tirsdag 22. mars 2011

Første padleturen

Søndag 13. mars: Første padleturen for min del i år. Utgangspunkt Flokeneset. Alle brygger med respekt for seg sjølv burde forresten ha namnet sitt med store bokstavar!

Endeleg testing av takstativ og TO kajakkar på taket! Gjekk strålande det.

I dag vart det meir ein "Explore"-variant enn turpadling. Kjekt å krinkle seg innmed alle svaberg, bukter og viker. Og dei er det mange av her. Stilt og fint. Klårt vatn. Turkise sandbankar som lokkar med bading (men vi veit betre i tørrdraktene våre, og let oss ikkje freiste - endå!)

Nina og øyane i Flora i bakgrunnen. Raude nebb og tjeld langs alle strender. Vår i lufta. Bortsett frå ved Skarveberget, der det lukta som ein sildoljefabrikk i høgsesongen..

Eg budde i området her på slutten av 1900-talet, og det var artig å sjå att gamle plassar frå ny vinkel. Det har vore mange morgonturar med Zarek, og mange fine ettermiddagar i sola på svaberga i Nervika...

Vi padla utover mot Stavestranda. Litt meir vind og bølgjer. Litt meir turpadling. Det var fleire hus utetter stranda enn vi visste om. Kjempefint område å padle i! Kjekt å dra ut frå ein ny plass. Men vanskeleg lys og kontrastar for kompaktkamera.

No er eg i gang med kilometerteljinga. Turen i dag vart ca 13,5 km.

Vel heime møtte vi Askvoll padleklubb, avdeling gutteklubben Grei, etter at dei hadde hatt seg ein fin pratetur frå Øyra

mandag 21. mars 2011

Rett og slett ein fin skitur..

Laurdag 12. mars. Askvolhelg. Forferdeleg snøver fredag kveld på veg nedover. Eg lurte litt om vi kom til å komme oss på tur i helga. Laurdag vart det skitur! 80 cm snø på vegen ved vassverket i Holmedal. Jomfrueleg vakkert. Eller blytungt å trakke alle spora sjølv...


Landskapet var heilt forandra av all snøen. Vi var like i nærleiken av stien til Håland/Tveitsstølen, samstundes som vi ikkje var heilt sikre på kor vi var. Før vi omtrent stod oppå taket på stølen. Retningssansen var det i alle fall ikkje noko å seie på.

Stølshusa til Håland/Tveit

I Fagredalen gjekk verda i kvitt. Vi HADDE tenkt oss på Svarthamrane. 10 poeng å hente der. Rundt oss var det berre kvittikvitt. Du veit at det er lite sikt når du vert usikker på kva som er opp og kva som er ned. Vi venta og venta.

Sjølv "Eg-snur-aldri-Nina" måtte krype til korset. Mykje tung nysnø gjorde at det  var fint å komme seg heim for ein gongs skuld. Det var mogleg å styre, og farten vart begrensa.

Vinterlandskap i Holmedalsfjella

Ingen poeng. Ingen topp. Som skitur betrakta så hadde det vore ein riktig så fin dag; med toddy,  matpakke og nokre nye fregner.

mandag 14. mars 2011

Skøyter på Skarvatnet

Søndag 6. mars. Etter rekognosering i Skarvatnet forrige helg var vi skikkeleg gira. Skøytetur! Uavhengig av vermelding og VM-sendingar. Karianne hadde lånt isbor. Vintersal på sporten resulterte i skøyter og hockeykøller.


Skøyter! Vedhogst. Bål! Kaffi! Hol til isfiske. Ut med fiskestenger. Effektiv multitasking!  

Mamma og pappa i basecamp - leirplassen og fiskeplassen på sørsida


Det var ein liten strek i rekninga med nysnøen, men elles var det ikkje noko å seie på hockeygjengen. Pucken fekk vi ikkje så mykje bruk for, men vi øvde inn mykje god skøyteteknikk som vi kjem til å ha bruk for neste gong; stå oppreist, få til bevegelse framover, sving unna massive hindringar osv.

Zarek og eg går i barndommen. Eg fordi eg leikar i barndommens dal. Zarek fordi han er litt senil, men ikkje meir enn at han veit at det brukar å vere vatn her, og at det er ufattleg kjekt når han kan springe OPPE PÅ VATNET! (logre, logre)

Mors nybakte og fantastisk gode kanelsnurrar! Verdas beste kaffi!

Nok klede. Ingen fisk. Ingen varige skadar. Det er berre å oppsummere: Artig! Skøyter er undervurdert!

mandag 28. februar 2011

Kvannfjellet

Kvannfjellet (980 m.o.h) var målet laurdag 26. februar. Dette er HIKS-fjellet i Fræna. (Høgaste I Kommunen Sin). Ingen  av oss har vore der, og no var det på høg tid. Nokre var meir klar enn andre. Marita hadde lånt seg tipp topp utstyr. Eg hadde lånt lange feller, med erfaringane frå Ausekaret friskt i minne.


Skibok for Romsdal er ein genial turguide, og det var lett å finne vegen. Det vil seie når eg først greidde å finne avkøyringa til Syltesætra så.. Det vart ein liten svipptur til Eide på rekognosering først.

Skia måtte bærast det første stykket. Så labba vi med friskt mot med skia på i bjørkelia. Nydelig fint innover dalen etter plantefeltet. Fint føre. Godt feste. Feller er genialt. Heilt vindstille. Planen var å gå opp til skydekket, ete lunsj og sjå det an.



I lunsjen forsvann landskapet heilt. Alt var kvitt. Litt fortustra vart vi einige om å drøye det litt, før vi skulle snu nedatt i skoddeheimen. Vi såg verkeleg ingenting. Det var nesten så vi lurte på å starte nedover bakkane til fots til vi fekk litt meir sikt.

Brått sprakk skodda opp, og vi såg verda i fargar att! Kvite fjellryggar mot knallblå himmel skar i auga over oss. Gliset gjekk heilt rundt - no skulle vi til topps!


Plutseleg kom det ein heil flokk med folk nede i lia. Vi var ikkje aleine på fjellet meir. Målretta, optimistiske og fulle av krefter la vi til topps. Det var tungt, men greit, og snart var vi oppe ved varden. Her var det isete og glatt med kald vind. Ei anna verd att. Kvannfjellet ba oss dra oss til pisis nedatt. På trass skifta vi klede, fotograferte og sugde til oss inntrykka av snøkledde alpar i sør, vårlege fjell i ytre, Frenfjorden og Malmefjorden. FIIIINT!


Det var vel minst ein anna grunn til at eg ikkje hadde det travelt nedatt. Dødsangst! Nemnte eg isete og glatt? Ikkje eit hint av pudderføret frå forrige helg, som hadde gjeve ny sjølvtillit på skifronten. Forsiktig starta vi nedturen. Marita gjorde ein bra figur. Eg var redd. Ein sving hit, desperat ploging, og ein sving dit. Det vart heldigvis mjukare nedover. Det gjekk betre etterkvart. Men det er for gale å slite seg opp på eit stort fjell, og ikkje gle seg over nedoverbakkane på heimveg. Særleg når turguiden påstår: lett skitur, flotte utforkøyringar!


Vi stakk utpå ein anna liten åsrygg (høgde 510) og tok siste nistepakka. Mildt og fint att her nede. Testing av nytt kamera. Siste del gjennom skogen var ein rein moro. Mjukare snø og ikkje så bratt. Dei første regndråpane kom først når vi pakka skia i bilen. Bra timing. Bra tur!

søndag 20. februar 2011

Vardane - Sulafjellet

Søndag, sol og Sulafjellet! Etter planen ein litt kortare og lettare tur enn i går. Eg ser rett over på Sula frå leilegheita mi, og gledde meg som ein unge til ny tur!

 I betongundergangen ved parkeringsplassen hadde ei vennleg sjel lagt lista for dagen:


Første del av turen var ein ganske flat turveg. Gamle damer til fots og folk på langrennsski susa forbi oss. Tunge ski med feller var kanskje litt i overkant. Den som ler sist ler best tenkte vi, og labba vidare med fellene våre.  


Første mål var Rollonhytta. Rollon har lite med deodorant å gjere. Det er vist ein gammal ærverdig sportsklubb i Ålesund, som i tillegg til å drive med sport altså har hytte med kiosk på fjellet.

Nina og Rollonhytta, med Vardane (776 moh) i bakgrunnen.

Trass i litt tunge bein så satsa vi på toppen. Kanskje ikkje så overraskande? I det sekund vi sette føtene ved varden var alle tunge bakkar gløymt. FOR EI UTSIKT! Havet i vest, Ålesund i nord, og resten av horisonten full av ville Sunnmørsalpar så langt vi kunne sjå. Påstanden er at ein skal kunne sjå 21 kommunar herifrå, til Hornelen i sør og Talstadhesten i nord. Eg tvilar ikkje.

Ålebyen i all sin stas

Smilet gjekk nesten rundt på oss. Sulafjellet er allereie ein favoritt!

Vardane hadde namnet sitt med rette. Ikkje berre ein, men fleire store solide vardar på toppen.

Bakkane var meir på vårt nivå i dag, og det var litt mindre skrekk og betydeleg meir fryd på nedturen.

På veg heim, nok ein varde. Kolåstind til lengst til høgre bak. Jønshornet (?) til venstre skal tru? Det er i alle fall så flott at det nesten gjer litt ilt.

Turtips og meir info og fleire bilde om denne og mange andre flotte turar på fjellinordvest.net.