Det var ein nydeleg haustdag i Lofoten. Dette var kanskje siste sjanse å komme seg på Vågakallen i løpet av 2016, så vi var ein fin gjeng som la avgarde. Ingrid og eg hadde sett bort på Vågakallen frå kontoret heile året, og drøymt om turen. Fjellet stikk seg fram frå alle kantar og er eit skikkeleg landemerke i Lofoten. Vi var litt spente på terrenget. Eit av svaa som ein må over er kjent som "Taket" og det er stadig vekk små hendingar og redningsaksjonar her.
Djupdalen. Sti over halvstore rullesteinar langs vatnet.
I morgontimane var det undersolt og mørkt i dalen, men sola på toppane og klår himmel lova godt.
Det var ikkje veldig tydeleg sti opp til skaret.
Opp til skaret var det steinete og laust, og sikkert eit mareritt å gå om sommaren med mykje folk og uvante fjellvandrarar. Denne dagen var vi aleine i fjellet. På austsida av skaret var det graskledde bakkar og tydeleg sti vidare.
Mot toppen. Uren luren.
Taket.
Eg pingla ut ved taket. Det var ikkje veldig langt, eller veldig bratt, men det er akkurat slike sva som triggar høgdeskrekken min. Eg såg meg sjølv liggande i ein blodpøl nedanfor berga, og let dei andre få gå vidare aleine. Det å ha ein svært levande fantasi har sine sider. Det var uansett ikkje feil å sitte i solveggen ca 750 meter over havet og skue over Vestfjorden og Lofotfjell.
Mot vest over til Vestvågøy og Himmeltind
Nordaust over Austvågøya mot tinderekka ved Raftsundet; Rulten, Higraftind med fleire
Sørvestover mot Vestvågøy og Flakstadfjella
Henningsvær og Vestfjorden
Der var dei andre på toppen!
Returen over taket:
Konsentrert gjeng
Då var det samla flokk ned att. Låg sol, strålande haustfargar og ein nydeleg dag på tampen av sesongen.
Djupdalen i solnedgang.
Alle var nøgde med turen, og eg angra meg ikkje. Toppen ligg der til seinare. Fin tur, men krevjande terreng. Laust fjell og mykje småstein, sti i renne og nokre bratte parti. Det vil vere glatt å komme seg ned og ut Djupdalen om det frys på, så ikkje rekn med at det er forhold her i oktober. Bruk vett og ha respekt! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar