. Vi padla frå holme til holme, med 5 minutt pause i livd bak kvar av dei. Det gjekk fint, men ingen av oss ville ta eit einaste padletak til då vi landa i Porsvika i sjutida. 

Dei innfødte var nyfikne og vennlege, og mista heldigvis fort interessa då vi ikkje hadde med kraftfor

Frå Porsvika over mot Florø

Nok ein kanonfin teltplass, denne gongen i livd for vinden. 

Brønnen. Det kvite var ein gong eit lam. Det er vanskeleg å finne vatn på øyane om ein ikkje oppsøker hus og folk, så det er god grunn til å ha med seg nokre liter i kajakken.

Området mot Batalden og Vevling ser ut som eit padleeldorado! 

Du veit det er kaldt når det einaste du vil etter ein lang dag er å gå kveldstur. Alle som kjenner oss litt veit at vi er slitne når vi snur halvvegs mot toppen. Men glimtet av "padlehimmelen" på nordsida var fantastisk.

Siste feriedagen og frukost i VARMEN! I dag kom sommaren, og det var vindstille og vakkert. 

Kjell kom ut frå Florø og møtte oss på Skorpa

På heimvegen tok vi ein æresrunde ved Stabben fyr

Nina og eg ved Stabben (foto: Kjell)

Ferien var slutt, og vi hadde hatt ein fantastisk tur. Frå vi skilte lag med "Nordkaperne" hadde vi padla ca 35 km og testa to av dei finaste teltplassane i Florabassenget. Øyene i Askvoll er flotte, men øyene i Flora er jammen ikkje noko dårlegare dei. Hit skal vi tilbake!


lørdag 19. mai 2012

Øyhopping i Flora - Tansøy

Etter to dagar med motvindspadling var det herleg å få vinden i ryggen og snirkle seg inn mellom steinar og skjær att. 
Snirkling på veg mot Tansøy.

Sunnfjord-sfinksen? (Mensholmen)

I land på Helgøya for å finne teltplass

Noko av det luraste Nina og eg har gjort er at vi tidleg i mi kajakk-karriere øvde på ilandstigning. No er ikkje svaberg, steinete strender eller dønning nokon grunn til å IKKJE gå i land nett der vi vil. Etter å ha leita rundt ei stund fann vi ut at det ikkje fantes teltplassar i le for nordavinden noko plass, og så for vi tilbake til den aller første plassen vi såg på. 

Fine folk et sein middag. Veldig kaldt og veldig fint. 

Mot Tviberg og Alden. Norskehesten kjem godt fram frå denne sida. Dei har brukbar utsikt dei som bur her.

Naturkunst. Tydeleg ein kar som enten slit med å få på seg tørrdrakta, eller held på å gå heilt i oppløysing

Teltplassen på Tansøy. Beste tomta i by'en.

Morgonstund....

Det var kaldt om natta (dei heime hadde fyrt i omnen og gradestokken kraup ned til 2-3 grader). I sekstida  begynte sola å varme på teltduken, så utover morgonen vart det berre betre og betre....

Store landskap og små perler. Sjøanemoner er berre fasinerande og flotte!

Perfekt kajakklanding ved Tansøy landhandel (som vitterleg ligg på Asgrova)

Mjuk start på dagen med eit kvarters padling bort på butikken. Der fekk vi påfyll av viktige ting som til dømes pepsi max, og det var dessutan vaffelsteiking på gang om vi gadd vente litt i sola på verandaen. Det gadd vi. God service og blide folk, som dessutan vart grueleg imponerte over at vi hadde padla Stavfjorden. Så då handla vi litt ekstra.

Brua på Tansøy

Brua er ein attraksjon. Det er ein knapp på kvar side for å få ho til å heve eller senke seg. Det klødde meir enn litt i fingrane etter å gå bort å trykke.... Slik gjekk no dagen, og vaflar vart det. 

Etterkvart manna vi oss opp til litt meir motvindspadling....