lørdag 19. februar 2011

Ausekaret

Besøkshelg! Nina hadde teke med skia, og eg hadde pressa kollegaer og tilfeldig forbipasserande for turtips. Målet var Ausekaret i Sykkylven. For ein dag det skulle bli! Kaldt, strålande sol og blå himmel.

Det var lett å finne fram til parkeringa, og det såg jo i grunn ikkje så gale ut. Med god tru starta vi oppover medan vi kommenterte at dei fleste andre hadde utruleg breie ski.. Meliskrystallsnøen gav nesten ikkje feste for smale feller, og i alle fall ikkje mine korte. Det var ikkje noko særleg poeng i å verte sur av den grunn - opp skulle vi. Eg nytta høvet til å sette ny personleg rekord i fiskebeinskigåing.

På toppen! Ausekaret (Auskjeret) 1203 moh

Utsikta var formidabel! Sunnmørsalpar, lag på lag, i alle retningar.

Vi vert små i eit slikt landskap. Ikkje eit vindpust, og såvidt varme i solstrålane. Erkjenninga av at livet er for kort til å rekke over alle desse flotte tindande. Det må prioriterast. Aller helst skulle det vore nok godverssøndagar til å få med seg alle...

Eg er eigentleg ikkje ein utstyrsfrik. Men eg har aldri hatt så lyst på dyrt moderne utstyr (randonee) som når eg fiskebeina meg opp bakkane. Med eit mogleg unntak for når vi for ned att.. Åsnesskia mine er lette og fine - men dei vart eit nummer for små for dette terrenget (omlag som å vere på Stormsamling i Bulandet i ein Hasle-kajakk tenker eg.. Det gjer ein vel berre ein gong?).


Ein gammal kjenning dukka og opp i horisonten: Slogen har vi vore på før.

Nedturen kunne ikkje utsettast i det uendelege. No kom puddersnøen meir til sin rett og ploging , svinging og bremsing var mogleg. Ausekaret er tydelegvis ein populær tur. Det var mykje folk på fjellet, og endå fleire spor. Dei fleste valde å sette mjuke, organiske linjer på si ferd ned fjellsida.
Nina og eg held oss meir i geometrien si verd. Kunne nesten tru vi hadde fått inspirasjonen frå eit backgammon-brett. På den andre sida så var det få som hadde så mange lengdemeter nedtur å gle seg over som oss!


Lykke! Vår første Sunnmørstopp på ski! Litt mør i skrotten. Men i live. Og veldig veldig fornøgd med dagen. 

-15 grader ved parkeringa - pinnkaldt!

fjellinordvest.net er det meir informasjon om Ausekaret, kart og panoramabilde med namn på fjelltoppane m.m

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar