Viser innlegg med etiketten Nuka. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nuka. Vis alle innlegg

onsdag 15. august 2018

Rosholmen

14.08 Sjølv om ferien er slutt, går det an å gjere kjekke aktivitetar om ettermiddagane. Eg hadde ønska meg ein gylden augustkveld. Ein slik der hav og himmel smeltar saman og sjøen legg seg paddeflat utover kvelden. Slik vart det IKKJE. Berre dei mest hardbarka camperane heldt framleis stand på Blimsanden. Det vart tørrdraktantrekk på oss. Sommaren er definitivt på hell.

Namnesøster Lene med "ny" tilsvarande lillesøsterkajakk. 
Desse skal nok få lufta seg i lag framover! 

Holmehopping frå Blimsanden

Ope hav, litt vind, fin temperatur. Det er kjekt å padle sjølv om det ikkje er blankstille og. 

Oter, havsule og ørn stakk innom tidleg på turen. 

Storholmen fyr langt der ute..

Kurs mot Rosholmen. Det var litt bølgjer og kjensle av skikkeleg HAVpadling. 

Ingen heime på Rosholmen i dag - så vi måtte nøye oss med eige SELskap. Det som ser ut som ein svart stein i havet er ei heil lita verd for seg sjølv når ein kjem ut hit. Fleire holmar med spennande steinformasjonar, klårt vatn og mange slag tang og tare. 

I skjergarden ved Rosholmen. Delfinsteinen. 

Titt-tei! 


Trøffeltang! 

Trøffeltang er visst ei skikkeleg delikatesse, som vi sjølvsagt måtte smake på. Mykje smak ja... Mogleg eg er litt urettferdig mot trøffeltanga no, men når hovudet eigentleg er innstilt på beinstrekk og sjokoladekjeks, så vart det litt harking og spytting.  

Framtidig kannestein

Lykta


Fyrturistane

Tøft landskap


Solnedgang med litt vind og bølgjer heim att - men ikkje meir enn at det var kjekk padling. 

Stort landskap - og dei siste solstrålane for dagen

Planlagt rute, det vart omlag slik og ca 12 km padling. 
Knallfin og frisk kveldstur!

onsdag 10. august 2011

ASKR - Lang i armane på long ramble

Med eit gisp kastar eg meg ut av soveposen og riv opp glidelåsen på teltet. LUFT!! Strålande sol, utsikt over delar av Vesterålen og nakne veltrente menn som badar. Dag to av Artic Sea Kayak Race - Long ramble verkar lovande..

Ingen av oss likar havregraut. Testing av pannekakefrukost og stormkjøkkenbrød. Godkjent på alle punkt.


Brått kom havskodda veltande innover. Avreisa vart utsett. Nervøs venting. Sidan vi tydelegvis har vore snille i år så for skodda heldigvis like fort som ho kom.


Flott ver og vi starta med å padle sørover til Litløy. Det var tungt. Kroppen ville ikkje. Kvart padletak måtte pressast fram, eg fann ingen rytme, og Nuken drog litt sideveis (skeiv pakking?).

Litløy fyr

Tilbake til Gaukværøy.

Flott natur og veldig kjekt å vere ute, sjølv om det for meg var ein svart dag reint padlemessig.


Balansekunst i teknisk pause. Arrow-sjefen viser kunstar. Artig å vere på tur med teamet bak Arrow kayaks, og heile familien av modellar!


Lang kryssing nordover. Uendeleg kjentes det ut for meg, sjølv om kartet berre viste nokre kilometer. Alle krefter gjekk med for å henge med og eg kikka litt etter den der følgjebåten. Planen var å halde til ut til lunsj, og så legge inn årene...

Vertskapet hadde enda ei fantastisk sandstrand i bakhand til lunsj. Lunt og frodig i Skårvågen og utruleg vakkert. Kanskje den aller finaste plassen på turen - min favoritt! Sjøen var fleire grader varmare i vågen, og på stranda var det tropesommar. BADING!

Kaldt, nei!

Ahhhh Sommarferie!!

Etter bading, eting og soving (ja, det var ein lang lunsj) så kunne eg nesten ikkje gje meg riktig endå.

Ut frå Skårvågen. Siste glimt av Gaukværøy for denne gong.

No vart det litt meir bølgjer, og endeleg var det kjekt å padle att. Tempoet vart meir fornuftig, reint objektivt sett. Nukaen gjekk snorrett, og humøret var stigande. Det vart mogleg å både padle og prate litt med folk.

Åsand - den tredje vidunderlege sandstranda i løpet av dagen. Leirplass på sletta bak sanda.
Yeah! Framme! - koseleg for alle, men ein stor personleg siger for meg.

For ein vekkskjemt Vestlending er det fint i Vesterålen, men ikkje noko grunn til å ta heilt av.. Men DET skal dei ha, strendene er heilt fantastiske. Dessutan er dei overalt. Litt misunneleg.

Kjempestemning ved leirbålet på Åsand. Beste bålplass? Nokon betre? Nordlendingane imponerte med å fyre med sekkar med ved i slengen. Det er SLIK sommarnettene skal nytast.
Kjempestemning ved leirbålet på Åsand. Beste bålplass? Nokon betre? Nordlendingane imponerte med å fyre med sekkar med ved i slengen. Det er SLIK sommarnettene skal nytast.

Etappa vart ca 28 km. Kan anbefalast.


søndag 27. mars 2011

Arrow Nuka

Min første kajakk er bestilt!

Arrow Nuka

Gler meg til eg får den i mai. Godt inntrykk av kajakken og god service under prøvetur hos Ystute.no i går.

Produsenten si heimeside:
ArrowNuka er en ægte performance-havkajak, udviklet specielt til leg, manøvrering og dagsture. ArrowNuka er for den mindre roer der værdsætter en kajak der reagere kontant på enhver bevægelse, både i bølger og på fladt vand. Det smalle skrog giver en letroet kajak der nemt kan følge med de store drenge – gælder det rul får de til gengæld svært ved at følge med

Det kan verte ein bra sommar med andre ord! (For når produsenten seier det, DÅ må det vere sant..!?)

På grønlandsk betyr "Nuka" lillesøster. Håpar det er det som er inspirasjonen. Alternativet er "Lion King" - varianten, der Nuka er ein sjalu og lite sympatisk løve. På swahili betyr det "stink". 

Nuka

"Stink" vert i ordboka oversett med:  stinke, vere berykta, stank, rabalder, bråk, skandale.....