mandag 26. februar 2018

Rundt Uksebåsen/Hamnøya

25.02 Summen av padleabstinens, grått ver og skulderskade resulterte i ein tur i skjergarden aust om Valderøya. Vinterpadling i vårt eige omland er det ikkje ofte vi gjer! Det at nokon hadde filma spekkhoggar her to dagar før gjorde ikkje området mindre interessant. Kenneth vaks opp her, og guida oss gjennom barndommens rike med mange gode historier. Det var mykje å sjå, og fin padling rundt øya. Ramnhola, vrak, ørner i fleng, sjølvsagt ein ramn, sjølvsagt litt plastsøppel og lunsj på gamle tufter. Innhaldrikt og RETT i nabolaget.


Dagens hotspot - lagt på ryddeminnet

Kenneth sa: Vi lunsjar ved Treet. Eg skjønte med ein gong kva han meinte då vi fekk dette synet midt i mot: 

Treet. 

Her låg det ein gard i gamle dagar, No var det berre nokre låge tufter og tuntreet att, og perfekt tørrgras å sitte i for ein vintersøndagslunsj. 

Fjorden full av folk!

På heimveg møtte vi ein gjeng med padlarar. Kjekt at padleinteressa tek seg opp, og det er verkeleg mange fleire som er ute i kajakk no enn då eg kom til Sunnmøre i 2011. 

Ingen kval, men fin runde på 10 km.

Eg vart nyfiken nok til at eg må på biblioteket for å skaffe meg lokal info om desse øyene. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar