Viser innlegg med etiketten Marian. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Marian. Vis alle innlegg

lørdag 15. april 2017

Værøy - turisme og taxitelting

15.04. Ny dag - ny øy! Vi sette kursen mot Værøy, der ingen av oss hadde vore før. Det var friskt på fergeturen over, og vi bleikna litt då fergemannskapet sa det var sterk kuling på Vestfjorden. Sopass ja! Ambisjonsnivået for padling vart justert, og vi skjønte at det vart kreativ turisme på oss. Strålande sol, knallblått hav og godt selskap kompenserer i stor grad for padling, så vi såg ikkje heilt svart på det.

Værøy! 

Innseglinga til kaia- litt ruskete forhold på sjøen

Værøy fyr, Lofotveggen bak, bra dønning inne i hamna og.

Aha! Det er Værøy som har Lunde i kommunevåpenet sitt. Etterkvart lærte vi at alle Lundehundar stammar frå øya, og at grenda Måstad gjorde det godt med fugl som del av næringsgrunnlaget.


Tørrfisk i alle fasongar - overalt! Noko av dette vert til lutefisk, og omlag 40% av all lutefisk i Norge kjem frå Værøy!



Tørrfiskhav på Værøy med Lofotveggen bak

Vi heldt fram med å støtte det lokale næringslivet. Kafeen på butikken var åpen, og dei hadde både junkfood og heimelaga blautkake. Vi hadde ikkje ein krystallklar plan, men starta med å gå rundt hamna og ut til fyret. 

På Røst var det meste på stell. På Værøy var det meir blanda drops, og både Kristin og eg fekk Svalbard-vibbar. 

Kyrkja midt i bygda

Hamna, og særleg den gamle delen i Røssnesvågen var fin. Førsteklasses kystkultur, og god miks av gammalt og nytt.

Fyret ytst på moloen


Innimellom alle fiskehovuda var det jammen eit fyr gitt!

Værøy fyr - det neste på oppussingslista til Kystverket Nordland. 

Fyrpause! I le-sida var det rett trivelig i sola og dunjakka. Vi dyrka påskefregnene og klekte ut ein plan.. (Foto: Kristin)

TAXI-telting!!! 

Vi transporterar normalt alt pikkpakket i kajakkar og IKEA-bagar. I mangel på padleføre fungerar taxi like godt. Vips var vi på Nordland. Nordland har fantastisk utsikt, og er mest kjent for det som HAR vore her; Steinalderbusetnad, flyplass, sjokoladefabrikk og elektronikafestival. 

Lekkert på stranda - steinen heiter Heimretussen

Både folk på kaia og taxi-sjåføren hadde informert oss om festivalen og det vart nemnt narkotika, razzia, mykje folk og veldig god stemning og ikkje noko bråk. Festivalstemninga hang framleis i bakkane. Det var diverse installasjonar og alt trevirke hadde skruar i seg. Det kjendes ut som vi var på mini-festival, sjølv om vi berre var høge på frisk luft og påskeferie. 

Knall utsikt mot Mosken og Lofotodden - Kristin poserar.

Festivalinstallasjon? Kompassrose? Hasjblomst? Fleire framlegg? 

Telting!

MINI-festival!!!  



Kveldsunderhaldninga var det ikkje noko å seie på. 

..og der vart vi henta! Eksepsjonelt mykje kjappare å pakke taxi enn å pakke kajakk. Vi legg oss til uvanar her ute: taxi-telting som konsept er testa og bestått! (Taxien er og ein del av det lokale næringslivet, så vi støttar villeg!)

Tilbake på Sørland var det framleis litt vind, og mindre dønning. Vi gjekk ut på Kvalneset og sjekka forholda. 8-10 m/s på vindmålar. Effektiv temperatur ned mot -10. Padling vart nedstemt, under ein liten porsjon tvil. Er ein i tvil så er det eigentleg ikkje noko å lure på. Dropp det. 


Endomondoinfo frå Kristin: Samla Kvalneset og 2 x rusletusle gjennom hamna: 5 + 6 + 9 km (20 km)


Note to self: 
Det er tele på Værøy i april, ta med spikarpluggar
Skrujarn og bits, inkludert umbracobits, må alltid vere med

fredag 14. april 2017

Verfaste påskepadlarar på Røstlandet

14.04 Det ula sopass rundt husveggane at vi hadde vakna fleire gonger i løpet av natta. Det var strålande sol, knallfargar og iskald frisk bris med kulingkast. Sidan eg ikkje hugsa noko særleg frå hovedutferda til nellom anna Røst med gjengen frå Norges Landbrukshøgskule i 1998, og dei andre ikkje hadde vore her før, så tok vi veret med knusande ro, droppa padling og la opp til lang frukost med påfølgjande grundig turisme.

Inga tvil, vi er på Røstlandet. Ikkje ulikt Nordvestlandet. Øyene vi padla rundt dagen før låg som solide landemerke lenger ut i havet. 

Det er 17 km veg på Røst, og fleire turstiar. Det bur 535 personar her (2016, SSB), men talet mangedoblar seg i fiskesesongen. Etter å ha tusla ca halve vegnettet og ein av turstiane på øya, meiner eg å ha eit godt innblikk i "typisk Røst". 

1: Tørrfisk

2. Tørrfisk

3. Tørrfiskarbeiderar

4. Tørrfisk

Det raraste med Røst er kanskje likevel at mykje er ganske likt resten av kysten, om ein ser stort på det:  

1. Fine motiv med kombinasjonar av rå natur og levande busetnad

2: "Oppna landskap", verhardt, med eit kontinuerleg brus frå havet, brott og dønningar 

3. Klassisk norsk kommunesenter med tilhøyrande arealplanlegging og arkitektur, om enn i noko liten skala.

På Røst er det mogleg å leve kortreist, og ut i fra skiltinga har dei det aller meste ein kan forvente av service og funksjonar i 2017 - og det stort sett vegg i vegg. 

4. Imponerande mykje ekstremt velstelte hus og hagar, nokre med historisk sus. Vi tippa dette var eit gammalt sentrum?

5. Flate myrer og våtmarksområde, som sjølvsagt har status som naturreservat.

6. Kulturminne i stein. Gammelkyrkja (1839-1900)


Langfredag er ikke den beste dagen å vere turist i Norge på, då mykje er stengt. Etter ei lang vandring var vi både tørste og svoltne, og gjekk etter lukta. Det var jammen ein åpen kafe, så vi støtta det lokale næringslivet så godt vi kunne. 

Ferie er ikkje berre kos, det er nokre plikter også. Vi skulle ta ferja neste dag, og måtte forflytte kajakkane våre, trass vind og akutt bærevegring.  

Klare for minipadling/tvangspadling/frisk luft. 

Friskt i sunda

Kristin var fasinert av eit av dei meir forfallne husa på ein av holmane, så det måtte vi sjå nærare på. 

Ekstremt fotogen kajakk, og sjekk bakveggen på huset...

Aktiv fiskerihamn, med påskeferie, men framleis båtar frå ulike plassar og redningsskøyte på plass. 

Kajakktralla var ikkje tilgjengeleg, så vi gjekk ca 100 turar t/r mellom stranda og kaia. Lyset vart finare for kvar gong. Godt med alt som er gjort.  

Kveld på Røst

Godt nøgde med eigen innsats, vart det kongemiddag i hytta, med schnaps og forrett.




Alle fiskeribedriftene på Røst har laga sin eigen pub, så på alle andre helgedagar enn langfredag er det fint mogleg med ein pubrunde her. Trur Røst konkurrerar knallhardt med Tromsø om flest uteplassar per innbyggar. 

Vårteikn nr 1. 

Neste morgon kom vi oss på ferja, med ei godkjensla av å ha vore på Røst, men med nok ugjort til å ville komme att.  

Holme nr 2 er eigd av Italia, og fiskeskulpturen i innseglinga er ikkje fisk, men ei nise. Jepp. Ikkje noko falske fakta her i garden. Rein sanning. 

 Skal ein hit ut må ein igrunn lese seg opp; Querini, opera, vennskap og handel med Italia, sjørøverar, forlis, kriminelle søringar som vart sendt nordover for å befolke øyane (ref stadnamnet Tjuvøya), sunnmøringar som for til Røst i staden for til Amerika, gullring og gløymte gryter med gull, for å nemne noko. Harde liv og tøffe folk, matfat som både gav og svikta, og imponerande kontakt med omverda.

Skomvær fyr - og hit kom vi oss altså ikkje. Mindre vind og betre lukke neste gong?

Desse øyene har vi faktisk padla rundt, men det var greit å ta ferja i dag. 
Stiv kuling på Vestfjorden er for drøyt for kajakk. 


Røstlandet. Kul plass. 

Spasertur på Røst, kart frå Kristin (endomondodronninga) 

Det vart vel ei mil gåing, og knappe 2 km padling. 
Målingane på flyplassen: 10 m/s i middelvind heile dagen, kast inntil 14,5 m/s)

Note to self: 
Ta med kajakktralle på alle slike destinasjonar
April = vinterpadling og tele - ta med spikarpluggane (som Kristin rett nok påpeika allereie før avreise..)
Sjekk om kajakken er jamnlasta, skim'en krev at eg tenker meir vekt framme enn Nukaen.
Aspargesrett: Ridderost og skinke - knallgodt