Undervegs såg vi fleire ras som var gått i løpet av siste døgnet. Det toppa seg då vi kom fram til Sæbø og snøraset berre velta ned imot bygda. Imponerande og skremmande, og utruleg kult å kunne saumfare raset i ettertid.
Kanten på 6-7 meter stod tverr midt på jordet. Litt som ein fersk isbre. Flotte blåtonar, noko knallhard is og andre delar berre kram snø.
Eg vart lita i denne målestokken (Foto: Trude)
Det var vi og dei lokale heltane som var på skredsafari denne dagen. Vi var litt usikre på kor mykje utforsking vi kunne gjere, men når dei lokale heltane klatra i raset så følgde vi på!
Voldsomme krefter i sving
Mykje god lokal informasjon. Skonndalsfonna brukar å gå kvart år, men raset har vist ikkje vore så stort sidan 1978. I 1968 var det eit skikkeleg ulykkesskred, som utsletta 4 av 5 bruk på Riise. Det er stor skilnad på "mjølskre" og "kramskre". Den krame varianten som her kjem seint. Dei hadde ikkje merka noko spesielt i bygda då raset gjekk, ettersom kuling og regn allereie piska på stoveglasa.
Frå raset mot bygda
Meir om raset på Hjørundfjordportalen. MEN vi var no framleis gira på skitur, og skodda hadde letta litt....
Den avstikkaren til Sæbø vil vi huske for resten av livet. Mektig, imponerande og skremmande var akkurat det det var. Veirhaldet neste?
SvarSlett