lørdag 25. februar 2012

Skredsightseeing på Sæbø

Laurdagsskituren var bestemt, og eg trudde vi hadde full kontroll. Det viste seg at vi hadde gløymt å ta høgde for skodda. Så stod vi der i Ørsta då. Med sikt på 50 meter og grautskodde ned på skuldrande. -Vi kan no fare til Sæbø og kjøpe sjokolade, seier Trude. - Kanskje det lettar litt.

Undervegs såg vi fleire ras som var gått i løpet av siste døgnet. Det toppa seg då vi kom fram til Sæbø og snøraset berre velta ned imot bygda. Imponerande og skremmande, og utruleg kult å kunne saumfare raset i ettertid. 

Kanten på 6-7 meter stod tverr midt på jordet. Litt som ein fersk isbre. Flotte blåtonar, noko knallhard is  og andre delar berre kram snø.
Eg vart lita i denne målestokken (Foto: Trude)

Det var vi og dei lokale heltane som var på skredsafari denne dagen. Vi var litt usikre på kor mykje utforsking vi kunne gjere, men når dei lokale heltane klatra i raset så følgde vi på! 

Voldsomme krefter i sving

Mykje god lokal informasjon. Skonndalsfonna brukar å gå kvart år, men raset har vist ikkje vore så stort sidan 1978. I 1968 var det eit skikkeleg ulykkesskred, som utsletta 4 av 5 bruk på Riise. Det er stor skilnad på "mjølskre" og "kramskre". Den krame varianten som her kjem seint. Dei hadde ikkje merka noko spesielt i bygda då raset gjekk, ettersom kuling og regn allereie piska på stoveglasa.

Frå raset mot bygda

Folk på Sæbø var trivelege og pratsomme. Turtips og rasprat. Det er ikkje mindre enn to daglegvarebutikkar i bygda, så sjokolade vart det og. Vi gjekk på kaia og vart invitert inn i nye utleige-leilegheiter med fjordpanorama. Her går det an å komme att. Om sommaren til dømes.

Meir om raset på Hjørundfjordportalen. MEN vi var no framleis gira på skitur, og skodda hadde letta litt....

tirsdag 21. februar 2012

Skjonghellaren og Signalen

Nesten alle er på vinterferie. Ikkje eg. Ikkje Trude. Så vi gjer det beste ut av det. Ekspedisjon Valderøya iverksett.

Første stopp Skjonghellaren. Ei kjempestor og berømt grotte på vestsida av Valderøya, som eg har sett kvar gong eg køyrer heim frå flyplassen. Sunnmøringane sjølv påstår at det er den mest berømte grotta i Noreg. Utgravinga i 1983 resulterte i funn som var 30 000 år gamle. Altså FØR siste istida. Det er ganske kult. Grotta var ganske kul og.

Då vi nærma oss høyrde vi stemmer og lukta røyk. Eg trudde nesten fantasien spela meg eit puss. Det viste seg å vere høgst levande sunnmøringar anno 2012, med bål og matvett. Grotta var litt katedralaktig, med flott utsikt vestover. Her går det an å bu!
Deretter gjekk vi nord på øya for å finne stien sørover att og opp på toppen. Den fann vi og gjekk opp i skumringa. Godt fornøgde. Utan bruk av lys. Det var greit å sjå dei store linjene i landskapet likevel.

Eg burde ha skjønt kvifor toppen vert kalla Signalen - det står jo ei stor mast med lys der (A-ha!). Dessutan eit par flotte vardar. Toddydrikking, fotografering, kveldsmat. Rett triveleg på Valderøya. Lys på alle kantar, frå byen, bygdene, flyplassen og frå fyra. I horisonten såg vi masse små lys som måtte vere fiskebåtar på Mørebankane. Sildesesong?
I dagslys er det ikkje måte på kva ein kan sjå herifrå..

Lyktene på og vi dura nedover. - VAR det her vi kom? Begge var etter ei stund einige om at det var det IKKJE. Vi justerte kursen. No såg vi alle detaljar langs "stien", men ikkje dei store linjene i landskapet. Ops. Vi gjekk oss ut på ein haug som vi begge var einige om at det var lurt å gå på. Der snubla vi i ein varde som vi hadde sett på veg opp - på lang avstand.

Ein ny sti var det og. Det viste seg etterkvart at dette var hovudstien på Valderøya. Den gjekk finare og tørrare i terrenget og med mykje meir utsikt enn vi hadde på veg opp. Aldri så gale... Vi kom oss ned og var strålande fornøgd etter ein knallfin vinterferie-substitutt-kveldstur.

Inspirasjon til turen fekk vi på Jills blogg - og her kan de og sjå korleis det ser ut i dagslys...

søndag 19. februar 2012

Hodlekve i Sogndal

I lag med resten av indre Sogn og Sunnfjord testa vi søndagsformen i Hodlekve. Fint ver, -2 grader og sol. Masse nysnø og blide folk. Heiskø i lange banar. Heldigvis skulle mange av dei i heisen vidare på fjelltur, medan vi held oss i bakken.

Beviset: Been there - done that! (Finn ein feil...)

Testing av stille hopp. Dersom eg vert litt tøffare på sikt vert det kanskje hopp med tilløp i framtida?

Det er fint i Sogndal og. Sjølv om dette skal vere Norges beste UTEstad, så vert det liksom ikkje det same når ein ikkje ser fjord eller hav. Skitrekka på Sunnmøre har eit fortrinn der.

Bakkane i Hodlekve var litt brattare enn i Bjørkelia. Det gav passeleg utfordring, og det var greit med eit tretimarskort. Trur eg hadde blitt litt lei dersom vi skulle ha vore mykje lenger. Det som er fint i Hodlekve er dei mange moglegheitene til å gå vidare innover fjellet på topptur. Det vert ein anna dag, når eg ikkje skal køyre til Ålebyen etterpå... Minnast ein flott tur til Blåfjell (1400 moh) med Kristin i "gamle dagar", så veit at det er flott vidare innover.  

PS: Testa Tierra klede denne dagen - og resultatet finn du på skiinfo.no 

lørdag 18. februar 2012

Bjørkelia i Jølster

Askvollhelg = tur. Sjølv om det regnar. Nina og eg pakka bilane fulle og sette kursen mot indre strøk. Padling utgjekk på grunn av kulingvarsel, så eg held no fram med å teste skitrekk.
Det var god plass i Bjørkelia denne laurdagen. Mjukt og vått og trått føre. Flatt lys og snøbyger. Men vi hadde det no kjekt likevel og prøvde oss med eit skibytte. Det var ganske annleis å stå på Nina sine carvingski i forhold til mine eigne randonee-ski.

Artige bakkar i Jølster, varierte og ikkje for bratte. Vi fekk oss til og med ein tur med utsikt ned på Jølstravatnet i løpet av dagen.  

Stemninga i boks for resten av helga!

PS. Test av Tierra jakka og bukse - resultatet kan du lese på skiinfo.no 

lørdag 4. februar 2012

Strandafjellet

Det er sesongen for test av skitrekk. No var det Strandafjellet sin tur. Skitrekka på Sunnmøre ligg vannvittig fint til, og det kjennest nesten som å vere på fjellet. 

Strandafjellet - frå Fursetsida

Eg likar at dei "Sunnmøringane" som eg har blitt kjent med kan gjenbrukast... Det viser seg at dei som padlar også har ski. Masse moglegheiter!

Strandafjellet var veldig bra. Kaldt (ca -6 og vind på toppen), pudder og fine løyper. Utfordringa er at det er stolheisar her. Det næraste eg kjem angst er i stolheis. Høgdeskrekken tek tak i meg og eg vert kvalm og svimmel og vil berre døy. Løysinga var å knipe att auga og fokusere på pusten. Det fungerte så lenge Sygni sat ved sidan og og fortalte med innestemme og kvilepuls at: - No skal vi snart gå av så du må løyse krampegrepet på bøylen her snart, og kanskje ha opp auga bittelitt... 


Verdt angsten å komme seg høgt til fjells på eit blunk - og det vert kjekkare dess meir kontroll eg får på skia. Det går betre for kvar tur! Strandafjellet for første, men slett ikkje siste gong!